Russisk satsing på Svalbard i krisetid: Russisk selskap planlegg fiskemottak i Barentsburg

Her skal det planlagte fiskemottaket i Barentsburg ligge.
Hamn i Barentsburg: Slik ser hamneområdet i Barentsburg ut i dag. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Eit russiskeigd selskap ynskjer å starte fiske- og krabbemottak i den russiske busetnaden Barentsburg. Det finst ikkje på Svalbard i dag.

I åtte år har Arctic Resource Norge AS jobba for å opprette mottak i Barentsburg.

– Prosessen tek lang tid fordi ingen har gjort noko tilsvarande tidlegare. Myndigheitene veit ikkje kva som må gjerast for å gi oss tillating, seier dagleg leiar Irina Jakobsen.

Arctic Resource Norge har i dag eit krabbemottak i Havøysund. Eit mottak i Barentsburg vil gi kort veg frå fangstområda, og dermed høg kvalitet på sluttprodukta, ifølgje selskapet.

– Hovudmålet er å få fleire arbeidsplassar i Barentsburg. Både for russarar og kanskje for nordmenn, seier Jakobsen.

Har tomt

Dagleg leiar Irina Jakobsen i Arctic Resource Norge. Foto: Line Nagell Ylvisåker
– Myndigheitene veit ikkje kva som må gjerast for å gi oss tillating, seier dagleg leiar Irina Jakobsen i Arctic Resource Norge. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Irina Jakobsen er dagleg leiar i selskapet som ynskjer å etablere seg i Barentsburg. (Foto: Privat)

Ifølgje Erika Annette Vartdal i kommunikasjonseininga til Nærings- og fiskeridepartementet må ei rekke regelverk og krav oppfyllast før fiskemottaket kan byggjast. Det ligg ikkje hindringar i fiskeriregelverket per i dag, men det er strenge miljøreguleringar på Svalbard.

I tillegg må selskap som vil drive fiskemottak ha tomt og tilgjengeleg infrastruktur, skriv ho i ein epost til High North News. Jakobsen fortel at areal ikkje vil vera nokon utfordring.

– Me har ein avtale med Trust Arktikugol om tomteleige over tid, seier ho.

Det er ei av årsakene til at selskapet ynskjer å etablere seg i nettopp Barentsburg, ikkje i Longyearbyen som ligg nærare flyplass og annan infrastruktur. I tillegg er morselskapet til Arctic Resource Norway russisk.

– Me veit at Trust Arktikugol ynskjer fleire arbeidsplassar, og kanskje at noko bringer meir liv til byen. Om me får suksess med denne produksjonen, vil det bli meir liv, seier Jakobsen.

Me vil ikkje øydelegge for naturen, men etablere økologisk produksjon med lite avfall.
Irina Jakobsen, dagleg leiar i Arctic Resource Norge.

Ho presiserer at mottaket ikkje vil bli eigd av Trust Arktikugol, men at alt som skal gjerast må gjerast med tillating frå dei.

– Dei seier kvar me kan få tomt, syt for vatn, elektrisitet og annan infrastruktur, seier ho.

Tomta selskapet har avtale om, er ikkje regulert til fiskemottak i arealplanen for Barentsburg. Derfor må planen endrast før anlegget kan byggast. LPO Arkitektar jobbar med ein ny arealplan på vegne av Trust Arktikugol. Der er mottaket teikna inn.

Skeptisk til krabber

Arealplanen må godkjennast av Sysselmannen på Svalbard. I tillegg krev Sysselmannen ei særs grundig konsekvensutgreiing av mellom anna kva verknader bygging og drift av fiskemottaket kan ha på lokal busetting, naturmiljø og kulturminner.

Slik ser modellen av fiskemottaket i Barentsburg ut. (Ill: LPO arktiekter)
Slik ser modellen av fiskemottaket i Barentsburg ut. (Ill: LPO arktiekter)
Slik ser modellen av fiskemottaket i Barentsburg ut. (Ill: Arctic Resource Norge)

Arctic Resource Norway har hyra LPO Arkitekter til å lage eit program for kva utgreiinga skal ta føre seg.

