Strammar grepet om Svalbard

Langlesing: Sentrale styresmakter vurderer å ta frå utlendingar stemmerett lokalt, aukar vernet om naturen, og stiller strengare krav til tryggleik i felt. Lokale aktørar er uroa for konsekvensane.

Sola skin rosa på Hiorthfjellet utanfor Longyeardalen. Det er få dagar att til dei kring 2.500 registrerte innbyggjarane blir pakka inn i mørker. Stadig fleire av bygningane som lyser med gule vindauger er eigde av staten. Den førre regjeringa har foreslått nye forskrifter for skule- og barnehage der det blir gjort klart at elevar med spesielle behov ikkje har rett på skuleplass i Longyearbyen.

Sentrale styresmakter foreslår òg at utlendingar som ikkje har budd minst tre år i fastlands-Noreg ikkje skal ha stemmerett til lokalvalet. I tillegg er omfattande regelverk om naturvern og ferdsel i felt på høyring (sjå eigne faktaboksar).

Overraska

  Arild Olsen (Ap) er lokalstyreleiar i Longyearbyen. Han er overraska over at sentrale styresmakter ikkje har reagert tidlegare. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Rask utvikling

Lokalstyreleiar Arild Olsen (Ap) sit i sofaen på kontoret sitt midt i sentrum av byen og trekker lange linjer.

Historia om det norske Svalbard er historia om rask utvikling og eit evig spørsmål om kva staten eigentleg vil med samfunnet. På 1990-talet gjekk Longyearbyen frå å vera company town, der alt var eigd og styrt av statseigde Store Norske, til å bli normalisert med private næringar og familiesamfunn. Staten såg at Svalbard-samfunnet kosta pengar, og ville ha privat næringsliv til å vera med å betale for infrastruktur og drift.

Samstundes fekk byen lokaldemokrati.

– Det har staten lukkast med. Næringslivet er endra og Longyearbyen lokalstyre tek inn meir gjennom avgifter og gebyr som straumrekningar og veg-gebyr enn me får i tilskot. Men omstillingsprosjektet gjekk fortare og kraftigare enn styresmaktene hadde tenkt. Innbyggjartalet har nær dobla seg, seier Olsen.

Svalbardpolitiske mål:

Dei fem overordna:

  • Ei korrekt og fast handheving av suvereniteten.
  • Korrekt handheving av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd.
  • Bevaring av ro og stabilitet i området.
  • Bevaring av områdets særeigne villmarksnatur.
  • Å oppretthalde norske samfunn på̊ øygruppa.

Meir komplekst samfunn

Den raske veksten gjer samfunnet meir komplekst enn før. Det må nye lovverk på plass for å sikre at samfunnet held seg innanfor rammene av Svalbard-politikken og samstundes kan driva på ein fornuftig måte, meiner lokalstyreleiaren.

Svalbard er Noreg og samstundes eit annleisland. Utlendingslova gjeld ikkje. Folk frå heile verda kan busette seg i Longyearbyen så lenge dei har ein plass å bu og pengar til å klare seg.

Longyearbyen lokalstyremøte_skjermdump.
Et tidligere møte i Longyearbyen lokalstyre. (Skjermdump)
Longyearbyen lokalstyremøte. (Skjermdump)

Velferdslovgiving gjeld ikkje. Byen skal vera eit «levedyktig familiesamfunn», men ikkje eit livslaupssamfunn.

Her er det akuttsjukehus med legevakt, men ingen fastlege, pleieheim eller psykolog. Skattenivået speglar òg at tenestetilbodet er lågare enn på fastlandet.

Dersom nordmenn har behov for fleire tenester, har dei rett på det i heimkommunen på fastlandet. Utlendingar må vende seg til heimlandet.

Staten innfører fleire lover fordi utviklinga gjekk lenger og fortare enn dei hadde føresetnader for å tru berre kort tid tilbake, meiner lokalstyreleiar Olsen.

Medan mange opplever dette som innstrammingar, vil han snu om på problemstillinga og seie at det er rart staten ikkje har reagert tidlegare.

– Mykje av det som kjem no har me peika på lenge, seier han.

Eit eksempel han trekk fram er at andelen utlendingar aukar. Ved inngangen av året hadde kring 36 prosent av innbyggjarane anna pass enn norsk. Dei kom frå meir enn 50 nasjonar.

