På Svalbard bur russarar og ukrainarar side om side

Langlesing: – Når dei som kjempar er folk du har drukke øl med, sete andlet til andlet med fleire gonger, då går det inn på deg på ein annan måte, seier russiske Sergei Chernikov.

Julia Lytvynova står vendt mot ein kortvegg som viser videoklipp frå krigen i heimlandet Ukraina. Rundt halsen hennar ligg ein trøystande arm. I 2014 sette ho seg på det siste toget ut av Luhansk, då dei væpna kampane starta der. Historia hennar, kjem me tilbake til. Først er det utstillingsopning i Spitsbergen Kunstnersenter.

Ved sida av prosjektoren står russiske Sergei Chernikov med blikket mot bomba bygningar.

Både han og Julia budde tidlegare i den russiske busetnaden Barentsburg, knappe 40 kilometer i luftlinje frå Longyearbyen. No har dei, og fleire andre vener, jobba med denne utstillinga til inntekt for humanitær hjelp i Ukraina.

– Alt eg veit at me må støtte kvarandre. Alle i heile verda. Gir du kjærleik, får du kjærleik. Gir du hat, får du hat, seier Sergei.

Svalbard-kunst for fred

Til støtte for Ukraina.

– Er ikkje gløymde

Før invasjonen av Ukraina hadde Svalbard-kunstnarane Elizabeth Bourne, Olaf Storø og Stein Henningsen planlagt ei utstilling i Spitsbergen Kunstnersenter i Nybyen i Longyearbyen. Det var lenge sidan sist det hadde vore aktivitet i bygget. Det var ingen kunst på veggane, berre yogamatter og eit stativ med tights og gensarar med tekst om at me må hugse å puste.

Då Russland gjekk til åtak på Ukraina, bestemte dei seg for å gjera ein del av galleriet om til eit Ukraina-rom. Dei spurde Sergei og venane hans om dei hadde lyst til å fylle det.

To dagar før utstillinga opna, smaug lukta av måling seg inn på felleskjøkenet i kunstnarsenteret der underteikna sjølv leiger kontorplass. Den kom frå utstillingslokala innanfor. Sergei hadde teikna opp eit rektangel på veggen. No drog han ein brei pensel langs den øvre delen av rektangelet og farga den blå. På golvet stod ein blank boks med gult i.

– Eg har vener i Ukraina. Vener eg har frå Barentsburg, har familien sin i Ukraina. Slektningar av vener er der. Du kan sjå bilete frå krigar langt borte utan at det gjer så sterkt inntrykk på deg, men når dei som kjempar er folk du har drukke øl med, sete andlet til andlet med fleire gonger, då går det inn på deg på ein annan måte, sa han.

Det var veldig fint å bu i Barentsburg. Alle var vener.
Sergei Chernikov

– Alle var vener

Sergei kom frå Moskva til Svalbard og den russiske busetnaden Barentsburg i 2015. Han byrja å jobbe som guide og seinare ekspedisjonsleiar i Grumant, reiselivsselskapet til det russiskstatlege gruveselskapet Trust Arktikugol.

I Barentsburg bur og jobbar russarar og ukrainarar side om side. Dei tilsette i reiselivet kjem frå begge landa, og mange av gruvearbeidarane kjem frå Donbass-området aust i Ukraina.

– Det var veldig fint å bu i Barentsburg. Alle var vener, seier Sergei.

Han byrjar å fortelje ei historie som han meiner skildrar dette godt: Det var ei jente som bestemte seg for å koke borsj-suppe, men fann ut at det einaste ho hadde var ei gryte. Ho spurte dei andre i huset, og vipps hadde ho alle ingrediensane ho trengte.

– Slik var det, seier Sergei.

I mai i fjor flytta han til Longyearbyen saman med fleire andre frå reiselivsselskapet.

Ifølgje Sysselmannen bur det 120 russarar og 220 ukrainarar i Barentsburg no.

Hjarte for Ukraina

Julia Lytvynova lagar hjarte-nåler som skal seljast til inntekt for humanitær hjelp i Ukraina.

Sergei har snakka med nokre tidlegare kollegaer og trur dei er veldig stressa, men understrekar at han ikkje har full oversikt over situasjonen.

– I Barentsburg er folk trygge frå den fysiske krigen, men dei er sjølvsagt påverka av det som skjer i heimlandet. Mange har vener og familie i Ukraina. Dei veit ikkje kva som vil skje vidare, seier han, før han legg til at dette ikkje er noko som gjeld berre for Barentsburg.

Folk han har snakka med andre stader i verda tenkjer det same. Korleis vil framtida bli no?

Sergei vart sjokkert då krigen starta. Han hadde ikkje trudd det ville bli væpna kampar.

