Ukraina-krisen: Russisk reiselivssjef mot regimet

Timofey Rogozhin bur no i Longyearbyen
Timofey Rogozhin bur no i Longyearbyen. 16 timar i døgnet jobbar han med ein eigen informasjonskampanje om krigen i Ukraina. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

I fjor slutta Timofey Rogozhin som reiselivssjef i det statseigde selskapet i Barentsburg. Først no fortel han offentleg kva som skjedde.

Hausten 2020 kom Timofey Rogozhin småspringane ned trappene frå sentrum i Barentsburg då eg skulle til det russiske samfunnet på reportasjetur. Reiselivssjefen i det russiske statseigde selskapet Trust Arktikugol nikka kort. Han skulle ut og fiske, men me fekk intervjuavtale med han dagen etter.

Frå Rogozhin kom til selskapet i 2014 og fram til 2020 vaks reiselivet i Barentsburg kraftig. Dei gjekk frå to til 80 tilsette.

I 2. etasjen i bygget som husar reiselivsselskapet og postkontoret, fortalde han at fisk i restauranten og fiske som reiselivsprodukt var noko han ønska å utvikle.

Eit drygt halvår seinare, i april 2021, søkte Rogozhin etter fleire leiligheiter i Longyearbyen. Ikkje lenge etter såg eg fleire av dei reiselivstilsette frå Barentsburg i Longyearbyen. Kva skjedde?

Kritiserte styresmaktene

17. mars 2022 kjem mannen med det raudlege skjegget gjennom gågata i Longyearbyen i plaskande regn. Han har tatt seg ein pause frå arbeidet med å informere russarar om kva som eigentleg skjer i Ukraina, og fortel at det er informasjon han driv med no, 16 timar i døgnet.

Eg har kritisert regjeringa jamleg sidan 2005.
Timofey Rogozhin, tidligere reiselivssjef i det russiske statseigde selskapet Trust Arktikugol

Han stiller seg opp på torget så underteikna får teke eit nytt bilete av han.

Sjølv meiner han engelsken ikkje er god nok for intervju, så han har skrive ned historia si i ein epost:

Heilt sidan han var born, i Sovjet-tida, har han sagt kva han meiner. Han vart oppdratt til det, og meiner eg kan skrive at han kjem frå ein familie med dissidentar.

Då Putin kom til makta, skjønte han at ein mann som hadde jobba for KGB, og var involvert i mafia og korrupsjon, ikkje ville vera bra for landet.

– Eg har kritisert regjeringa jamleg sidan 2005. Sidan 2012, har eg vore i opposisjon i mange saker. Etter annekteringa av Krim i 2014, vart eg hardline opposisjonell, skriv han.

Barentsburg
Ifølgje Sysselmannen bur det bur det 120 russarar og 220 ukrainarar i Barentsburg no. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Ifølgje Sysselmeisteren bur det 120 russarar og 220 ukrainarar i Barentsburg no.

Ein av grunnane til at russaren kom til Svalbard, var at det var blitt særs vanskeleg å realisere seg sjølv i Russland. For Rogozhin var det umogeleg å bli buande i eit land som var i ferd med å bli ein totalitær stat. Å jobbe for eit statseigd selskap på Svalbard, vart eit slags kompromiss med seg sjølv og med samvitet.

Rogozhin meinte at han kunne vera nyttig for landet sitt (ikkje staten understrekar han, men landet), gjennom å utvikle russisk turisme på Svalbard. Han trudde han kunne få utretta mykje.

– Men eg heldt fram med å kritisere den russiske regjeringa og presidenten, understrekar han.

Ifølgje Rogozhin ga generaldirektør Aleksander Veselov i Trust Arktikugol fleire gongar beskjed om at det ikkje høva seg å kritisere avgjerder frå regjeringa og samstundes jobbe i eit statseigd selskap.

Rogozhin prøvde å vera meir nøyen med formuleringane sine, men slutta ikkje å seie kva han meinte.

Eg ville ikkje skape unødvendige tilleggsproblem for Trust Arktikugol og generaldirektøren.
Timofey Rogozhin, tidligere reiselivssjef i det russiske statseigde selskapet Trust Arktikugol

Seinare fekk reiselivssjefen beskjed om å slutte å kritisere styresmaktene i sosiale medier, sidan han skulle ha fått klagar frå generalkonsulen i Barentsburg, Sergey Gushchin.

