Svalbard: Testar bergvarme på nytt skulebygg

Svalbard Folkehøgskole, modell.
Slik er det nye folkehøgskule-bygget på Sjøskrenten i Longyearbyen tenkt. Store Norske ynskjer å sjå om det er mogeleg å hente varme frå jorda, varmeenergi som kontinuerleg blir danna langt inne i jordkloten, til å varme opp bygget. Varmeenergien strøymer heile tida frå jordas indre og ut mot den kalde skorpa. Ved Longyearbyen er det om lag 44 grader varmt en kilometer under permafrosten. (Illustrasjon: Link arkitektur)
Store Norske vil varme det nye folkehøgskule-bygget i Longyearbyen med energi frå djupet. Selskapet har òg søkt pengar til eit stort samarbeidsprosjekt for energiforsking.

Store Norske har fått 800.000 kroner i støtte frå Enova for å sjå om det er mogeleg og lønsamt å varme opp folkehøgskulen på Svalbard med djup bergvarme.

Longyearbyen er godt eigna, ifølgje geolog og fagleg prosjektleiar Malte Jochmann i Store Norske. Temperaturen nedover i berget stig opp mot 44 grader per kilometer. Til samanlikning er det rundt 27 grader på 1,5 kilometers djup ved avisingsstasjonen på Gardermoen.

Malte Jochmann.
Malte Jochmann er seniorgeolog i Store Norske og fagleg prosjektleiar for oppvarminga av folkehøgskulen. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Malte Jochmann er seniorgeolog i Store Norske og fagleg prosjektleiar for oppvarminga av folkehøgskulen. Foto: Line Nagell Ylvisåker

– Ein viktig del av arbeidet i Longyearbyen blir å finne ut korleis me kan unngå at permafrosten i området tiner, seier Jochmann.

Om den tiner, kan det fører til søkk i bakken, og at leire og gass kjem i rørsle.

Store Norske skal undersøke kva som finst av løysingar mellom anna i oljenæringa i Alaska og Sibir.

– Me vil truleg gå vidare med ein modell for aktiv kjøling. Det vil seie fòringsrøyr som er isolert med kuldesløyfe på utsida, eller ei løysing med kjølebrønnar rundt sjølve produksjonsbrønnen, seier geologen.

Kan gå fort

I løpet av året skal prosjektgruppa rekne seg fram til ein pris per kilowattime for bergvarmen. Om det viser seg å vera lønsamt, kan det gå fort å få brønnen på plass.

– Folkehøgskule-campusen skal byggjast neste år. I beste fall kan me byrja med boringa allereie då. Men sidan området er kopla til sentralvarmenettet i byen, er det ikkje kritisk at arbeidet blir gjort samstundes. Bergvarmen kan koplas til etterpå, seier Jochmann.

Folkehøgskulen er eit testprosjekt som òg vil vise om det kan vera mogeleg og lønsamt å utnytte djup bergvarme for heile Longyearbyen.

Isfjord radio.
Den gamle radiostasjonen Isfjord Radio på Kapp Linné ved utløpet av Isfjorden er eigd av Store Norske. Den gamle radiostasjonen er no villmarksotell. Store Norske testar dei nye energiløysingane sine her. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Den gamle radiostasjonen Isfjord Radio på Kapp Linné ved utløpet av Isfjorden er eigd av Store Norske. Den gamle radiostasjonen er no villmarksotell. Store Norske testar dei nye energiløysingane sine her. Foto: Line Nagell Ylvisåker

– Kva må til for å kople heile byen på bergvarme?

– Då må me bore djupare. Kan hende oppdagar me då mogelegheiter me ikkje kjenner til før me byrjar å bore. Kanskje ligg det varmt vatn i grunnen som me kan pumpe opp. Då vil me få mykje høgare effekt, seier Jochmann.

Store Norske samarbeider med Geothermal Energy Nordic og Universitetssenteret på Svalbard om prosjektet.

Parallelt med Store Norske sitt prosjekt med djup bergvarme, ned mot 2000 meter, jobbar Longyearbyen lokalstyre med å sjå om det er mogeleg å bruke grunne bergartar til energilagring, som  ein termos.

Les også:

Satsar på energisystem

Geotermi-prosjektet er ein del av Store Norskes satsing på å utvikle uavhengige, fornybare energisystem som kan seljast til andre arktiske utpostar. Dei fleste av desse går i dag på diesel.