– Det einaste me må gjera no, er å stoppe krigen. Born og kvinner døyr. Deretter kan me diskutere framtida. Det som er sikkert er at Russland og Ukraina ikkje vil vera det same, seier han.

Kunstnar Elizabeth Bourne driv Spitsbergen Kunstnersenter.
Kunstnar Elizabeth Bourne driv Spitsbergen Kunstnersenter. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Reiselivsboikott

I åra etter at Sergei kom til Barentsburg, vaks reiselivsnæringa raskt. I 2014 var det to fast tilsette i turistselskapet. Då High North News var i Barentsburg hausten 2020, var dei 80 tilsette, og heldt fram med å bygge opp verksemda trass i pandemien.

Førre veke oppmoda Svalbard Reiselivsråd alle medlemmane om ikkje å legge att pengar i Barentsburg sidan samfunnet er drive av statseigde Trust Arktikugol.

– Bakgrunnen er eskaleringa av krigen mot Ukraina og det meningslause som går føre seg der. Me ynskjer å markere mot den russiske stat og regimet, sa styreleiar i Visit Svalbard, Ronny Strømnes til NRK. 

Dette har skapt debatt i Longyearbyen. Då kunstnaren Olaf Storø kjem inn i gallerirommet for å gjere klar sin del av utstillinga, har han nettopp blitt intervjua av NRK. Dei spurde kva han tykkjer om at Svalbard Reiselivsråd oppmodar medlemmane sine til ikkje å kjøpe tenester i Barentsburg. Storø held det kvithåra hovudet litt på skakke og hentar masse energi til orda han gjerne vil formidle:

– Eg vurderer no å melde meg ut av Visit Svalbard. Me har alltid vore vener med folk i Barentsburg uavhengig av politikk. Me veit ikkje kva som blir konsekvensane om me øydelegg dette. Splitt og hersk vil me ikkje ha. Det var derfor me tenkte at folk kan koma hit til Ukraina-rommet og sette eit hjarte rundt tankane sine, seier han.

Eg vurderer no å melde meg ut av Visit Svalbard.
Kunstnar Olaf Storø

Sjølv leitte han gjennom bileta sine og fann eit trykk av ein gul og blå isbjørn med tittelen «Ligg unna». Det skal han auksjonere bort til inntekt for hjelpetiltak i Ukraina.

Bjørnen brøler midt i Ukraina-rommet. Sergei, Julia og venene frå Ukraina og Russland fyller resten: Det store flagget som folk kan skrive støtteerklæringar på, teksten: We stand with U og ein fotomontasje som viser dei to ulike røyndene: Bilete frå Russland – og frå Ukraina.

– Eg har sett så mykje grufullt og tenkjer: kva kan eg gjere som einsleg menneske? spør Sergei før han svarar seg sjølv.

– Eg føler me burde gjere meir, vera meir bevisste på menneskeliv, at folk døyr. Ikkje berre i Russland og Ukraina, men i heile verda. Alle liv teller. Men me kan få inn pengar og skapa ei endring for nokon og gjere vårt beste for å stoppe krigen, seier han.

Sergei meiner at det må ei mental endring til. Psykologi er kjernen. Det viktigaste folk kan gjera er å bidra til kjærleik, å bry seg og støtte, ikkje gi næring til negative kjensler.

Sergei meiner òg det er viktig at folk tenkjer sjølv. Ikkje berre skrollar seg gjennom dagane og tek til seg informasjonen som fyk forbi.

– Me må ikkje tru på alt. Stopp opp, tenk over kva du leser, korleis du tolkar det, analyserer det, seier han.

Olaf Storø auksjonerer ut litografiet som heiter «Ligg unna»

Han tok initiativ til eit Ukrainsk rom i Spitsbergen Kunstnersenter.

Tryggleik er viktigast

Mellom organisering og nøyaktig arbeid med å få eigne maleri på veggen, fortel Elisabeth Bourne at sysselmeister Lars Fause har sagt ja til å opne utstillinga. Eg ringjer han for å spørje korleis krigen i Ukraina påverkar Svalbard.

Fause understrekar at heile Svalbard er norsk territorium, norsk lov og menneskerettar står fjellstøtt her. Sysselmeisterens hovudoppgåve er å sikre tryggleik i samfunnet, tryggleik på og kring Svalbard. Alle sysselmeisterens fullmakter står ved lag.

–  Me behandlar alle på øygruppa likt, om det gjeld redning, beredskap, samfunnstryggleik og service. Russiske statsborgarar blir handsamma som alle andre. Det kan eg forsikre om, seier han.

Sysselmeisteren følgjer føringar frå Oslo og opprettheld den nødvendige dialogen med generalkonsulatet i Barentsburg. Sysselmannen vil halde fram med å ha kontordag i Barentsburg siste fredagen i månaden, slik dei pleier. Då viser politiet seg fram, og Sysselmeisteren sitt kontor er tilgjengeleg for publikum i Barentsburg. Dei faste kontaktmøta med Trust Arktikugol, det neste i midten av mai, skal også gjennomførast som normalt.

– Fryktar de uro mellom busettingane og lokalt i dei? spør eg.

– Det eg kan seie, er at me har opne auger. Me tek i verste fall på oss politi- og strafferettsbriller. Det er ikkje annleis enn det har vore. Men me har ikkje fått rapportert inn hendingar til oss. Eg har sagt keep calm and carry on, svarar sysselmeisteren.

Eg spør han òg kva vanlege folk bør gjera i denne situasjonen.

– Det som kjenneteiknar Noreg er at me har fridom til å bevega oss og ytra oss. Slik er det framleis. Eg må innrømme at mange har spurt meg om råd. Eg seier at den alminnelege handlingsfridommen ligg som før. Men så har eg eit ynskje om at folk gjer det med eit hjarte rundt. Det er ei fin ramme som òg kjenneteiknar Svalbard. Set ein eit hjarte rundt, er ein alltid på trygg grunn, seier han.

Krigen i Ukraina kom som eit sjokk på oss, slik det gjorde på alle andre.
Styreleiar Per Nilssen i Svalbard turn

Syr hjarter

Det knatrar frå ei symaskin i 2. etasje i kunstnarsenteret dagen før utstillingsopninga. Julia Lytvynova sit bøygd over eit lite gult hjarte. Til det syr ho fast eit mindre blått hjarte. På baksida skal ho sette ei nål. Hjarta, og armband ho har fletta, skal seljast til inntekt for humanitært arbeid i heimlandet Ukraina.

Julia kjem frå ein liten stad i hjartet av Donbass, og studerte i Lughansk då væpna russiske separatistar tok kontroll over området i 2014. Ho sette seg på det aller siste toget ut av byen og krigssona, og reiste til vener i Kharkiv. Som flyktning frå krigsområdet, fekk ho støtte frå tyske Røde Kors etter å ha besøkt migrasjonskontor, sosialkontor og fylt ut ulike skjema.

Vener ordna ein stad ho kunne bu. Pengane gjekk til mat og klede. Ho hadde berre tenkt å reise vekk eit par veker, men då hausten kom skjønte ho at situasjonen ikkje ville roe seg. Julia fekk jobb som skreddar i Ukraina, og sydde alt frå bryllaupskjolar til gymnastikklede.

I Kharkiv fekk ho ei venninne som nettopp hadde kome tilbake frå Svalbard. Veninna fortalde at det var så vakkert på øygruppa. Julia vart nyfiken og ville sjå denne plassen. I mai 2019 byrja ho å jobbe som skreddar for det russiske gruveselskapet Trust Arktikugol og vart kjend med Sergey og mange andre unge menneske frå Russland og Ukraina.

To år seinare flytta også ho til Longyearbyen, ho ønskte å gjera noko nytt, å utvikla seg. No jobbar ho for Systua i Nord.

Fotomontasje

Sergei Chernikov heng opp fotomontasjen som viser dei ulike røyndene i Russland og Ukraina.

Redda baby

Då Julia vakna til nyhenda om at Putin hadde gått til krig mot Ukraina, vekte ho kjærasten og bad han sjekke at foreldra hans levde. Dei bur i Luhansk, i den Ukrainske delen av området, men nær det som då var russiskkontrollerte grensa.

– Dei var i live og prøver å vera positive. No bur dei i kjellaren av huset sitt, men faren er av og til ute for å kjøpe brød. Det er det einaste han kan få tak i no, seier ho.

Foreldra til Julia døydde då ho var liten, men ho har mange vener i Kharkiv som ho har hatt kontakt med etter at krigen starta. Mennene tok koner og born til grensa ved Moldova, før dei sjølve reiste tilbake og jobba som frivillige. Nokre får tak i ulike forsyningar, andre lagar mat, og så fraktar dei folk ut frå Kharkiv og til tryggare stader.

Det er desse venane som skal få pengane som kjem inn under utstillinga.

– Eg trur på klar himmel. No blir skular og barnehagar bomba. Fleire sjukehus er øydelagde. Eg kjempar for born. Pengane skal gå til dei, seier Julia.

Dagen etter utstillingsopninga sendte ho dei første pengane til to av venane sine. Dei takka, og sendte henne melding om at dei nettopp hadde hjelpt ein for tidleg fødd baby og foreldra ut frå Kharkiv og i sikkerheit. Dagen etter skulle dei tilbake til Kharkiv. Dei skulle ta med humanitær hjelp inn og så ta med folk ut til tryggare område.

– Dette er små, gode nyhende for meg, seier Julia.