Rogozhin forsøkte å skilje mellom sine private haldningar, som borgar av Russland, og rolla som sjef i det statseigde selskapet, og var meir varsam i formuleringane. Men han heldt fram med å kritisere den statlige politikken i reiselivet, i utviklinga av Arktis og i utanrikspolitikken.

Bedt om å slutte

Så kom januar 2021. Aleksey Navalny var arrestert og det var store protestar i Russland. Desse vart slegne ned med vald. Fleire av dei tilsette i reiselivsselskapet til Trust Arktikugol markerte mot det som skjedde. Dei la ut bilete av seg sjølve på Facebook med plakatar i hendene.

– Det var ikkje eg som autoriserte desse markeringane i Barentsburg, men eg støtta kollegane mine og delte deira syn, skriv Rogozhin.

I slutten av mars fekk han ein telefon frå Moskva. Det var generaldirektøren i Trust Arktikugol som ringde og sa Rogozhin burde slutte i jobben som reiselivssjef. Om ikkje, kunne ei rettsforfølging starte. Rogozhin ville ikkje skape trøbbel for sjefen sin og aksepterte å seie opp.

2. april var han ferdig i Trust Arktikugol og byrja arbeidet med sitt eige reiselivsselskap med mellom anna Longyearbyen som base.

Kontoret i Barentsburg der det statseigde reiselivsselskapet Arctic Travel Company Grumant held til.
Kontoret i Barentsburg der det statseigde reiselivsselskapet Arctic Travel Company Grumant held til, og Rogozhin hadde kontor. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Kontoret i Barentsburg der det statseigde reiselivsselskapet Arctic Travel Company Grumant held til, og Rogozhin hadde kontor.

Nokre veker etter at Rogozhin trakk seg som leiar, kom det mange tidlegare guidar og salgsarbeidarar frå Barentsburg til Longyearbyen. Ifølge Rogozhin reiste rundt tjue frå Barentsburg i mai og ti litt seinare.

Kva som eigentleg skjedde, har ikkje Rogozhin villa fortelje offentleg før no.

– Eg ville ikkje skape unødvendige tilleggsproblem for Trust Arktikugol og generaldirektøren. Eg respekterte selskapet, og likte å jobbe der trass i interne problem og motsetningar, skriv han.

Sjølv om dei var usamde i mykje, ser han framleis på Veselov som ein ganske god leiar for Trust Arktikugol. Rogozhin trur heile problemstillinga var initiert av generalkonsulen i Barentsburg.

– Har ytringsfridom i Barentsburg

Generalkonsul Sergey Gushchin i Barentsburg skriv i ein epost til High North News at han er samd med Trust Arktikugol i at det er uforlikeleg å kritisere regjeringsvedtak og samstundes ha ei leiande stilling i eit statseigd selskap.

– Det er bedriftsetikk, felles for alle statlege selskap i verda, skriv han.

Gushchin fortel at han ikkje klaga på Rogozhin, men han informerte russiske styresmakter og direktøren i Trust Arktikugol om at reiselivssjefen støtta offentlige protestaksjonar i Barentsburg. Ein utanfor generalkonsulatet 23. januar 2021 og ein i sentrum av Barentsburg 3. februar 2021.

Gushchin skriv vidare at han ikkje på nokon måte pressa trusten til å gi Rogozhin sparken.

Det russiske generalkonsulatet (t.v.)
Det russiske generalkonsulatet (t.v.). (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Det russiske generalkonsulatet (t.v.).

– Kva for rettsprosess kunne ha starta om Rogozhin ikkje slutta å kritisere styresmaktene?

– Eg veit ikkje. Eg trur det er nokre forskrifter i den russiske straffelova, som i andre lands lover, om å straffeforfølge dei som angrip styresmaktene med falske skuldingar. Men eg er ikkje spesialist på lovgiving eller kva eksakte lovverk som kan gjelde, svarar generalkonsulen.

– Har folk i Barentsburg ytringsfridom? Kan dei kritisere regjeringa og samstundes jobbe for det statseigde selskapet? spør eg.

– Sjølvsagt har folk i Barentsburg ytringsfridom. Dei nyter og nyttar seg av denne fridomen i sosiale netverk kvar dag. Det er noko anna om du har ei leiande stilling i eit statseigd selskap. Som eg sa før, offentleg kritikk av regjeringa di når du har ei leiande stilling i et selskap som er etablert og drevet av regjeringa, er ikkje i samsvar med bedriftsetikken.

