Stans i laksefisket i Tanavassdraget i 2021

Noreg og Finland har blitt einige om å ikkje opne for noko laksefiske i Tanavassdraget den kommande fiskesesongen. Stansen gjeld alle reiskapar og alle delar av vassdraget.

-Den siste statusrapporten for laksebestandane i Tanavassdraget viste at fleire av dei største bestandane ikkje lengre har noko haustbart overskot, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Stansen i laksefisket i 2021 skjer i tråd med artikkel 16 i Tanaavtalen, der partane har ei plikt til å avgrense eller stanse fisket dersom tilhøva i vassdraget, slik som kritisk svikt i oppgangen av laks, tilseier det.

Lokale rettshavarar på begge sider av vassdraget har vore involverte i diskusjonane. På norsk side har stansen i laksefisket støtte frå dei lokale representantane.