Russisk satsing på Svalbard i krisetid

Medan reiselivet i Longyearbyen ligg nede, byggjer Barentsburg nye hundegardslokaler, kursar tilsette og rustar seg for framtida.

Alexandra Kazakova sit med en varm kopp te i driftsbygget til hundegarden i Barentsburg. Det nyoppussa kjøkenet har kvite fliser på veggane. Ute i hallen bur, om nokre av dei 80 polarhundane skulle trenge å vera inne.

I den andre enden av bygget er det eit stort lokale som luktar nytt tre, og eit par møbelsnikkarar er framleis i sving.

Her, i det som tidlegare var ku-fjøs, skal det russiske statlege reiselivsselskapet Arctic Travel Company Grumant ta imot turistgrupper. Gjennom store vindauger vil gjestane få panoramautsikt ut mot Grønfjorden.

Hundegardsprosjektet starta i desember 2016, som ein del av den russiske satsinga på reiseliv i gruvesamfunnet Barentsburg.

– Selskapet investerer mykje i hundegarden, seier Kazakova.

Like mange som før pandemien

Det var direktøren i reiselivsselskapet, Timofey Rogozhin, som spurte om Kazakova kunne tenke seg å vera med på å etablere hundegarden, ettersom ho hadde hatt redningshund heime i Russland.

Ho nøla ikkje med å seie ja, og er no ei av fire som jobbar med hundekøyring og handling.

Eit hundeliv

Alexandra Kazakova var med på å starte opp hundegarden i Barentsburg i desember 2016. No har dei 80 hundar.

Hundegarden ligg i utkanten av Barentsburg, i området der det tidlegare var fjøsar og drivhus. Fleire av dei gamle bygga er no rivne, og arbeidarar held på med å demontere nabohallen til hundegarden.

Ti minuttars gange inn fjorden ligg sentrum av Barentsburg.

Rogozhin har kontor i andre etasje i ein eldre, nyoppussa trebygning ved hovudgata. Veggen mot Grønfjorden er blåmalt i tre nyansar, etter fjella i horisonten.

På ei oppslagstavle heng eit bilete av ein guide med ein kroppstemperaturmålar i handa, i same positur som Blade Runner. Som del av corona-tiltaka her må alle dei tilsette sjekke temperaturen sin med jamne mellomrom.

Timofey Rogozhin. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Timofey Rogozhin. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Timofey Rogozhin.

– Personalet er det same som før pandemien, bortsett frå at nokon ikkje kunne koma tilbake frå ferie grunna stengte grenser. No er me 80 personar som jobbar med turisme her, seier Rogozhin gjennom ein av medarbeidarane sine som fungerer som tolk.

Investerer i framtida

Arctic Travel Company Grumant har nytta sjansen til å gjere alt arbeidet dei elles ikkje får tid til, og guidane har fått kursa seg. Når høgsesongen kjem, treng han dei tilsette. Om dei hadde vorte permittert, hadde det vore vanskeleg å starte opp att.

– Nett no har me ikkje like store utfordringar som i Longyearbyen, men sjølvsagt, om sesongen ikkje startar i februar/mars, blir det ein tragedie for oss òg, seier reiselivssjefen.

Han legg til at selskapet har kutta litt i lønene:

– Men det er betre for folk å vera her og ha jobb og løn enn å reise heim utan noko, seier han.

Skilnaden på staben i høgsesong og lågsesong, som blir rekna frå november til januar, er rundt 30 personar.

– Vintersesongen blir travlare og travlare for kvart år. Derfor treng me stadig fleire tilsette.  Me har to månader med særs lite aktivitet i november og desember. Før kom dei første turistane midt i februar. No kjem dei midt i januar. Det er ikkje så mange, men dei kjem, seier han.

Selskapet jobbar med å utvikle polarnatt-produkt, men dei har utfordringar sidan det verken er snøskuterføre eller båtar som går mellom busetnadane frå november til ein gong i januar.

Ned i gruva

High North News sin journalist besøker Barentsburg midt i oktober, heilt på tampen av sesongen. Også no er det fleire gjester her. Ein svensk familie overnattar på Pomor Hostel og ekspedisjonslinja til folkehøgskulen overnattar på Barentsburg hotel.

Elevane skal vera med på guida tur ned i kolgruva, det svarte hjartet i midt i busetnaden. Klokka sju på morgonen var det vaktskifte i gruva. Då gjekk arbeidarar inn og ut av administrasjonsbygningen midt i byen. No er det elevane sin tur.

Ned trappene til kjellaren der svart kolstøv framleis ligg over golvet.

Elevane følgjer etter guiden inn til eit omkledningsrom. Ein gruvearbeidar møter dei og demonstrerer korleis sjølvreddaren fungerer, boksen dei ber med seg som skal syta for at dei får oksygen om det skulle skje noko med gassane i gruva.

Inn i mørkret

Ei gruppe frå folkehøgskulen i Longyearbyen er på guida gruvetur.

