Torskekvoter skakar Svalbardtraktaten

Torsketråler
Då Storbritannia gjekk ut av EU, blussa striden om fiskerettane kring Svalbard opp. (Illustrasjonsfoto av torsketråler: Stein Harris Olsen, Nofima)

Brexit og fordeling av torskekvoter opna gamle sår. No risikerer norske styresmakter konflikt med andre statar om rekkevidda av Svalbardtraktaten, meiner professorar.

I havet kring Svalbard siglar fiskebåtar med flagg i alle fargar på jakt etter torsk. Lenge var fisket utan dei store gnissingane, men då Storbritannia gjekk ut av EU, blussa striden om fiskerettane kring Svalbard opp.

Norske styresmakter meiner Svalbardtraktaten berre gjeld i sonen tolv nautiske mil frå land. I havet utanfor gjeld havretten, som gir Noreg suverene rettar.

I 1975 fekk kyststatar rett til ei 200-mils eksklusiv økonomisk sone. Då Noreg ba om støtte frå sine allierte til å opprette tilsvarande sone kring Svalbard, møtte dei motstand.

Noreg valde i 1977 å opprette ei fiskevernsone kring Svalbard med kvoter til landa som hadde historisk fiske i dette farvatnet. Det for å unngå konflikt med andre statar om tolkinga av Svalbardtraktaten i havområda.

– Dette har fungert lenge, men no risikerer me likevel konflikt. Brexit opna gamle sår, seier professor Geir Ulfstein ved institutt for offentlig rett ved Universitetet i Oslo.

Kan skape trøbbel på land

Etter Brexit fordelte EU og Storbritannia den historiske EU-kvota mellom seg. I kjølvatnet av dette gjorde EU det klart at dei meiner Svalbardtraktaten gjeld i 200-milssona utanfor Svalbard. Forståinga av at traktatpartane kan fastsette eigne kvoter for fisket om Noreg ikkje likebehandlar i fiskevernsona opnar for eit farleg spel om Svalbard, skriv Geir Ulfstein, Tore Henriksen og Alf Håkon Hoel i ein artikkel i Rett 24.no.

Skjermbilde fra Marine Traffic
Skjermbilde frå Marine Traffic frå mandag morgon, som viser aktivitet kring Svalbard. Dei fleste fiskebåtene som er oppgitt med nasjonalitet er russiske.
Skjermbilde frå Marine Traffic frå mandag morgon, som viser aktivitet kring Svalbard. Dei fleste fiskebåtene som er oppgitt med nasjonalitet er russiske.

– Då vil implikasjonen vera at kvar gong andre statar er usamde i kvoter, vil dei kunne fastsette eigne kvoter. Om alle land skal sette sine kvoter, er det oppskrifta på kaos og nedfisking av fiskebestanden, seier Geir Ulfstein til High North News.

– Kan torskesaka med EU få konsekvensar for sjølve Svalbardtraktaten òg?

– Det kan få konsekvensar for sjølve traktaten. I denne konflikten dreier det seg om fiskekvoter. Men om EU og andre land seier at Noreg aleine ikkje har rett til å sette kvoter, kan det sjåast som ein trussel mot suvereniteten på øyene også. At ein ikkje aksepterer norske reguleringar, og at om ein ikkje er samd i norske reguleringar, kan ein gjere som ein vil. Det er ytste konsekvens, men no handlar det om fiskeri i 200-milssonen ved Svalbard, svarar Ulfstein.

– Om Noreg har vore redde for konflikt om havområda kring Svalbard, kvifor valde då styresmaktene å sjå bort frå torskekvota som EU og Storbritannia var samde om?

– Det er nok spørsmål om Noreg hadde noko val, ettersom EU og Storbritannia opererte på eiga hand. Førebels gjeld konflikten berre EU, det har ikkje kome noko frå Storbritannia. Den norske linja baserer seg på historisk fiske, og den gjeld framleis overfor dei landa som er att, forklarar Ulfstein.