– Me vurderer både fisk og krabbe, og ut frå resultatet av utgreiinga vil me sjå kva som blir best, seier Jakobsen.

Ifølgje henne vil eit krabbemottak gi langt mindre avfall enn eit fiskemottak, fordi krabbane blir sendt levande til marknadane. Eventuell fisk vil bli sløya og filettert.

Fiskeavfallet kan pressast, frysast ned og fraktast bort. Kanskje på eit russisk fartøy til Murmansk.

Les også:

– Dette prøver me å finne ut av. Me vil ikkje øydelegge for naturen, men etablere økologisk produksjon med lite avfall, seier ho.

I eit brev til LPO Arkitekter skriv Sysselmannen at det er særs lite truleg at dei vil gi lov til innføring av kongekrabbe til Svalbard, ettersom dette er ein framand art. Det same gjeld for snøkrabbe.

Sysselmannen skriv òg at verksemda kan få behov for andre løyver enn dei kan gi etter Svalbardmiljølova, mellom anna knytt til matproduksjon og landing av fisk og skaldyr. Dette må verksemda sjølv finne ut av.

Eksportutfordringar

Ifølgje avdelingssjef Torkjell Andersen i Mattilsynet Region Nord, avdeling Troms og Svalbard er det ikkje noko i vegen for å starte matproduksjon på Svalbard.

Installation place Rev 1. Barentsburg havn. Fiskemottak. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Barentsburg havn og stedet for det planlagte fiskemottaket på Svalbard. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Her, på innsida av dagens kai, ynskjer Arctic Resource Norge å byggje fiske- og/eller krabbemottak. (Ill: Arctic Resource Norge)

– Men øygruppa har i dag status som «ikkje listeført 3. land utanfor EU/EØS». Det betyr at matvarer som er produserte på Svalbard ikkje utan vidare kan eksporterast til marknadar innanfor EU/EØS-området, skriv han til High North News.

Aktørar som ynskjer å etablere seg, bør på førehand sikre at dei får levert varene sine til eit land utanom EU/EØS-området. Kva land det eventuelt kan vera har ikkje Mattilsynet oversikt over.

– Det vil være enkelte land sitt regelverk som bestemmer det, skriv Andersen.

– Går i sirkel

Arctic Resource Norge har jobba med mottaket i åtte år, og det vil i alle fall gå to år til før dei eventuelt kan starte opp i Barentsburg.

– Me har framleis tolmod, dette er så interessant for oss. Me går i sirkel. Ingen seier ja og ingen seier nei. Så lenge me er i denne prosessen har folk noko å gjera. Så lenge noko skjer, må det til slutt koma ein konklusjon. Me håpar den blir positiv. Me har brukt så mykje pengar på denne prosessen allereie. Skal me stoppe no? spør ho seg, før ho svarar:

– Me tenkjer at me har investert så mykje, og no er det kanskje berre litt igjen før me kjem i mål. Det er små skritt, men det går framover.

Lover som er innført:

I 2016 vart Havressurslova utvida til å gjelde Svalbard. Føremålet med havressursloven er å sikre en bærekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av de viltlevande marine ressursane. Lova gir heimel til kontroll- og reguleringstiltak.

– Det er viktig å legge til rette for at nye bedrifter på Svalbard har dei same gode rammevilkåra som fastlandet, og som også sikrar god kontroll over ressursuttaket vårt, sa dåverande fiskeriminister Per Sandberg i ei pressemelding.

I 2018 vart landingsforskrifta, som følgjer av Havressurslova, gjort gjeldande på Svalbard. Bakgrunnen var ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet den auka interessa for landingar av fisk på Svalbard, og behovet for å få på plass naudsynt regelverk.

Landingsforskrifta gir reglar om mellom anna korleis seddel skal førast, kva opplysingar den skal innehalde og om oppbevaring og innsending av seddelen. Forskrifta fastset vidare krav til mellom anna veging av landa fangst, journalføring, merking og lagring. Alt dette er nøkkelopplysingar i ressurskontrollarbeidet.

Kjelde: Regjeringa.no

Nøkkelord