Fleire vil inn i energiutvikling på Svalbard

Longyearbyen kraftverk. Foto: Line Nagell Ylvisåker
Det eneste: Longyearbyen har Noregs einaste kolkraftverk. Det blir mata med kol frå Gruve 7 like utanfor Longyearbyen. Det er frå 1982 og har ei har ei forventa levetid fram tili 2038. (Alle foto: Line Nagell Ylvisåker, High North News).

Store Norske og universitetssenteret ønsker å jobbe fram fornybare energiløysingar som kan seljast til andre arktiske samfunn.

Ei rekke av energiverka i Arktis er forureinande diesel-maskiner. Når Longyearbyen skal gå over frå kol til fornybart, ynskjer Store Norske og Universitetssenteret på Svalbard (Unis) å bidra med teknologi og løysingar som kan seljast til andre byar og samfunn.

– Me ynsker å kunne bli ein leverandør av løysingar til andre arktiske utpostar. Eg trur det kan skape fleire arbeidsplasser i Longyearbyen enn berre drift av energiverket, seier administrerande direktør Jan Morten Ertsaas til High North News.

Administrerende direktør i Store Norske, Jan Morten Ertaas. Foto: Line Nagell Ylvisåker, High North News.
Administrerende direktør i Store Norske, Jan Morten Ertaas. (Foto: Line Nagell Ylvisåker, High North News).
Administrerande direktør Jan Morten Ertsaas i Store Norske ynskjer at fornybar energi skal vera eit av beina selskapet skal stå på når kol blir fasa ut.

1500 Arktiske tettstader 

Store Norske leverer i dag kol til energiverket i Longyearbyen og driftar små og store dieselkraftstasjonar på Svalbard, mellom anna den største i Svea.

– No går me inn i ein fase der me har sett oss mål om utvikla oss i bærekraftig retning og tenkjer fornybar energi, seier Ertsaas.

Ved Isfjord radio er Store Norske i gang med å erstatte minimum 50 prosent av energien dei får frå diesel med fornybar energi. På sikt ynskjer dei å driva stasjonen kun på fornybar energi. Vidare håper dei å vera med på omlegginga av energiverket i Longyearbyen og å selje teknologi og løysingar vidare.

Ifølgje Ertsaas er det 1500 tettstader som går på diesel, og fleire millionar menneske i Arktis som får energien sin frå dieselkraftverk.

Me ynsker å kunne bli ein leverandør av løysingar til andre arktiske utpostar.
Administrerande direktør i Store Norske, Jan Morten Ertsaas.

– Det er òg fleire dieselanlegg på Svalbard, som i Ny-Ålesund og Hopen. Her kan me godt erstatte diesel med fornybar energi drifte og overvake desse frå Longyearbyen, seier Ertsaas.

Han nemner sol, vind, hydrogen og amonjakk som framtidige energiberarar.

– Det skjer mykje på desse områda i dag. Me ynskjer å gjera mest mogeleg av uttestinga her i Longyearbyen, seier Ertsaas.

Store Norske ynskjer å samarbeide saman med Unis, Telenor, Avinor og samarbeidspartnarar på fastlandet for å skape meir aktivitet i Longyearbyen.

– Me vil utvikle gode løysingar tilpassa dei arktiske problemstillingane som permafrost, vind, snø, is, vanskeleg logistikk, mørketid og lys sommar. Det er ei heil rekke problemstillingar som er annleis her enn andre stader. Det har me kompetanse på etter 100 år på Svalbard, seier han.

Vil ha ei hand på rattet

Då justisminister Monica Mæland var i Longyearbyen tidlegare denne månaden, skreiv Svalbardposten at også Store Norske ynskjer å eige eit nytt energiverk. Mæland sa til avisa at det ikkje er innlysande at drift av et nytt energiverk er et lokalpolitisk ansvar. Det fall ikkje i god jord hjå lokalstyreleiar Arild Olsen.

Les også:

– Kan de jobba vidare med å bli en arktisk energileverandør om de ikkje eig energiverket i Longyearbyen sjølve?