Handlar om respekt

Satssekretær Eivind Vad Petersson i UD seier at torskekonflikten handlar om respekt for norske suverene rettar og Norges rett til å regulere i norske områder.

Statssekretær Eivind Vad Petersson
Statssekretær Eivind Vad Petersson. (Foto: Sturlason)
Statssekretær Eivind Vad Petersson. (Ap) (Foto: Sturlason)

– Det er ikkje Svalbardtraktaten som regulerer fisket i fiskevernsona ved Svalbard. Når EU på eigahand har tildelt seg sjølv kvoter i fiskevernsona, er det i strid med Norges suverene rettigheter etter havretten, seier han. 

Etter torskekonflikten har EU også kritisert Noreg og Russland for å dele ut kvoter til meir torsk i sine felles områder i Barentshavet, enn det som er bærekraftig. Det til tross for at den norsk-russiske forvaltninga er basert på vitskaplege råd frå Det internasjonale råd for havforskning.

Statssekretæren seier at torskebestanden i Barentshavet er blant dei best forvalta i verda.

– EUs handlemåte undergraver ansvarlig ressursforvaltning. Det er ingen tent med på sikt. Heller ikkje EU, seier Petersson.

– Brekkstang

Nils Kristian Sørheim Nilsen er direktør i Nord-Norges Europakontor i Brüssel.

Han fortel at det er mykje som tyder på at EU ynskjer å teste jurisdiksjonen rundt Svalbardtraktaten. Samstundes er nok dette eit politisk spel frå EU si side. Storbritannia tek med seg ei kvote ut av EU, og EU har ein for stor fiskeflåte og for lita fiskekvote i utgangspunktet.

Nils Kristian Sørheim Nilsen er direktør i Nord-Norges Europakontor i Brüssel.
Last November, Nils Kristian Sørheim Nilsen, Director of the North Norway European Office, appealed to North Norwegian politicians. He sees a need to have a political ‘mobilisation army’ in the region. Soon, he is heading north, with a group of MEP’s and political advisors in his entourage. (Photo: Emil Bremnes)
Nils Kristian Sørheim Nilsen er direktør i Nord-Norges Europakontor i Brüssel. (Foto: Emil Bremnes)

– EU bruker dette som brekkstang både for å teste juridiske rettar og for å avklare for kven som har rett til å fastsette kvoter, seier Sørheim Nilsen.

– Kva kan EU gjere for å løfte opp problemstillinga?

– Dei har trua med sanksjonar mot Noreg. Avgrensing i marknadstilgang på fisk kan vera ein måte, seier han.

Sørheim Nilsen samanliknar torskekvotesaka med snøkrabbe-konflikten som var oppe i Høgsterett i Noreg. Det gjer òg Andreas Østhagen ved Fridtjof Nansen Institutt.

Han meiner torskesaken, slik som snøkrabbesaka, er med på å gjera det tydelegare kva Noregs posisjon i desse havområda er.

– Snøkrabbesaken har gjort det norske byråkratiet enda meir bevisst på kva norske interesser i dette området er. Fleire eg har snakka med seier dette er ei kjerneinteresse for Noreg. Me forhandlar ikkje om fiskeriforvaltning og havrett, seier han.

Fleire ressursar

Konflikten er større enn torsk på fleire måtar. Det er fleire ressursar i havet og på havbotnen kring Svalbard. På sokkelen utanfor Svalbard, som EU og andre land ikkje anerkjenner som norsk, kan det vera olje og gass i tillegg til krabbe.

Det er Noreg som til slutt regulerer fisket i vernesona.
Statssekretær for fiskeri- og havministeren, Vidar Ulriksen (Ap).

Norsk høgsterett slo i 2019 fast at Noreg har full rett til å nekte EU tilgang til snøkrabbe innanfor vernesona som Noreg meiner er norsk. Ifølge ein artikkel i Forsvarets forum av journalistprofessor Rune Ottosen har det latviske selskapet som tapte i høgsterett tatt saka vidare, og den har potensial for å hamne i den internasjonale domstolen i Haag.

Rederi til sak mot staten

Medan snøkrabbe er ein ny ressurs som blir knytt til havbotnen, har torskefiske ein lang tradisjon i Svalbard-sonen.

16 rederi frå  EU og Storbritannia har no gått til søksmål mot den norske staten ved Nærings- og fiskeridepartementet i torskekvotesaka. Dei meiner det ikkje var riktig av den norske staten å redusere fiskekvotene etter Brexit, og viser igjen til at Noreg handlar i strid med Svalbardtraktaten, som dei meiner gjeld også i 200-milssona.

Ifølgje Oslo Tingrett er det satt opp eit nytt planleggingsmøte om saka 6. januar og hovudforhandlingar frå 7. til 11. mars neste år.

Ulfstein, Tore Henriksen og Alf Håkon Hoel skriv i artikkelen i Rett 24 at usemja om kvoterettigheter til andre statar i fiskevernsona og forholdet til Svalbardtraktaten er meir eigna til å bli handsama på mellomstatleg nivå.

Statar pliktar å løyse sine rettstvistar gjennom fredeleg tvisteløysing. Det kan skje gjennom politiske så vel som rettslege verkemiddel. I første omgang er forhandlingar mest aktuelt. Dersom dette ikkje fører fram, kan tvisten i siste omgang bli brakt inn for en internasjonal domstol, som avgjer den med en rettsleg bindande dom.

Håper på løysing gjennom dialog

Utanriksdepartementet viser vidare til Nærings- og fiskeridepartementet på spørsmål om korleis norske styresmakter vil handtere saka vidare.

Statssekretær Vidar Ulriksen fortel at det var ein særskilt situasjon i fjor haust, då EU og Storbritannia heldt på med forhandlingane om sitt framtidige tilhøve og ikkje prioriterte andre ting. Både EU og Storbritannia vart likevel orienterte om korleis vi ville fastsetje kvotene for 2021 i fiskevernsona ved Svalbard.

Statssekretær Vidar Ulriksen (Ap)
Statssekretær for fiskeri- og havministeren, Vidar Ulriksen (Ap). (Foto: Regjeringen)
Statssekretær for fiskeri- og havministeren, Vidar Ulriksen (Ap). (Foto: Regjeringen)

– Korleis følgjer de opp konflikten vidare?

Det har vore mykje kontakt mellom Noreg og EU gjennom året om denne saka, men uansett er det Noreg som til slutt regulerer fisket i vernesona, svarar Ulriksen.

Norske styresmakter håper usemja kan løysast gjennom dialog.

– Men dersom nokon ønskjer å ta saken inn for ein domstol, er vi ikkje redde for det, seier Ulriksen.

Kvotene fylt opp

I september skreiv Aftenposten at Noreg erklærte at landet vil sende Kystvakta inn for å arrestere fiskebåtar som fiskar meir enn kvota Noreg har bestemt.

Då High North News tok kontakt med Nærings- og fiskeridepartementet torsdag 2. desember, hadde EU fiska 98 prosent av 2021-kvota i Noregs økonomiske sone, inkludert Svalbard-sona. Fiskebåtar frå Storbritannia hadde fiska 99 prosent av kvota si.

Ulriksen fortel at fisket er stansa for fartøy både frå EU og frå Storbritannia. Kystvakta følgjer rutinemessig med på kva som skjer på havet og gjer det no også, utan at det er noko spesielt med det. Departementet legg til grunn at ansvarlege styresmakter ikkje vil tilskunde til ulovlege handlingar.

– Har EU varsla sanksjonar og restriksjonar i marknadstilgang for Noreg grunna konflikten knytt til torskekvoter i Svalbard-sonen? 

– Nei, vi har ikkje fått varsel om noko slikt, seier Ulriksen.

– Er det aktuelt for Noreg å auke EU-kvotene for neste år? 

– Reguleringa av torskefisket i vernesonen er enno ikkje fastsett, svarar statssekretæren.

Les også:

Nøkkelord