Alle blir registrerte inn i systemet via ein chip i beltet, og gruvearbeidaren ringjer kontoret og sjekkar at alle er registrert. Ein annan stad i bygget sit nokon og følgjer med på menneska i gruva via ein skjerm. No har dei kontroll på elevane òg.

Kart over Barentsburg. (Toposvalbard/Norsk Polarinstitutt)
Kart over Barentsburg. (Toposvalbard/Norsk Polarinstitutt)
Kart over Barentsburg. (Toposvalbard/Norsk Polarinstitutt)

Dei går gjennom eit tunnelloverbygg i tre og vidare nedover fleire trapper. På veggane heng det originale plakatar frå Sovjet-tida og minner arbeidarane om å ta tryggleiken på alvor.

På den eine ligg ein gruvearbeidar og søv på transportbandet som fraktar kol, medan to sjukepleiarar står med båre i enden.

Ved enden av trappa er det eit kol-lasteanlegg. Det summar av små jernbanevogner som er fylte med tørt, finkorna kol som kjennest varmt mot fingrane i den kalde haustlufta. Vognene går vidare mot energiverket lenger inne i fjorden.

Russiske Trust Arktikugol tok over gruva her i 1932. No har den ei estimert levetid på 20 år til.

Vil Sovjet-stilen til livs

Tilbake i reiselivskontoret fortel Rogozhin at det var generaldirektøren i Trust Arktikugol som i 2010 fekk ideen om å utvikle reiselivet i Barentsburg.

– Om me skal vekk frå kolgruvedrift, må me utvikle turisme, seier Rogozhin.

Ein pust fra fortida

Gruveselskapet Trust Arktikugol sitt administrasjonsbygg (t.h.) der også gruvearbeidarane og turistane som skal besøke gruva går inn. Til venstre for administrasjonsbygget ligg bryggeri- og restauranthuset Red Bear.

Då han byrja som turistsjef for Trust Arktikugol og selskapet Arctic Travel Company Grumant i 2014, var det to fast tilsette i reiselivsnæringa. Hotellet i byen var nettopp renovert. Det kom dagsturbåtar til byen, og den hadde ein liten suvenirbutikk.

I tillegg hadde selskapet så smått byrja å opne spøkelsesbyen Pyramiden på for turistar. Rogozhin byrja å skrive på ein bedriftsplan.

Han likte ikkje tanken på at folk som kom til Barentsburg såg på busettinga som ein gamal, skremmande Sovjet-stad. Han ønska å gjere den om til ein by med som kunne fortelje ulike arktiske historier, ettersom fleire nasjonalitetar og kulturar har møttest og møtes i Barentsburg.

Dei siste åra har byen gått gjennom store endringar. Dei gamle murhusa har fått fargerike plater på. Gamle trehus er rivne eller pussa opp.

Barentsburg: Garderoben bryggeri- og restauranthuset Red Bear er utsmykka med ski-jakkeknaggar, har trålkule-lamper og snøskuterpanser på veggene. (Foto: Line Nagell Ylvisåker).
Barentsburg: Garderoben bryggeri- og restauranthuset Red Bear er utsmykka med ski-jakkeknaggar, har trålkule-lamper og snøskuterpanser på veggene. (Foto: Line Nagell Ylvisåker).
Garderoben bryggeri- og restauranthuset Red Bear er utsmykka med ski-jakkeknaggar, har trålkule-lamper og snøskuterpanser på veggene.

Hotellet har fått følgje av eit gjestehus med namnet Pomor Hostel, som har fått pomor-utsmykkingar og skal fortelje historia til folket frå Kvitsjøen som reiste til Svalbard på 1700-talet for å fangste mellom anna kvalross.

På den andre sida av gata har russarane bygd ølbryggeri- og restauranthuset Red Bear.

Alt er opent også under corona-krisa.

Kontorbygget der Rogozhin held til var opprinneleg museum, men er totalrenovert og husar no turistkontor, turistinformasjon og posthus.

– Då me skulle byggje posthuset, reiste me først til Lillehammer og såg på posthuset der for å få inspirasjon, fortel reiselivssjefen.

Bevart

Det turkise bygget var tidlegare konsulat. No er det nyrestaurert og husar museet. Konsulatet har flytta inn i bygget bak til venstra. Blokka husar leiligheiter.

Litt lenger borte i gata ligg det gamle konsulatet med sin store balkong og runde søyler. Det har no blitt museum. Restauranten i hotellet har blitt rein fiskerestaurant med sjølvfanga fisk og interiør basert på dei to berømte isbrytarane «Krasin» og «Lenin».

Konseptet i Pyramiden er ein Sovjet-by som er fryst i tida, eit friluftsmuseum. Heile hotellet er renovert og bygg for bygg vaknar til live etter at russarane reiste frå byen i 1998.

Flest russiskspråklege

Gjestane til Arctic Travel Company Grumant har hovudsakeleg vore russiskspråklege. På dei lange turane, dei over fem til åtte dagar, er det framleis dei som dominerer.

Men dei siste åra har russarane marknadsført seg meir i andre land, og har fått nettsida med det litt lettare namnet GoArctica.

