Drar til USA for å forske på Noregs sikkerheit
Korleis påverkar stormaktrivalisering og uroa i verda sikkerheitssamarbeidet mellom Noreg og USA i Arktis? Det skal forskar Beate Steinveg ved Nord universitet finne svar på i eit nytt forskingsprosjekt.
Prosjektet tek utgangspunkt i ei verd med aukande spenningar: Russland si krigføring mot Ukraina, Kina sine globale ambisjonar og endringar i amerikansk utanrikspolitikk.
– Vi står midt i ei tid der geopolitiske endringar skjer raskt og sikkerheita i nordområda er truga. Arktis er ikkje lenger ein isolert region, det som skjer her er ein del av eit globalt maktspel, seier Steinveg.
Steinveg er tildelt det prestisjefylte Fulbright-stipendet, og i desember flyttar ho til Washington D.C. og Georgetown University.
Forskarstipendet har høg anerkjenning, særleg grunna sitt formål om å fremje akademisk samarbeid mellom Noreg og USA. Sidan 1949 har nokre tusen studentar og forskarar reist til USA gjennom denne ordninga.
LES OGSÅ: Grønland inngår avtale med japansk fredsstiftelse: Vil bli et arktisk samlingspunkt for fred