Gamlekraftverket på Svalbard får ny energi: Bli med på omvising

Ingvild Sæbu Vatn frå LPO Arkitekter. (Foto Line Nagell Ylvisåker)
Ingvild Sæbu Vatn frå LPO Arkitekter guida ei lita gruppe med prøvepersonar gjennom energiverket førre månad. Ho ynskjer innspel til arbeidet med forprosjekt som skal vera klart i løpet av året. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Medan styresmaktene legg planer for stenging av kolkraftverket i Longyearbyen, ynskjer Longyearbyen lokalstyre å opne det gamle energiverket frå 1920 for publikum.

Ved sida av den 96 meter høge pipa til kolkraftverket i Longyearbyen står eit lite grønt bygg som mest går i eitt med omgjevnadane. Det rommar energi- og kolgruvehistorie frå 1920 til 1983, då dagens energiverk tok over.

No jobbar Longyearbyen lokalstyre og LPO Arkitekter for å gjere det gamle kraftverket til historieforteljar og formidlingsarena.

– Longyearbyen har Noregs einaste kolkraftverk som står. Det gamle kraftverket har stått urørt sidan det vart stengt i 1983. Det er så autentisk som det kan få blitt og er ein viktig del av Svalbard-historia. Energiverket vart etter kvart ein føresetnad for koldrifta, seier Jan Myhre som er eigedomssjef i Longyearbyen lokalstyre.

Å ta vare på bygninga og historia om kolkrafta, blir ytterlegare aktuell når lokalstyreleiar Arild Olsen i Longyearbyen lokalstyre ynskjer å fase ut dagens kolkraftverk, som durar like ved sidan av det gamle, innan 2023. Det for å spare pengar og miljø.

Får støtte

Det gamle kraftverket står til venstre for dagens energiverk som tok over i 1983. Foto Line Nagell Ylvisåker
Det gamle kraftverket står til venstre for dagens energiverk som tok over i 1983. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Det gamle kraftverket står til venstre for dagens energiverk som tok over i 1983.

Longyearbyen lokalstyre og LPO Arkitekter har til saman fått 900.000 kroner i støtte frå Riksantikvaren og Svalbards Miljøvernfond.

Ein del av pengane brukar dei no på eit forprosjekt som skal vera klart innan jul. Det tek føre seg kva bygget kan brukast til i framtida. Dei to viktigaste føremåla blir truleg formidling av energihistoria og å bruke bygget som kulturarena.

For den første biten, formidling av historia, er Longyearbyen lokalstyre no i samtalar med Store Norske om energiverket bør inn i same organisasjonsform som Gruve 3. Den gamle gruva ovanfor flyplassen i Longyearbyen er gjort om til museum med guida turar i regi av gruveselskapet.

– Me vil nok leggja til rette for ein guida tur på ein eller annan måte. Kanskje er det mogeleg å få til ein tur som startar i Gruve 3, går vidare til Taubanesentralen og endar ved Energiverket eller kanskje museet. Då kan me få ei heil dagsreise av det, seier Myhre.

Kulturarrangementa han ser føre seg er til dømes litteraturfestival, teaterførestillingar og anna som passar i den påkledninga som bygget gir.

– Solid bygg

Dei 400.000 kronene energiverket fekk frå Svalbards Miljøvernfond førre månad vil dei bruke på sikre tak, vindauger og dreneringa kring bygget.– Energiverket står på fjell, solid og godt. Me ser ikkje teikn til problem med sjølve bygget. Det gjer prosjektet enklare, seier Myhre.

Dei må også sjekke bygningen for asbest.

– Det er asbest der, men det er ikkje problematisk så lenge me ikkje går laus på den. Eg er ikkje veldig bekymra for det, seier eigedomssjefen.

Kjellaren er full av is etter at smeltevatn rann inn og vart kjølt ned av permafrosten. Eigedomssjefen ynskjer å la isen vera der, for ikkje å stå i fare for å gjera bygget meir ustabilt.

Førre månad hadde LPO Arkitekter prøveomvising i bygget for å få innspel til det vidare arbeidet.

Myhre ser ikkje bort frå at dei første ordentlege gjestane kan koma inn og oppleve energihistoria allereie til våren.

­ – Så får me sjå kva nivå me legg oss på. Kanskje me får henta to brakker frå Svea som kan nyttast som varmerom. Det er noko med å tenke litt enkelt, seier han.

Les også:

Nøkkelord