– Det finst mange modellar og løysingar her. Det diskuterer me allereie med LL og det vil me fortsette å diskutere. Men me har sagt at me er parat og interesserte i å vera med på ei ny løysing. Me har stor respekt for at LL vil vera med i den eine enden av verdikjeda, men for oss er det veldig viktig å ha ei hand på rattet. Me veit at Longyearbyen kjem til å gå frå kol til noko anna. Når det skjer, må me vera med. Det har innverknad på mange arbeidsplassar i Longyearbyen og på det som har vore kjernedrifta vår i 100 år, seier Ertsaas.

Lokalstyret i møte med departementet

Tysdag denne veka var lokalstyreleiar Arild Olsen i møte med Olje- og energidepartementet (OED) om nytt energiverk på Svalbard. Det vart ikkje konkludert om framtidige energikjelder eller tidsplan, men Longyearbyen lokalstyre (LL) vart invitert til faste møter i tida som kjem.

– Me skal sjå på mogelegheiter for å få ein raskare overgang frå kol, på linje med det LL har signalisert at me ynskjer. Ei løysing som gjør det mogeleg består ikkje av eitt einsleg tiltak, men fleire tiltak undervegs, seier han.

Leder av Longyearbyen lokalstyre, Arild Olsen. Foto: Line Nagell Ylvisåker.
Leder av Longyearbyen lokalstyre, Arild Olsen. (Foto: Line Nagell Ylvisåker, High North News).
Lokalstyreleiar Arild Olsen og Longyearbyen lokalstyre skal ha tett dialog med Olje- og energidepartementet om nytt energiverk og ny(e) energikjelder på Svalbard.

Ein veg inn kan vera å gå over til diesel, sidan det er fleksibelt for å fase inn fornybare løysingar.

Fleire av bygga i Longyearbyen har i dag solceller som gir særs god effekt den lyse tida av året, men med dagens energiverk er det ifølgje lokalstyreleiar Olsen ikkje hensiktsmessig å føre straum frå solceller inn på fellesnettet. Det er nemleg ikkje mogeleg å justere ned energiproduksjonen på kolkraftverket i høve til faktisk forbruk.

LL har òg kontakt mot Berlevåg og eit etablert miljø på hydrogen der for å sjå om det kan nyttast i tillegg til diesel.

– Det er spanande og kan bli ei løysing på sikt, seier Olsen.

– Samla vurdering

Olje- og energiminister Tina Bru skriv til High North News at departementet hadde eit godt møte med LL, der dei avtalte å halde ein god og tett dialog framover.

– NVE presenterte tilleggsvurderingar som er utført før sommaren, mellom anna spørsmålet om bruk av dieselaggregat i en overgangsperiode og spørsmål knytt til koldrift i Gruve 7. Dette er delspørsmål som inngår i den samla vurderinga for overgangen til ny energiforsyning, skriv ho.

Vidare skriv ministaren at Longyearbyen er et lite og sårbart samfunn der nesten alt heng saman med alt.

Premisset for utvikling tenkjer eg at lokalsamfunnet skal ha privilegiet å ha del i.
Leder av Longyearbyen lokalstyre, Arild Olsen.

«Det er viktig at alle vesentlige konsekvenser av ny energiforsyning blir belyst. OED og andre departementer arbeider nå videre med å sammenligne de alternative energiløsningene som er utredet, og andre sider av saken. Det er for tidlig å peke på enkelte løsninger, og når eller hvordan ny energiforsyning skal gjennomføres. Vi er kommet et stykke på vei, og er klar over at situasjonen trenger en løsning som kan skape trygghet og forutsigbarhet i Svalbardsamfunnet. Jeg er opptatt av at Longyearbyen får en felles energiløsning som gir akseptable energikostnader for innbyggerne, og betydelig mindre miljøkonsekvenser enn dagens energisystem.»

Stortinget ga regjeringa i oppdrag å utgreie moglege løysingar i 2016. OED har arbeidd med dette sidan 2018.

Arild Olsen er klar på at LL ynskjer å vera eigar av eit framtidig energiverk.