Frå før jobbar Store Norske med ei energiløysing for villmarkshotellet Isfjord Radio ytst i Isfjorden som dei sjølve eig. Der ynskjer dei å fase ut diesel og heller bruke energi frå sol og vind. No held Store Norske på å bygge batteri og termisk lager på Isfjord Radio. Seinare i sommar skal dei sette opp eit midlertidig anlegg for solceller på badstua, medan dei ventar på løyve frå Riksantikvaren til å ha solceller på sjølve stasjonen.

– Med solceller på badstua vil me får data om solproduksjon, og me kan programmere solceller inn i styringssystemet for hybrid-energi, seier Guttorm Nygård som leiar energisatsinga til Store Norske.

Guttorm Nygard.
Guttorm Nygård leiar energisatsinga til Store Norske. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Guttorm Nygård leiar energisatsinga til Store Norske. Foto: Line Nagell Ylvisåker

På sikt kan det bli aktuelt å bytte ut dieselaggregata med for eksempel ei hydrogenløysing for at anlegget skal bli heilt fritt for utslepp.

Stor søknad til forskingsrådet

I tillegg til desse to konkrete prosjekta, har Store Norske søkt Noregs forskingsråd om midlar til storprosjektet Grøn plattform, knytt til fornybar energi i arktiske samfunn. Totalkostnaden på prosjektet er 160 millionar kroner over tre år.

– Det passar perfekt i høve til omstillinga som både Store Norske og Longyearbyen er inne i, seier Nygård.

Han fortel at prosjektet vil bidra til grunnforsking mellom anna på effektar på fornybar energi, produksjonsløysingar, sosiale effektar samt ramme- og marknadsvilkår for å gjere fornybar energi konkurransedyktig med diesel.

Håper på pangstart

I prosjektet ligg det òg å etablere ein node til katapultmiljøet Sustainable Energy på Stord. Målet er å sette opp testsenter for hydrogenproduksjon på Svalbard med elektrolyse, lagring av hydrogen på tankar og produksjon av energi frå hydrogen gjennom brenselceller. I tillegg vil dei teste logistikk knytt til hydrogen, gjennom frakt av hydrogen frå Berlevåg til Longyearbyen.

Det termiske lageret på Isfjord Radio er under bygging
Termisk lager: Det termiske lageret på Isfjord Radio er under bygging. Eit termisk lager er eit batteri for varme. På Isfjord Radio består dette av tolv store «termosar» som lagrer overskuddsvarmen, i form av varmtvann, som produseres fra dieselaggregatene. (Foto: Mons Ole Sellevold)
Termisk lager: Det termiske lageret på Isfjord Radio er under bygging. Eit termisk lager er eit batteri for varme. På Isfjord Radio består dette av tolv store «termosar» som lagrer overskuddsvarmen, i form av varmtvann, som produseres fra dieselaggregatene. (Foto: Mons Ole Sellevold)

Store Norske står som hovudsøkjar og prosjektleiar. Saman med SINTEF, Universitetssenteret på Svalbard, Longyearbyen Lokalstyre og Cicero har dei gjennom våren arbeidd med å samle ei gruppe samarbeidspartnarar om ein strategi og å skrive søknaden. Til saman er det 17 næringsaktørar med i samanslutninga, i tillegg til forskingsinstitusjonar og referansegrupper.

Svar kan dei først venta seg i midten av september.

– Om me får støtte, vil dette vera ein pangstart på noko me lenge har hatt lyst til å få til i Longyearbyen. Å utvikle eit kompetanse-  og testsenter, og bli eksportør av fornybare energiløysingar i Arktis, seier Nygård.

Energi i Longyearbyen:

Regjeringa har bestemt at kolkraftverket i Longyearbyen skal fasast ut. Avhengig av kva løysing som blir valt kan eit nytt energiverk vera på plass innan to til fem år.

Dagens energiverk har store vedlikehaldskostnadar og gir høge utslepp av CO2.

Regjeringa skal koma med ein energiplan for Longyearbyen i statsbudsjettet for 2022.

Svea Nord-gruva er lagt ned og Gruve 7, den siste kolgruva til Store Norske, skal leggjast ned i samband med at energiverket får ny energiberar. Store Norske og Longyearbyen må derfor finne andre bein enn kol å stå på.

Nøkkelord