Fjernar Svea-samfunnet

Til sommaren vil det meste av Svea sentrum vera borte. No jobbar gruvearbeidar med å rydde, sortere og kaste over 100 års kolhistorie.

Av Line Nagell Ylvisåker

Isen ligg på Van Mijenfjorden eit steinkast bortanfor ryddeleiren på Kapp Amsterdam, eller Kapp Farvel som det blir kalla. Brakker frå Svea sentrum er flytta hit for å huse dei som skal rive gruvesamfunnet, i tillegg til ei messe som er henta frå Helgeland.

Det knirkar under skoa og bilane står på tomgang ved kvart brakkehjørne for å hindre full stopp i dei 21 minusgradene.

Kurt Even Hansen fekk tilnamnet Darris. Svea
Kurt Even Hansen fekk tilnamnet Darris då han skulle sjekke om det var istappar i gruva som måtte fjernast. Han peika og så «Dar e is, dar e is, dar e is», og så var det gjort. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Kurt Even Hansen fekk tilnamnet Darris då han skulle sjekke om det var istappar i gruva som måtte fjernast. Han peika og så «Dar e is, dar e is, dar e is», og så var det gjort.

Inne i ein stor, blå hall som fungerer som nytt lager, står tidlegare gruvearbeidar Kurt Even Hansen, av lokale betre kjend som Darris. Han har fått i oppdrag å starte dagen med å sette på plass eit skåp saman med maskinførar Tommy Furulund frå Hæhre.

Det skal stå under trappa, har dei fått beskjed om. Men skåpet er tungt og trappa i lågaste laget. Dei får ikkje løfta det av pallen.

– Næh, kanskje me får bruke Zalo, seier Darris.

Han kom til Svalbard i 1982. Sidan då har han stort sett jobba inne i fjella, hola dei ut og henta ut kol. Størstedelen av tida har han jobba her i Svea og gruvene Svea Vest og Svea Nord. No er fjellet og alle gruvene stengde og han er ryddearbeidar.

– Eg har innfunne meg med at når det er stengt, så blir det slik, seier han og bukserer vidare på skåpet. 

Dei opnar skåpdørene. Det er proppfullt av utstyr. Det får få plass attmed trappa, ikkje under. Så får dei heller ta den kjeften som kjem.

Kapp Amsterdam og kaianlegget sett frå lufta

Her har Store Norske etablert ryddeleir med mellom anna hybelbygg med til saman 87 sengeplassar, messe, ein liten kiosk, kontorbygg, treningsrom, bar, lagerhallar, aggregat og reinseanlegg for sjøvatn.

Rivinga er i gang

Journalisten frå High North News let Darris rydde vidare på lageret og køyrer mot sentrum av Svea. På vegen stoppar bilen.

Ein mann frå AF Decom ser varsellysa blinke, svingar bort og tilbyr skyss.

Frode Lambertsen i AF Gruppen. Svea
Frode Lambertsen i AF Gruppen  var med på bygginga av oppredningsverket og tykkjer nedbygginga av Svea er trist. No jobbar han med å få liv i ein av bilane som har stoppa i mars-kulda. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Frode Lambertsen i AF Gruppen  var med på bygginga av oppredningsverket og tykkjer nedbygginga av Svea er trist. No jobbar han med å få liv i ein av bilane som har stoppa i mars-kulda.

Han heiter Frode Lambertsen og fekk stopp på sin bil på omlag same plass eit par timar tidlegare på morgonen.

– Det er veldig merkeleg å koma tilbake her no. Eg var med på å byggje oppredningsverket. No er det ingen ting att. Me som kjenner plassen tykkjer det er trist, seier han.

Det er AF Decom som har fått jobben med å rive det meste av bygningsmassen og infrastrukturen i Svea. Dei fekk inn fleire maskiner og conteinarar med den siste båten som kom seg inn til Svea før fjorden fraus. Resten fraktar dei frå Longyearbyen med dosarar og trakkemaskiner. Siste veka i februar byrja dei å rive kontorriggen.

No er det berre ei trapp, pelane og skjørtet som står att.

Per Martin Dokk er anleggsleiar for AF Decom i Svea. Han tek hjelmen på og viser at saneringsarbeidet i hybelbygget Bondeheimen no er i full gang. Veggar og golv er nakne. Leidningar, alle elektriske komponentar og mynttelefonen i gangen er fjerna. I ein av hyblane går Normunds Baruss med ei maskin som tek bort golvbelegget.

– Me let vindauga stå att, sidan maskinene treng litt temperatur for å ta belegget. Då blir det òg meir behageleg for dei som skal jobbe her, seier Dokk.

Han køyrer vidare mot bygget som tidlegere romma oppredningsverket, det som skilte stein frå kol. No er det delane frå brakkemodulane som blir sortert her.

På vegen møter me eit følge frå det russiske gruveselskapet for Trust Arktikugol. Dei har fått bowlingbana frå fritidsklubben i Svea, og Store Norske har gitt dei løyve til å hente det meste anna dei måtte ha interesse av.