– Energi, både produksjon og distribusjon, er premissgivande for Longyearbyen. Det premisset for utvikling tenkjer eg at lokalsamfunnet skal ha privilegiet å ha del i, seier Olsen.

Han fortel at deira kalkyler viser at straumprisen i framtida kan bli kutta ned mot ein tredel.

–  Det er opplagt at ha energiproduksjon som også bidreg til fellesskapskassa er ein strategi hjå oss. Den gir me ikkje frå oss direkte, seier han.

Også Olsen meiner at framtida ligg i ein energimiks, og at det er gir ein stor mogelegheit for utvikling og testing av energisystem.

– Det er ikkje noko me ynskjer å gjera sjølve, men Unis, Store Norske og andre aktørar kan bygge en næring rundt dette, seier lokalstyreleiaren.

Unis byggjer opp

Universitetsenteret på Svalbard (UNIS) samarbeider allereie med LL, og held dørene opne for Store Norske. Direktør ved UNIS, Jøran Moen ynskjer ei vekst på energiforsking og meiner Longyearbyen-samfunnet vil vera tent med det.

– Det finst ingen komplette fornybare løysingar for Longyearbyen. Når det gjeld hybridløysingar med sol, vind og batteri så har me mykje kunnskap om naturfag og naturen me skal hente energien frå. Der er også kunnskapen vår om klimaendringane og kva dei vil gjere med alt frå skydanning, snødrift og isingsproblematikk til permafrost veldig viktig, seier han.

Jøran Moen, direktør ved Universitetsenteret på Svalbard (UNIS). Foto: Line Nagell Ylvisåker
Jøran Moen er direktør ved Universitetsenteret på Svalbard (UNIS). (Foto: Line Nagell Ylvisåker).
Unis-direktør Jøran Moen er i gang med å tilsetja ein professor innan arktisk fornybar energi og ynskjer mellom anna å kunne utdanne folk til å løyse denne store framtidige samfunnsoppgåva.

I tillegg samarbeider Unis med fleire andre universitet og kan trekke inn kompetanse der det trengs.

Moen meiner det er eit hybrid-anlegg som blir ein del av løysinga for Longyearbyen.

– Det vil vera mange einskilddelar og system som må utviklast. Det er kjempespanande mogelegheiter, seier han.

To ekstra stillingar

I november i fjor fekk UNIS midlar til to stipendiatstillingar på fornybar, energi i Arktis.

Dei er no i gang med å rekruttere ein professor i ei ny fulltidsstilling. For å lyse ut doktorgradsstipendiatane må dei ha konkrete prosjekt dei kan lyse ut stillingar på.

–  Me er ein kunnskapsleverandør og vil engasjere oss i og satse på miljøvenleg energi. Me har ein avtale med LL og vil mest sannsynleg gå inn i ein avtale med Store Norske. Dei energiprosjekta me set i gang no vil vera brukarstyrte og i samarbeid med lokale myndigheiter og næringsliv. Me ynskjer å bidra til nye arbeidsplassar, seier han.

Me kan gjere Longyearbyen til den busettinga i Arktis som har minst CO2-utslepp.
Direktør ved UNIS, Jøran Moen.

– Håpar de å få fleire stillingar til fornybar energiutvikling i statsbudsjettet denne hausten?

­ – Det er ingen tvil om at Longyearbyen skal over på meir miljøvenleg energiløysingar. Då er det ingen tvil om at det blir behov for kompetanse til utvikling og drift. Me veit at det er vanskeleg å rekruttere folk innan energiteknologi i Noreg, sidan etterspurnaden etter slike folk er stor, seier Moen.

Han meiner det blir ei viktig oppgåve for Unis, å få unge til å engasjera seg i desse problemstillingane og å utdanna nok folk til å løyse denne store samfunnsoppgåva.

– Dette veil vera nye arbeidsplassar som vil vera med på å trygge Longyearbyens familiesamfunn. Samstundes kan me gjere Longyearbyen til den busettinga i Arktis som har minst CO2-utslepp. Når me har klart det, har me verkeleg noko å vise verda, seier han.

Nøkkelord