Det er ikkje noko problem i seg sjølv, men det oppsto eit problem då Covid-19 kom. Me såg at det er ei gruppe i Svalbard-samfunnet som ikkje har rettar, at me byggjer Longyearbyen på skuldrane til dei svakaste. Eg meiner me bør stoppe opp og finne ut korleis me skal løyse dette, seier lokalstyreleiaren.

Longyearbyen skule har kring 225 elevar i grunnskulen

Til saman har dei to barnehagane i overkant av 100 barn. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Olsen skjønar at staten ynskjer meir kontroll over kven som bur i Longyearbyen, men han er redd for at dei i iveren etter å ta tak endar opp med å trå feil. Om ikkje utlendingar i Longyearbyen får rett til å stemme ved lokalvalet, kan det gjere lokaldemokratiet irrelevant. Han er bekymra for at konsekvensane ved å stenge ei stor gruppe innbyggjarar ute frå lokaldemokratiet, vil skape større skilje i befolkninga enn det er i dag.

– Om nokon blir stengde ute frå det offentlege ordskiftet, blir det også vanskeleg å ha kontroll på skjulte makt- og handelsstrukturar, seier han.

Olsen trur heller ikkje det er noko som tilseier at andelen utlendingar vil gå ned sjølv om dei ikkje får stemmerett.

– Men det lokale sjølvstyret kan miste krafta si. Det er ein unødvendig stor risiko for Noreg å ta. Me kan ikkje seie om 10 år at dette gjekk ikkje, så no får de stemmeretten tilbake, seier han.

Lokalstyreleiaren opplever at det i hovudsak er nordmenn som problematiserer rammene for Svalbard-politikken og som dytter på grenser og ynskjer fleire sosiale rettar. Truleg fordi nordmenn er vande med eit breiare tilbod frå fastlands-Noreg, medan utlendingar ofte vil oppleve at velferda aukar og at dei får større fridom i Longyearbyen enn i heimlandet.

– Det kan vera eit paradoks i det heile, seier lokalstyreleiaren.

Han legg til at høyringsforslaget kan lesast som at staten har mista trua på at den oppfyller kravet om å oppretthalde eit norsk samfunn og at me treng ei ny svalbardmelding.

– Det er alvorleg nok i seg sjølv, seier Olsen.

Høyringsforslag om stemmerett:

  • Personar som ikkje er norske statsborgarar har stemmerett og er valgbare til lokalstyret berre dersom dei har vore folkeregistrert busatt i ein norsk kommune dei tre siste åra før dei flytta til Longyearbyen. (I dag får dei stemmerett ved tre års butid i Longyearbyen)
  • Høyringsfrist var 25. oktober 2021.

 

I 2023 skal den norske kolgruvedrifta på Svalbard vera over

Nei til spesialundervising

Eit anna område der Longyearbyen lokalstyre har kjent på voksesmerter og manglande regelverk er i oppvekstsektoren.

– Me må ta nye retningsval fordi me er på veg utanfor dei grensene som Svalbardpolitikken seier me skal halde oss innanfor, seier Olsen.

Fram til 2007 var det staten som eigde skulen i Longyearbyen. Då tok Longyearbyen lokalstyre over, med beskjed om at opplæringslova gjeld i Longyearbyen «så langt det passar». Kva som passar, er det Kunnskapsdepartementet som avgjer. Fleire gonger har Longyearbyen lokalstyre sendt brev til departementet og bedt om avklaringar.

I vår kom forskriftsforslaget der departementet foreslår at retten til spesialundervisning ved grunnskulen i Longyearbyen berre skal gjelde ungar som har behov for mindre eller moderat tilrettelegging av opplæringa. Berre i særskilde tilfelle skal born ha rett på ein-til-ein-undervisning eller ein personleg ressurs som assistent eller spesialpedagog, og då maksimalt tre månader.

Departementet vil ikkje auka Longyearbyen lokalstyres økonomiske rammer, og understrekar at skulen ikkje skal kompensere for velferdstenester som ikkje er tilgjengelege i byen.

Om ungar treng fleire tenester og meir tilrettelegging enn Longyearbyen kan tilby, må foreldra vurdere om det beste for barnet er å bu ein annan stad.

Unicef og Barneombodet er mellom dei som er kritiske til forslaget, og meiner Noreg ved å godkjenne forskrifta vil bryte barnekonvensjonen og grunnlova på Svalbard. Høyringsfristen er over, men saka er ikkje ferdig behandla.

Høyringforslag om oppvekstsektoren for Longyearbyen:

  • For grunnskulen set forslaget mellom anna rammer for kor mykje spesialundervising Longyearbyen lokalstyre skal tilby. Departementet foreslår òg at Longyearbyen lokalstyre ikkje skal ha plikt til å tilby korkje kulturskole, leksehjelp, leirskule eller SFO.
  • Longyearbyen lokalstyre pliktar å ha et tilbod om barnehage for minst ti barn over tre år og minst fem barn under tre år.
  • Private aktørar kan ikkje tilby barnehageverksemd.
  • Høyringsfrist var 15. august 2021.

 

 

Uroleg

 Terje Aunevik er leiar for Svalbard Næringsforeining. Han er uroa for om tiltaka lokale styresmakter kjem med vil råke det som fungerer, ikkje det dei eigentleg vil regulere. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Uroa leiar for næringsforeininga

Signala frå sentrale styresmakter gjer leiar Terje Aunevik i Svalbard Næringsforeining uroleg.

– Det merkes at styresmaktene ynskjer færre utanlandske innbyggjarar, men om det er målet, er eg usikker på om tiltaka som er på gang er rett medisin, seier han.

Han er redd virkemidla som blir foreslått no råkar det som faktisk fungerer. Til dømes meiner han at innstrammingar i tilbodet om spesialundervising ikkje vil gjere Longyearbyen meir attraktiv for norske familiar. Han trur heller ikkje forslaget om å ta frå utlendingar stemmerett treff slik det er tenkt.

– Eg trur heller det vil gi meir støy, seier han.

Næringslivsleiaren er òg usikker på om innbyggjartala frå SSB stemmer med røynda. Tala viser at det har blitt fleire innbyggjarar i Longyearbyen også dei siste to åra.

Folk som flyttar til Svalbard får rett til å jakte, fiske og får alkoholkort om dei melder seg inn i befolkningsregsiterert. Det er så godt som ingen insentiv til å melde seg ut.

I ei utgreiing om bustadbehov i 2019 skreiv Longyearbyen lokalstyre at styresmaktene har svakare kontroll med kven som bur på Svalbard enn på fastlandet. Dette vart òg tydeleg i vår, då Longyearbyen lokalstyre sendte ut 1800 invitasjonar til innbyggjarundersøkingar. Ifølgje Svalbardposten var det 150 personar som ikkje lenger budde på adressene dei var registrert på.

Skattekontoret jobbar no med å betre systema for å sikre betre informasjon om kven som faktisk bur på øygryppa.

Samstundes er det store, midlertidige bygge- og ryddeprosjekt i dei norske busettingane. Gruvesamfunnet Svea blir rydda tilbake til naturen, og i Longyearbyen jobbar entreprenørar med skredsikring, nye studentbustader som sto ferdig søndag, nytt bygg til Telenor, ny avfallsstasjon, totalrenovering av post- og bankbygget (som no er utan bank) i sentrum av Longyearbyen og oppfrisking av torget.

Mange av dei som jobbar med dette er truleg óg midlertidige. I tillegg kjem kring 100 elevar ved den nystarta folkehøgskulen.

– Eg trur dei som flytter no er nordmenn, ikkje utlendingar, seier Aunevik.

Nærings- og innovasjonsstrategi for Svalbard frå 2019:

  • Ny næringsaktivitet på Svalbard skal naturleg dra nytte av Svalbards særeigne natur eller beliggenhet.
  • Ønskelig med stabile, heilårige og lønsame arbeidsplassar.
  • Næringsutvikling og ny aktivitet må skje innanfor miljøregelverket og miljømåla som gjeld for Svalbard.
  • Ny og utvida næringsverksemd vil utgå frå Longyearbyen.
  • Det er ikkje eit mål at samfunnet skal vokse utover dagens nivå. Regjeringa ynsker ikkje å legge til rette for en vekst som raskt gir behov for store investeringar i ny infrastruktur.

Dette året har det vore stor byggeaktivitet i Longyearbyen

Fleire bustadblokker er komne på plass, mellom anna til studentsamskipnaden. I 2023 er mykje av byggeaktiviteten over. Samstundes skal Gruve 7 stenge og byen få ny energikjelde. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

I eit lesarinnlegg i Svalbardposten uttrykte Aunevik bekymring for kva som vil skje med Longyearbyen i 2023. Då skal den norske kolgruvedrifta på Svalbard vera over. Den storstilte nedbygginga av Svea over, dei store, statlege- og offentlege byggeprosjekta er over og Gruve 7 i Longyearbyen skal leggjast ned. Det heile blir toppa med forslag til omfattande endringar i forskrifter som legg trongare rammer for næringslivet.