I ein sving stoppar Dokk og peikar på ein kross som er satt ned i bakkene ovanfor oppredningsverket. Det var sterke kjensler og mykje sinne knytt til avgjerda i 2017 om å stenge Lunckefjell-gruva og la kolet der ligge, stenge Svea Nord-gruva, fjerne heile Svea-samfunnet og alle spor etter gruvedrifta frå tida etter 1946.

– Men det går fint for oss. Ingen legg på oss at samfunnet blir lagt ned. Dette er ikkje noko me har bestemt, men ein jobb me har fått, seier han.

Inne i den tidlegare oppredningshallen, jobbar to gravemaskiner med å plukke frå kvarandre brakkemodular og sortere delane. Ein haug med trevirke, ein med isolasjon, ein med dører og ein med metall.

Aggregata frå Lunckefjell er flytta til Kapp Amsterdam

Dei gir straum til ryddeleiren, og varmen blir brukt til å drive vassrenseanlegg for sjøvatn.

20 år med Svea-kraft

Sjølv om mars-kulda bit ute, er det varmt og godt inne i den midlertidige ryddeleiren på Kapp Farvel. Maskinist Stig Barstad passar på to nye generatorar som durar like bortanfor kontorbrakkene der. Dei vart henta ned frå Lunckefjell-anlegget der dei skulle vera reserveanlegg, om hovudforsyninga frå energiverket i Svea stoppa.

Motorane vart berre testa. Lunckefjellgruva til 1,2 milliardar kroner kom aldri kom ordentleg i drift. I fjor haust var anlegget ferdig rydda. Alle bygningar, massar og vegen med gatelys som gjekk over Marthabreen er borte.

Den gamle hovudkraftstasjonen ligg på nedsida av flystripa i Svea. Det var det største dieseldrivne energiverket i landet. Barstad kom for å reparere ein motor, sidan ein av maskinistane var sjuke. Store Norske spurde om han kunne bli til maskinisten var frisk igjen. Til sommaren er det 20 år sidan.

Hybelbygget Bondeheimen er heilt nakent

Snart blir brakkebitane plukka frå kvarandre ein etter ein.

Sveas kalde hjerte

Barstad viser veg inn i Sveas kalde hjarte. Pumpehuset til fjernvarmen er demontert. No skal anlegget tømast for diesel, olje og kjølevæske. Det går 1800 liter olje på kvar av dei fire motorane, 2000 liter kjølevæske.

Når alt er tømt og klargjort, skal taket på stasjonen løftast av og motorane løftast ut. Etter det er det er det berre «plug and play» for dei som eventuelt tek over.

– Det er vemodig å øydeleggje det eg har vore med på å byggje opp, men slik er det med alt mogeleg. Alt har ein ende. Tauet har to.

Den en vestlege delen av kraftstasjonen rommar to gule motorar. Dei kom i 2001 frå ein Michelin-fabrikk i Frankrike. Dei to andre er nyare og står i den andre enden av bygget. For å koma dit må me gå gjennom ein gang med betonggolv.

Gruvearbeidar Kurt Even «Darris» Hansen (t.v.) og Vegard Furulund frå Hæhre. Svea
Gruvearbeidar Kurt Even «Darris» Hansen (t.v.) og Vegard Furulund frå Hæhre skal hjelpe til på lageret denne morgonen. No skal dei finne ut kvar skåpet skal stå. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Gruvearbeidar Kurt Even «Darris» Hansen (t.v.) og Tommy Furulund frå Hæhre skal hjelpe til på lageret denne morgonen. No skal dei finne ut kvar skåpet skal stå.

– Her har det alltid vore glatt. Ein gong måla eg og strødde sand i målinga, seier Barstad og viser med skoen at det er god friksjon no.

Han går vidare opp i 2. etasjen der kontor, pauserom og kontrollrommet er, eller var. Skoa set svarte avtrykk på linoleumen. Maskinisten nøler.

– Her har eg aldri før gått med sko, det har alltid vore reint, seier han før han trakkar sporet vidare inn i pauserommet og til kontrollrommet der skjermar framleis står på rad og rekke

Barstad hadde full oversikt. Han riv ned eit laminert ark frå den eine hylla. Det viser utrekningar av effekten på motorane.

– Denne lagde eg ein gong for å forklare dei andre. Det er mykje historie her, seier han.

Maskinisten tykkjer det har vore fantastisk givande å jobba i gruvesamfunnet. Han har møtt mange folk, hatt mange ulike oppgåver og fått mange utfordringar.

– Eg hadde sikkert valt det same igjen om eg hadde fått sjansen. Miljøet har vore fint, og ikkje minst det å få vera på Svalbard som nok er Noregs finaste rekreasjonsplass, seier han.

Maskinist Stig Barstad har jobba ved kraftverket i Svea i 20 år til sommaren

Det har stort sett gått bra. