"Nordstjernen" til Svalbard

Gode, gamle "Nordstjernen" er sjartret for korte cruiseturer ved Svalbard.

Den gamle hurtigruta "Nordstjernen" skal no gi Hurtigruten og dotterselskapet Svalbard Travel auka kapasitet på ekspedisjonstrafikken på Svalbard, skriv Nynorsk Pressekontor. 

Svalbard Travel har sjartra Nordstjernen frå Nordhordland Dampbåtlag som kortturskip til Svalbard dei neste sesongane. Det er ein marknad i vekst, fortel konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten

Tags