Noreg og Russland førebur seg på det verste

Eit russisk redningshelikopter heiser om bord «overlevande» personar på det russiske kystvaktskipet «Murman» under den felles norsk-russiske beredskapsøvinga denne veka. Foto: Amund Trellevik

Skipstrafikken i havområda nord for Noreg har eksplodert dei siste åra. Og ingenting tyder på at veksten vil avta. Noreg og Russland øver no saman for å best mogleg møte det som kan bli ei katastrofal ulukke i utilgjengelege farvatn.

Det er meldt om brann om bord i eit fiskefartøy i Barentshavet. Fleire personar har hamna i sjøen.

Naudmeldinga tikkar inn i kontrollrommet på kystvaktskipet Sortland denne veka. Skipssjef Knut Garnes gjer ordre om å gå i gang med søk. Utan vidare instruks går mannskapet i gang med sine oppgåver.

Frå brua vert det søkt etter overlevande i sjøen. Lenger nede i skipet er andre klare til å gå i lettbåten på få minutts varsel. Menige med avansert førstehjelpskompetanse er klar til å ta imot skadde.

Tid er viktig når det handlar om å redde liv til havs. Derfor er mannskapet på 27 om bord på KV Sortland i høgberedskap når alvoret inntreff.

Sjøbjørn frå KV Sortland er her på jobb i Barentshavet. Foto: Amund Trellevik.

Kraftig trafikkauke

Heldigvis er dette kun ei øving. Men scenarioet som vart trena på under denne vekes Øvelse Barents, ein felles norsk-russisk beredskapsøving, er reelt nok.

Mann over bord er type ulukker som både norsk og russisk kystvakt møter i dette havområdet som dei siste åra har opplevd ei stor auke i skipstrafikken.

Tal frå Kystverkets trafikksentral i Vardø viser at det gjekk 2.245 såkalla «risikofartøy» forbi kysten av Finnmark i 2018. Det vil seie fartøy på over 5.000 bruttotonn eller med farleg last som olje, gass, radioaktivt materiale eller liknande.

Dette er ei auke på over 36 prosent sidan 2014, opp frå 1.642 fartøy.

Ingenting tyder på at denne veksten vil avta dei neste åra. Stadig fleire ser mot nord i kamp om naturressursar og nye seglingsruter. Kystverket skriv i sin årsrapport for 2018 at det aldri har vore transportert så store menger råolje i Barentshavet som i fjor.

Skipssjef Knut Garnes på KV Sortland. Foto: Amund Trellevik

Store og små oppdrag

 Alle ting tyder på at trafikken i nordområda vil auke dei neste åra. Det er kamp om ressursar og fiskeriaktiviteten er høg i nord. I tillegg til den ordinære handelstrafikken som er stor, seier Knut Garnes, skipssjef på KV Sortland.

Han har eit langt liv bak seg om bord på Kystvaktens fartøy langs kysten av Noreg, og har vore med i redningsarbeidet på store ulukker som «Rocknes» i 2004 og oljeutsleppet etter «Server»-forliset i 2007.

Garnes fortel om ein variert arbeidskvardag, der KV Sortland ofte er med på større eller mindre rednings- og søkeoppdrag langt kysten.

Totalt har den norske Kystvakten 14 fartøy. Ni av desse er såkalla ytre kystvakt som patruljerer i dei mest verutsatte og utilgjengelege områda i nord.

 Dette fartøyet har vore i Nordsjøen og i nordområda. Me hadde eit tilfelle av brann i fabrikken om bord på ein trålar. Der gjekk me inn og var med på sløkkjearbeid, naudlensing og slep av fartøyet. Me har mykje slep av fiskeflåten når dei har maskinproblem eller slit med å kome seg til land. Det er noko søk og redning, og no nyleg rykka me ut etter at tre fisketuristar hadde velta i ein småbåt utanfor Senja. Då rykkja me ut og gjer assistanse på vegne av hovudredningssentralen. Dette er typiske oppdrag me får, alt frå stort til smått.

Som kystvakt, som patruljerer desse havområda, kva er det som er dei største utfordringane i dag og dei neste åra?

Utfordringa er at det er auka aktivitet i nordområda, både når det gjeld passasjertrafikk, men også handelsfartøy som til dømes gassfartøy og andre store fartøy.

– Korleis er Noreg førebudd på den auka skipsaktiviteten i nordområda?

Oljenæringa har sin eigen beredskap som er god, og dei følgjer denne opp sjølve. Den andre trafikken som går forbi kysten i nord har me ein etablert slepeberedskap for, og me føler at me er i stand til å gjennomføre den beredskapen på ein god måte her oppe, seier Garnes.

 

Frå russisk side deltok blant anna kystvaktskipet «Altaj» i øvinga. Foto: Amund Trellevik

Fleire typar kapasitetar

Både ulike typer fartøy og luftkapasitet, som overvåkingsfly og redningshelikopter frå begge sider var i aksjon under denne vekas øving.

Øvelse Barents vert halde for 25. gong i 2019, og er eit sjeldan døme for norsk-russisk samarbeid i ei vanskeleg geopolitisk tid.

Etter at delelinjeavtalen vart inngått i 2010 er grenseoppgangen mellom Russland og Noreg til havs avklart. Mange av dei ulukkene som kan oppstå i desse havområda, anten det handlar om søk etter personar over eit stort område eller oljeutslepp, vil kunne vere hendingar som går over grensa og involverer både norske og russiske styresmakter.

Derfor er slike øvingar særs viktige, seier avdelingsleiar Bent-Ove Jamtli ved Hovudrednngssentralen i Nord-Noreg.

– Redningsdelen av øvinga er me nøgde med. Me har hatt med fleire luftressursar enn det me har klart dei siste åra. Det har også vore mykje sjøgåande fartøy med. Det kom oså på plass ein del klareringar for å krysse over grensa i russisk område med norske fartøy. Det er ein positiv framgang, seier Jamtli.

Skipssjef Garnes trekk fram kommunikasjon over VHF, koordinering av flytrafikk på tvers av grensa og å lære om dei ulike kapasitetane på norske og russiske fartøy som viktige ting ein kan lære av kvarandre under ei slik felles øving.

Dersom me kjem inn i ein redningsaksjon og dei blir underlagt oss i Noreg, kan det vere nyttig for oss å vite kva kapasitetar dei har for å nytte dei fullt ut. Deretter må russarane vite på lik linje kva kapasitetar me har dersom me tilbyr å hjelpe dei i ein stor aksjon, seier Garnes.

Det russiske kystvaktskipet «Murman» deltok også under øvinga. I framgrunnen lettbåten «Sjøbjørn» frå KV Sortland. Foto: Amund Trellevik

Nøkkelord