Sysselmannen er ikkje godt nok utvikla for å ta hand om turismen, dei ynskjer å redusere næringa fordi det er vanskeleg for dei.
Direktør i Arctic Travel, Timofey Rogozhin.

– No kjem om lag 15 prosent frå Skandinavia og andre europeiske land. Målet vårt er å få fleire turistar frå land utanfor Russland. Eg trur det vil bli 50/50 på sikt, seier Rogozhin.

Mellom 600 og 700 turistar har gjesta fleiredagarsturane deira dei siste åra. I fjor hadde dei 37.000 besøkande totalt, inkludert cruiseskip. Rogozhin håper å få talet på årlege besøkande opp til 100.000 på sikt. Han fortel at trusten i fjor tente 20 prosent meir på turisme enn på koldrift.

– Den russiske staten subsidierer koldrifta i Barentsburg slik den norske staten subsidierer Gruve 7, seier Rogozhin.

Det er reiselivet som er framtida.

Sysselsettinga aukar

På seks år har talet reiselivstilsette i Barentsburg auka frå 2 til 80. Bygget med postkontor og turistinformasjon (t.v.) er totalrenovert. Til høgre for det ligg skulen, Pomor Hostel og Barentsburg Hotel.

To dødsulukker

Sidan starten har reiselivsselskapet hatt to dødsulukker. Ein guide omkom etter at eit skuterfølge gjekk gjennom ei råk på Tempelfjorden i april 2017.

I februar i år omkom ei tysk kvinne i eit snøskred på ein kombinert snøskuter- og isgrottetur med selskapet.

– Korleis har desse alvorlege ulukkene påverka selskapet og dei som jobbar her? 

– Det er ein del av livet. Kvar gong noko skjer, lærer me av det og tek det med oss for å unngå at det same skjer i framtida. Mange selskap i heile verda går gjennom dette av og til, svarar Rogozhin.

Selskapet jobbar stadig på å forbetre seg, både når det gjeld produkt, marknadsføring og salg, og samarbeider mellom anna med Visit Svalbard. Dei er også kjent med innstrammingane norske myndigheiter ynskjer for reiselivet.

Rogozhin er samd i at det bør koma krav til sertifisering av guidar for å stoppe frilansguidar som kjem rett frå fastlandet, og at flytande byar med 4.000 passasjerar ikkje treng å koma i land i busettingane i nord.

– Sysselmannen er ikkje godt nok utvikla for å ta hand om turismen, dei ynskjer å redusere næringa fordi det er vanskeleg for dei. For eksempel så stengjer dei fjordarmar vinterstid for å verna om isbjørn som skal i hi. Eg tenkjer at det ikkje er turistselskapa her på Svalbard som er problemet. Det som skapar trøbbel er frilansguidar eller gjester som er på privattur, seier reiselivssjefen.

Fra kyr til hundar

Bygget som no er hundegårdslokalar (i midten) var tidlegare kufjøs. No blir det totalrenovert innvendig.

Kjem tilbake

Kvar dag frå mai og ut oktober kjem det dagsturbåtar med turistar frå Longyearbyen. No blir timane med dagslys færre og færre for kvar dag, og det er skumring då High North News sin journalist går om bord i båten for å reise heim til den norske busettinga.

Barentsburg: Her byggjer Arctic Travel Company Grumant nye gjestelokaler i tilknytning til hundegarden. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Barentsburg: Her byggjer Arctic Travel Company Grumant nye gjestelokaler i tilknytning til hundegarden. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Her byggjer Arctic Travel Company Grumant nye gjestelokaler i tilknytning til hundegarden.

Det gjer òg den svenske familien som har vore på ferie i Barentsburg for femte gong.

– Eg tykkjer det er ein kombinasjon av veldig fin natur og denne industri-kulturen som er litt forfallen men framleis i bruk, seier Janne Wallenius.

– Folk har sin kvardag der. Det er kjempefint å sjå, seier kona Juliana Imgenberg.

Han tykkjer det er fascinerande at det er ei gruve i drift midt i byen. I tillegg finst arven frå Sovjet-perioden her.

– Og så er det ein av dei vakraste stadene i verda. Men ungane våre er kanskje ikkje samde, seier han.

Wallenius tykkjer russarane har bygd opp ein turistindustri som gjer at han føler seg velkommen.

– Eg snakkar alltid med dei som bur der, seier han.

No er han allereie i gang med å planlegge neste tur.

Barentsburg:

  • Russisk busetnad ved Grønfjorden på Spitsbergen.
  • Eit company town eigd av det statlege gruveselskapet Trust Arktikugol. Reiselivsselskapet Arctic Travel Company Grumant er eigd av gruveselskapet.
  • Har mellom anna eigen skule, barnehage, kollkraftverk, sjukehus, hotell og kultur- og idrettsbygg. Det ligg eit russisk konsulat i byen og eit forskingssenter.
  • Hadde 455 innbyggjarar i juli 2020, hovudsakeleg ukrainarar og russarar.