Ukrainarar får forlenga kontrakt

Ifølgje Gushchin er det folk i Barentsburg i dag som opent er mot det generalkonsulen kallar «den russiske militære spesialoperasjonen». 

– Det skjer ikkje noko med dei, dei får halde fram med å jobbe i Barentsburg, skriv Gushchin.

Han fortel at ukrainarar no føretrekker å bli i Barentsburg, arbeide ei stund, sjå kva som skjer og vente på meir stabile tider. Som ein regel kan dei få arbeidskontrakten hjå Trust Arktikugol forlenga.

– Har det vore spenningar mellom innbyggjarar i Barentsburg med ulikt politisk syn?

Barentsburg er tufta på kolgruvedrift.
Barentsburg er tufta på kolgruvedrift. Dei fleste av gruvearbeidarane kjem frå Donbass-området aust i Ukraina. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Barentsburg er tufta på kolgruvedrift. Dei fleste av gruvearbeidarane kjem frå Donbass-området aust i Ukraina.

– Det er nokre spenningar på sosiale media som Facebook og WhatsApp, men det utviklar seg ikkje til synlege konfliktar. Folk i Barentsburg har ei lang tradisjon for å støtte kvarandre i vanskelege situasjonar, stå saman og hjelpe kvarandre. Denne tradisjonen lever framleis.

– Kva vil skje med russarar som opent seier at dei er mot krigen når kontrakten går ut og dei reiser heim til Russland?

– Eg veit ikkje kva som vil skje med dei i Russland. Om dei held fram med sine offentlege protestar mot den militære spesialoperasjonen, reknar eg med at dei vil måtte betale ei bot i samsvar med den nyleg vedtekne lovgivinga, svarar Guhshin i eposten.

– Kva er ditt syn på det som skjer i Ukraina?

– Mitt syn er på linje med synet til presidenten og den russiske regjeringa: Russland trengte å starte denne militære spesialoperasjonen for å få slutt på krigen som Ukraina har ført i Donbass sidan 2014, for å reinse Ukraina frå nazistiske militante og propaganda, og å syte for langsiktig tryggleik for Russland, svarar generalkonsulen.

Dette slår sjølvsagt negativt ut både for trusten og for folk i Barentsburg.
Generalkonsul Sergey Gushchin i Barentsburg

Nok mat og kol

Ifølgje generalkonsulen er situasjonen i Barentsburg stabil. Dei har hatt ei bølgje av corona-smitte nyleg, men denne held på å legge seg. Dei har nok mat og andre produkt til dei lokale butikkane, og nok kull til å forsyne kraftverket.

Fleire selskap i Longyearbyen har støtta Svalbard Reiselivsråds oppmoding om ikkje å kjøpe varer og tenester av Trust Arktikugol.

– Dette slår sjølvsagt negativt ut både for trusten og for folk i Barentsburg. Reiselivsselskapet Grumant, som er eigd av trusten, tapar pengar kvar veke. Eg kan ikkje seie nøyaktig kor mykje pengar, men det er eit betydeleg beløp. Fortenesta til selskapet blir generelt nytta til vedlikehald av vegar og annan infrastruktur, reparasjon av bygningar og liknande.

Rogozhin tok mellom anna initiativet til å bygge opp ein hundegard i Barentsburg.
Rogozhin tok mellom anna initiativet til å bygge opp ein hundegard i Barentsburg. Hundesledekøyring er eit av turistprodukta der. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Rogozhin tok mellom anna initiativet til å bygge opp ein hundegard i Barentsburg. Hundesledekøyring er eit av turistprodukta der.

– Så me kan seie at vanlege folk i Barentsburg også lider av denne boikotten, skriv generalkonsul Gushchin.

Han meiner folk i Longyearbyen ikkje bør støtte boikotten.

– Det bryter med den arktiske solidaritetsanda me har hatt stor respekt for i fleire tiår, om ikkje hundreår her på Spitsbergen. Det skadar den gjensidige støtta og forståinga mellom Barentsburg og Longyearbyen, skriv Gushchin.

Generalkonsulen meiner me bør halde fram med å utvikle «folk til folk»-kontaktar og ikkje stimulere til «folk mot folk»-stemningar.