I september kom forslaget til revidering av Svalbardmiljøloven som vart oppretta i 2002 og forskrifter som følgjer av den. Den globale oppvarminga råkar Svalbard særskilt hardt, og gjer mange artar og naturområder meir sårbare. Samstundes har talet på tilreisande til øygruppa auka. Berre frå 2015 til 2019 auka talet på kommersielle overnattingar med 30 prosent. Talet på ekspedisjonscruiseskip har auka frå 23 i 2010 til 73 i 2019.

Sesongen har blitt lenger og nye område blir besøkt av turistar. For å bøte på dette foreslår regjeringa mellom anna å stramme inn på kva områder turistar kan gå i land, krav til at det kan vera maks 200 personar om bord på ekspedisjonscruiseskip, og forbod mot motorferdsel på fleire fjordar på våren. I tillegg er det kome forslag til å byte ut turistforskrifta med ei feltforskrift som mellom anna stiller krav til sertifisering av guidar.

Dei to siste åra har vore særs utfordrande for reiselivet. Alt vart satt på vent under corona. Derfor opplever eg det som særs spesielt at det kjem så mange høyringar no når bedriftene har hatt nok med å overleve, seier Aunevik.

Høyringsforslag - svalbardmilølova med tilhøyrande forskrifter:

  • Regulere turistverksemders løyve til å gå i land frå båt i verneområder. Gå frå prinsippet om at ferdsel som hovudregel er lov, til at det i utgangspunktet blir forbode i verneområda anna enn på 42 kartfesta områder.
  • Cruiseskip som ferdast i verneområda kan maks ha 200 passasjerar om bord.
  • Skjerping av forbodet mot å oppsøke isbjørn og eit krav om å halde minst 500 meters avstand.
  • Forbod mot motorferdsel på sjøis i fleire områder frå 1. mars.
  • Forbod mot bryting av fastis og is som er i ferd med å leggje seg, med unntak av hamnene i Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund.
  • Fartsgrense i sjø på 5 knop i eit område 500 meter frå utvalde fuglefjell frå 1. april til 31. august.
  • Minsteavstand på 300 meter frå liggeplassane til kvalrossar, når ein kjem frå sjøen.
  • Forbod mot bruk av undervassfartøy.
  • Krav til søknad for telt- og leiropphald i turist-, felt-, forskings- og utdanningsverksemd. Andre må søke om dei skal telte same stad i meir enn ei veke. Krav til vaken isbjørnvakt.
  • Forbod mot droner og fjernstyrte eller autonome ubemanna innretningar i lufta og på bakken og under vatn i verneområda. Forbod mot bruk av droner nær 500 meter frå fuglefjell i tida 1. april til 31. august.
Det er vanskeleg å kjempe for å overleve og samstundes forholde seg til så omfattande verneplanar og høyringar
Leiar Terje Aunevik i Svalbard Næringsforeining

Næringslivsleiaren blir ofte skuffa over kor lite merksemd den gode organiseringa av reiselivet på Svalbard har.

– Det er kanskje best i verda. Eg trur ikkje styresmaktene bør gjere det vanskelegare og vanskelegare å drive, seier Aunevik.

Han meiner realiteten er at næringa har lege i framkant og regulert seg sjølv, sidan regelverket frå styresmaktene ikkje var godt nok.

– No kjem det reglar basert på at næringa sjølv ynskjer at det skal koma krav. Men summen det som kjem no er så omfattande at det kan bli vanskeleg å drive. Målet med eit nytt regelverk må vera at det blir tryggare, at konkurransevilkåra blir like og at det ikkje blir vanskelegare å drive, seier han.

Ønsket frå næringsforeininga er at Longyearbyen skal ha eit differensiert og lokalt næringsliv.

– Mykje av aktiviteten og inntektene for aktivitetane på Svalbard går til fastlandet og utlandet. Politikken burde lagast slik at desse inntektene kjem Longyearby-samfunnet til gode. Om det ligg ei utfordring i noko, er det at eg fryktar at tiltaka som kjem no råkar det som faktisk fungerer, seier næringslivsleiaren.

