home

Fiskevær freda

Fredag vedtok Kongen i statsråd å frede Henningsvær kulturmiljø i Vågan kommune. Det er det trettande kulturmiljøet som vert freda på denne måten. Fiskeværet fortel ein viktig del av Noreg si historie, skriv Regjeringen i ei pressemelding.

– Henningsvær er eit av våre historisk viktigaste fiskevær og fortel ein viktig del av Noreg si historie. Kulturmiljøet er av nasjonal verdi og syner utviklinga frå rorvær til moderne fiskevær frå 1800-talet til i dag, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Føremålet med fredinga er å bevare Henningsvær kulturmiljø som eit godt døme på utviklingshistoria langs kysten. Fiskeværet syner utviklinga frå rorvær til moderne fiskevær med variert næring frå byrjinga av 1800-talet til i dag.

Powered by Labrador CMS