I statsbudsjettet for 2026 har partia på Stortinget blitt einige om at den nye ordninga skal omfatte 189 av dei 357 kommunane i landet.
Det utgjer over halvparten av kommunane i Noreg, og omfattar dei minst sentrale kommunane på nivå 5 og 6, ifølge sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette kjem i tillegg til den eksisterande ordninga for gjeldsslette i kommunane i innsatssona Finnmark og Nord-Troms.
Dei som bur der, kan no få 60 000 kroner sletta per år, ei fordobling frå 2025.
Den nye ordninga for gjeldslette i distriktskommunar inneber at:
- du som bur i desse kommunane kan søke om å få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda kvart år.
- det er inga tidsavgrensing på kor mange år du kan få sletta utdanningsgjeld.
- gjeld frå utdanning og opplæring som er teke, på alle nivå, kan slettast (inkludert folkehøgskule, grunnskule og vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning).
- du må ha vore i jobb i minst eitt år før du søker om gjeldsslette.
- du må ha budd i ein av kommunane som er med i ordninga i minst eitt år før du søker om å få sletta utdanningsgjeld.
Se hvilke kommuner det gjelder her.
LES OGSÅ: Arbeidslivet er i rask endring – trenger du påfyll?