Han meiner det er fornuftig med ein revisjon av regelverket reiselivet skal halde seg til.

– Men dialogen har ikkje vore så god her. Det er vanskeleg å kjempe for å overleve og samstundes forholde seg til så omfattande verneplanar og høyringar, seier Aunevik.

Høyringsforslag: turistforskrift blir felttryggleikforskrift

  • Krav til sertifiserte Svalbard-guidar.
  • Turist- og feltaktørar må søke om lov til ferdsel og aktivitet over heile Svalbard. Tidlegare var det meldeplikt.
  • Forsking- og utdanningsaktivitet får også forsikringsplikt, på lik linje med turist- og feltaktørar.
  • Tidlegare fastbuande blir rekna som turistar/individuelle reisande etter forskrifta.
  • Krav til å ha med våpen og skremmemidlar for jaging av isbjørn utanfor bebudd område. Fastbuande har sjølve ansvar for å vurdere når våpen skal vera med.
  • Pakkelova blir gjeldande for Svalbard.
  • Høyringsfrist 1. februar 2022.
Daglig leder Ronny Brunvoll i Visit Svalbard
Dagleg leiar Ronny Brunvoll i Visit Svalbard. (Foto: Privat)

– Høyringane kjem for seint

Dagleg leiar Ronny Brunvoll i Visit Svalbard har gratulert den nye justis- og dermed også svalbardministaren Emilie Enger Mehl med jobben. Det gjorde han gjennom eit lesarinnlegg i Svalbardposten. Han fortel ministaren at Visit Svalbard lenge har peika på at det seriøse reiselivet er under press frå aktørar som vel å operere i gråsoner, utan lokal forankring og på ein slik måte at verdiskapinga ikkje kjem Svalbard til gode.

Visit Svalbard meiner at fleire av verkemidlane som blir foreslått i dei to høyringane er lite eigna til å løyse dei utfordringane som er i spennet mellom turisme, miljøvern og tryggleik. Dei meiner innsatsen til styresmaktene og reguleringar må vera meir målretta mot den delen av reiselivet som utgjer eit trugsmål mot den seriøse næringa.

Lokalstyreleiar Arild Olsen meiner at miljøregelverket allereie kjem for seint. Men at regjeringa no burde vente enda litt lenger, og utsette høyringsfristane.

– Verken me, næringslivsorganisasjonar eller næringslivet sjølv er per no i stand til å sjå kva konsekvensane av forslaga kan bli. Dei er i kneståande etter corona. Følgjene kan bli dramatiske for næringslivet lokalt, og kanskje ikkje godt nok for naturen fordi regjeringa må skynde seg slik. Slik kan nytt regelverk òg virke mot norsk svalbardpolitikk. Eg forstår at dei ynskjer å sjå på ny forvaltning, men det er ikkje sikkert eg er samd i retninga på meldinga, seier han.

– Kva meiner du då?

– Førebels kan ingen kan svare på konsekvensane for næringslivet og samfunnet, ei heller de opplagte fordelen for naturen og dyrelivet, svarer Olsen.

Men han er klar på at om regelverket blir foreslått, må staten koma med omstillingsmidlar for å hjelpe lokale selskap til å nå den nye miljøstandarden. Dei 25 millionane næringslivet fekk under Covid 19 burde ha gått til dette, men prosessane heng ikkje saman, det går for fort.

– Trur du det er ein strategi frå staten å lasse dykk ned med alle desse høyringane samstundes?

– Nei, eg er heller overraska over at høyringsforslaga ikkje kom tidlegare. No har problemstillingane blitt så store og tydelege at det er mykje som kjem samstundes. Men miljøregelverket er ikkje avgjort. Der kan me påverke, seier han.

I år har det kome fleire høyringar lokalstyret ikkje har vore kjende med før dei vart lagde fram.

– Eg les ikkje det som overrumpling, heller som ein dårleg prosess, seier Olsen.

Det er snart et halvt århundre med bekymringar.
Lokalstyreleiar Arild Olsen, Longyearbyen lokalstyre

Lokalstyreleiaren lurer ikkje på kva staten vil med Longyearbyen eller kva folk skal leve av i framtida.