Vil til Ukraina får å hjelpe

Tilbake i regnet i Longyearbyen spør eg den tidlegare reiselivssjefen Timofey Rogozhin kva han trur han vil oppnå med postane om krigen som han legg ut på Facebook og Telegram. Han legg ut foto og videoar frå Ukraina og Russland med eigne analyser.

På Svalbard held me fram med å vera vener, russarar og ukrainarar.
Timofey Rogozhin, tidligere reiselivssjef russiske statseigde selskapet Trust Arktikugol

Rogozhin ser på invasjonen i Ukraina som brotsverk, og på regjeringa og presidenten som militære lovbrytarar. På sosiale media kallar han både innanriks- og utanrikspolitikken for fascisme. Han skil land og folk frå stat, regjering og president. Han meiner at staten, statlege tenestemenn og statlege selskap er medskuldige i brotsverk. Generalkonsulatet i Barentsburg og Trust Arktikugol er ein del av den russiske staten.

Han støttar selskap i Longyearbyen som boikottar Trust Arktikugol, men skriv dette:

– På Svalbard held me fram med å vera vener, russarar og ukrainarar. Eg meiner òg at relasjonane mellom folk i Barentsburg og Longyearbyen må takast vare på, skriv han.

Seinare skriv han til meg på melding at han tenkjer mykje på om det eigentleg har nokon nytte. Nokre gonger vaknar han og tenker at det ikkje har nokon betyding. Men han får massevis av meldingar frå ukrainarar som skriv at det er veldig viktig for dei. Dei føler støtte og dei treng det, og at det å sjå at nokon fortel sanninga om krigen er til stor hjelp.

Støtta er til større hjelp enn det ville ha vore om han kom til Ukraina for å hjelpe humanitært. Rogozhin prøver også å nå folk i heimlandet Russland med informasjonen, men det er vanskelegare. Dei ser ikkje ut til å endra meining. Men russarar i andre land i verda seier det er viktig at han held fram. Både å fortelje om Ukraina og kva som skjer i Russland. Derfor føler han at det han gjer er viktig.

Lenin-statuen i sentrum av Barentsburg.
Lenin-statuen i sentrum av Barentsburg. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Lenin-statuen i sentrum av Barentsburg.

I tillegg til dette, hjelper Rogozhin og fleire Ukrainarar i Longyearbyen til med fjern-assistanse til humanitært arbeid i Ukraina. Det kjennest også viktig og nyttig.

Rogozhin håper Ukraina vil opne for at russarar kan koma og driva humanitært arbeid. Når dei gjer det, vil han dra inn i det krigsherja landet for å hjelpe. Russland vil han ikkje tilbake til.

Det har ikkje lukkast High North News å få svar frå generaldirektør Aleksander Veselov i Trust Arktikugol. Dagbladet publiserte sak om Rogozhin laurdag, ifølgje dei har Veselov sagt mellom anna følgjande:

«Etter fornærmende uttalelser om russiske myndigheter, informerte det russiske Utenriksdepartementet meg om at slike uriktige uttalelser var utillatelige. Jeg sa til Timofey at han måtte overholde retningslinjene eller gå av. Han bestemte seg for å gå av.

Trusler om administrativ eller strafferettslig forfølgelse er ikke meg bekjent. Etter oppsigelsen hadde Timofey og jeg en samtale om muligheten for å komme tilbake til Trusten, hvis han var klar til å endre holdningen sin. Timofey avslo dette.

Angående demonstrasjonen i Barentsburg, ble den utført av de ansatte i ATC. Ingen forfulgte dem for det. Ved slutten av turistsesongen forlot disse Trusten ved kontraktens utløp. Til den nye sesongen tilbød Trusten dem ny kontrakt, men de bestemte seg for å jobbe i utenlandske reisebyråer.»

Barentsburg:

  • Russisk busetnad ved Grønfjorden på Spitsbergen.
  • Eit company town eigd av det statlege kolgruveselskapet Trust Arktikugol. Reiselivsselskapet Arctic Travel Company Grumant er eigd av gruveselskapet.
  • Har mellom anna eigen skule, barnehage, kollkraftverk, sjukehus, hotell og kultur- og idrettsbygg. Det ligg eit russisk konsulat i byen og eit forskingssenter.
  • I februar budde det 120 russarar og 220 ukrainarar der, ifølgje Sysselmannen.
Kart: TopoSvalbard/Norsk Polarinstitutt.
Barentsburg. Kart: TopoSvalbard/Norsk Polarinstitutt.

Les også:

Nøkkelord