Svalbard: Gruve 7 nesten tømt for vatn - har framleis håp om produksjonsstart i oktober

Kai Hansen og Inge Bakkeland er gruvearbeidere i Gruve 7. De er iført overlevingsdrakt når de jobber med utpumping av vann fra de minst tilgjengelige områdene i Gruve 7. Foto: Store Norske
Kai Hansen og Inge Bakkeland er gruvearbeidere i Gruve 7. De er iført overlevingsdrakt når de jobber med utpumping av vann fra de minst tilgjengelige områdene i Gruve 7. Foto: Store Norske

Men før kolet kan hentast ut, må nytt elektrisk utstyr på plass og tjukke lag med is bort.

I juli strøyma det vatn inn i Gruve 7. Eit rundt 1,7 kilometer langt parti var fylt med vatn frå golv til tak, eller frå ligg til heng, som dei seier i gruva. I tillegg  var rundt 300 meter i eit anna område fløymt heilt over.

No er det aller meste av vatnet pumpa ut, innsiget har stoppa opp ettersom det har blitt kaldare, og denne helga kunne tilsette i Gruve 7 før første gong køyra gjennom heile gruva.

 Gruve 7. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Gruve 7. (Foto: Line Nagell Ylvisåker, High North News)
Gruve 7 på Svalbard (Foto: Line Nagell Ylvisåker, High North News)

– Det var ein milepæl, seier gruvesjef Per Nilssen.

Mykje is

Han håpar framleis at gruva skal koma i drift i løpet av oktober, men det det skal halda hardt.

Mellom anna har Store Norske tinga ein god del spesialutstyr til straumforsyninga, for å erstatte det som vart øydelagt av vatn. Dette må helst rekke båten frå Tromsø den 12. oktober for å koma fram i tide.

Smeltevann pumpes kontinuerlig ut av Gruve 7 på Svalbard. (Foto: Store Norske)
Smeltevann pumpes kontinuerlig ut av Gruve 7 på Svalbard. (Foto: Store Norske)
Smeltevann pumpes kontinuerlig ut av Gruve 7 på Svalbard. (Foto: Store Norske)

Ei anna utfordring er at det er permafrost i gruva. Det vil seie at fjellet er frose. Derfor har det bygd seg opp mykje is i dei områda som vart fylt av vatn. Nokre plassar er islaget opp til 40 centimeter tjukt. No har Store Norske sett opp vifteomnar for å tine isen, dei strør salt på isen for å få den til å forsvinne fortare, og der dei kjem til nyttar dei maskiner for å skrape bort isen. – Nokre stader er det utruleg glatt. Me må få bort isen for å kunne køyre ordentleg gjennom gruva, og få drifta effektiv, men også for å sikre persontryggleiken, seier Nilssen.

Unngikk katastrofe

Det heldige er at då vatnet kom inn i gruva, fylte det ein lågare del av anlegget, og rann mot utgangen av gruva. Ein straumleidning over isbreen Foxfonna og nye pumper gjorde at Store Norske klarte å sikre området der alt produksjonsutstyret stod. Produksjonen gjekk då føre seg heilt inst i gruva, 8 kilometer frå daganlegget.

Gruvearbeider jobber med å pumpe smeltevann ut av Gruve 7 på Svalbard. Foto Store Norske
Skitten jobb: Gruvearbeider jobber med å pumpe smeltevann ut av Gruve 7 på Svalbard. (Foto: Store Norske)
Skitten jobb: Gruvearbeider jobber med å pumpe smeltevann ut av Gruve 7 på Svalbard. (Foto: Store Norske)

– Om driftsmaskineriet hadde blitt oversvømt, hadde det kunne blitt ei kjempekatastrofe for Gruve 7. Om me ikkje hadde fått i gang dei pumpene, hadde det i tillegg gått ein månad ekstra, og me kunne ha fått store problem med luft i gruva, seier han.

Gruva vart fylt over fleire dagar, derfor lukkast det óg Store Norske å hente ut noko av det mest dyrebare utstyret.

Buffer til februar

Kor store kostnader smeltevatnet har påført gruveselskapet, ynskjer ikkje Nilssen gi tal på.

– Me har gjort estimat, men det er for tidleg å seie noko. Det er produksjonstapet som gir den store økonomiske konsekvensen. Ein del av det øydelagde utstyret har me kunna erstatte med utstyr me har demontert i Svea. Det er med på å redusere det direkte tapet, seier han.

Det er Gruve 7 som forsyner gruva i Longyearbyen med kol, men dei har ifølgje Nilssen nok kol på lager til å halde energiverket i drift i alle fall til februar.

For 1,5 veke sidan skipa Store Norske også eit lass med kol til Tyskland, av ein kvalitet som energiverket ikkje kan bruke. Det meste av kolet frå gruva går til bilindustrien i Tyskland, og blir nytta i støypeformer. No har bilproduksjonen kome i gang igjen etter ein corona-pause.

– Både for å få ein buffer i Longyearbyen, og for å få inntekt for eksport til Tyskland ynskjer me å ta ut litt meir kol enn planlagt i den første tida framover, seier Nilssen.

Nøkkelord