– Denne uroa har vore lufta gong på gong dei 22 åra eg har budd her og før meg igjen. Det er snart et halvt århundre med bekymringar. Eg tvilar ikkje på Longyearbyen, eller staten for den del. Historia motbeviser dei dystre spådommene. Sjølv om det ikkje er noko mål i seg sjølv at Longyearbyen skal vokse, aukar innbyggjartallet og næringslivet blir meir og meir varieret. Me har fleire bein å stå på, seier han.

Longyearbyen har universitetssenter, ein voksande bakkestasjon for å laste ned data frå satellittar, ei stor bygg- og anleggsnæring, bryggeri og Telenor med ei stor innovasjonsavdeling. I tillegg er står statseigde Store Norske framleis solid, sjølv om det ikkje skal vera eit gruveselskap i framtida. No skal det jobbe med fornybar energi og eigedom.

Men også Olsen ser på 2023 med uro.

– For Longyearbyen-samfunnet blir det ei krevjande oppgåve å suge opp i seg det faktum at me får færre arbeidsplassar. Dette vil gi ringverknader. Eg meiner det kan vera fornuftig å utsette avslutningstidspunktet for Gruve 7, seier han.

Lokalstyreleiaren er redd konklusjonen om avviklinga er trekt utan at det har vore nokon større, politisk debatt.

– No er det regjeringsskifte og det skaper nye moglegheiter eller nye avgrensingar. Alle må være sikre på at dette er et klokt valg, seier den lokale Ap-politikaren.

Sesongen har blitt lenger og nye område blir besøkt av turistar

For å bøte på dette foreslår regjeringa mellom anna å stramme inn på kva områder turistar kan gå i land. (Foto: Basecamp Explorer)

Tek over bustader

For private bedrifter har bustader i mange år vore ein flaskehals. Ofte kan det vere slik at «kompetansen» arbeidsgivar ser etter hjå tilsette, er om dei har eigen bustad. Størstedelen av bustadane i Longyearbyen er eigde av staten eller det offentlege. I 2019 sendte Longyearbyen lokalstyre ei oversikt over bustadbehov til Sysselmeisteren.

Den viste at kring 60 prosent av dei då 1277 bustadane i Longyearbyen var eigde av statlege- og offentlege aktørar. 20 prosent var eigde av private bedrifter som leigde ut til sine arbeidstakarar. Dei siste 20 prosenta som var att, høyrde til den opne, private eige- og leigemarknaden.

Sentrale styresmakter har bestemt at det ikkje skal byggjast på nye areal i Longyearbyen. Samstundes kjøper Store Norske og Statsbygg opp private bustader.

Hege Njaa Aschim.
Kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg. (Foto: Statsbygg)
Kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg. (Foto: Statsbygg)

– Me er interessert i å vera til stades på Svalbard og på vegne av staten sørge for at det er eit godt og sikkert bustadtilbod på øygruppa. I tillegg handlar det sjølvsagt litt om eigarskap og kva type aktivitet og verkstemd staten og Noreg vil ha. Det vil vera med på å styre etterspørselen etter bustader. Me svarar ut frå behova som staten melder inn til oss, seier kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg.

– Ynskjer staten kontroll over en større del av bustadmarknaden på Svalbard?

– Nei, det er ikkje grunnen. Me opererer heller ikkje sånn. Me gjer ikkje det for å få kontroll eller makt. Me kjøper fordi det er behov for bustader til statlige aktørar, svarar Aschim.

Ifølgje henne eig Statsbygg 220 bustader i Longyearbyen. Dette året har dei kjøpt 59 bu-einingar. Dette inkluderer bustadane til Universitetssenteret på Svalbard som Statsbygg tek over ansvaret for. Statsbygg jobbar i tillegg med å overta bustadene til Longyearbyen lokalstyre.

Store Norske er den største bustadeigaren i Longyearbyen. I 2019 eigde dei 381av heimane. I forslaget til statsbudsjett for 2022 har dei fått løyve til å kjøpe fire leilegheits- og hybelbygg frå den private aktøren Longbo.

– Eigaren ønska å selje og me meiner det er fornuftig å kjøpe ettersom leilegheitene er utleigde og har ein fornuftig økonomi. Det er vår strategi at når det kjem større eigedomsporteføljar for sal, så skal me vurdere det, seier eigedomssjef Sveinung Lystrup Thesen i Store Norske.

Han fortel at dei fleste leilegheitene frå Longbo er leigd ut til reiselivsbedrifter og at Store Norske vil fortsette desse leigeavtalane, om kjøpet blir endeleg.

– Det er ikkje strategi å kjøpe mest mogeleg eller å støvsuge marknaden. Enkeltbustadar er berre unntaksvis interessante dersom det er i sameiger me eig mykje i frå før seier Thesen.

Store Norske leiger ut bustader til eigne tilsette og til lokale firma.

Terje Aunevik tykkjer det er vanskeleg å seie om dei statlege oppkjøpa vil gjera det vanskelegare for lokale bedrifter.

– Kanskje kan me snu på det: Eg vil heller det at det er nasjonal kontroll på bustader og infrastruktur enn at staten blir redd for næringsutvikling. Ofte diskuterer me kva type næring me skal ha i framtida, og det oppstår ei frykt for nye typar næringsverksemd – eller utlendingar. Har ein kontroll på bustader infrastruktur sit ein trygt og godt, om det er målet, seier han.

No avventar me ny politisk leiing.
Sysselmeisteren på Svalbard, Lars Fause.

Ventar på ny politisk leiing

Sysselmeisteren på Svalbard er statens øvste representant på Svalbard, men Lars Fause kan ikkje seie noko om kva som er staten sin Svalbard-strategi i tida som kjem.

Då High North News snakka med han førre veke, var han klar til å informere og svare på spørsmål frå den nye justis- og dermed svalbardministaren Emilie Enger Mehl.

– No avventar me ny politisk leiing, seier han.

Fause starta i stillinga i juni. I eit intervju med Svalbardposten sa han at det ville koma eit vedtak som var upopulært. No fortel han at vedtaket han tenkte på var bortvisinga av den amerikanske journalisten Mark Sabbatini som ikkje lenger hadde midlar til å klare seg sjølv.

–  Eg var usikker på korleis det ville bli motteke, seier sysselmeisteren.

Når det gjeld høyringane, seier Fause at Sysselmeisteren ikkje vil uttale seg noko meir enn dei juridiske innspela etaten har gitt til departementa.

– Me forheld oss til politikarane i tjukt og tynt, seier han.

Lars Fause
Sysselmeisteren på Svalbard Lars Fause, er statens øvste representant på Svalbard. (Foto: Trygve Olsen). 

I Hurdalsplattformen som Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart samde om tidlegare denne månaden, står det:

«En ny giv i nordområdene vil innebære en kraftfull satsing på tvers av flere sektorer, som utdanning og forskning, ressursforvaltning, næring og samferdsel. Svalbard har stor strategisk betydning for Norges muligheter i nordområdene og Arktis, og svalbardpolitikken er derfor en viktig del av regjeringens nordområdepolitikk. Regjeringen vil opprettholde norsk bosetting på Svalbard.»

Vidare skriv dei at dei vil vidareutvikle Svalbard-politikken på ein måte som sikrar norske interesser og norsk busetting, og ivaretek ein bærekraftig utvikling i Arktis.  

High North News har spurt den ferske svalbardministaren korleis dei vil gjere dette, og om arbeidet den førre regjeringa starta vil stå ved lag.

Ifølgje pressavdelinga har statsråden fullpakka kalender den første veka, men vil truleg koma tilbake med svar denne veka.

– Manglar verkty

Lokalstyreleiar Arild Olsen fortel at det, trass i høyringar som kjem bardust på, har blitt færre knutar på tråden som går frå Løvebakken Svalbard dei siste åra.

– Flyten er betre og det er færre konfliktar. Samarbeidet med Sysselmannen er òg betre, og dei har blitt meir profesjonelle i rolla som statsforvaltar. Det er ein fordel for oss som lokaldemokrati, seier han.

– Kva har blitt vanskelegare med å drive lokaldemokrati?

– At me manglar verkty når samfunnsstrukturen har blitt så kompleks. Derfor ynskjer eg òg en del nytt lovverk velkommen. Eg blir bekymra når eg ser me ikkje klarer å få til ein god nok balanse mellom lokale og sentrale styresmakter. Då mister lokaldemokratiet kraft. Folk må ha mogelegheiter til å påverke lokalsamfunnet sitt, barnehagar, SFO, kulturskuletilbod, energiforsyning, kor me skal bygge hus og kva type næring me skal ha.

– Alt dette skjer gjennom lokalstyret, ikkje gjennom departementa, stortinget eller statens armar lokalt, sjølv om dei er naudsynte partnarar, seier Olsen.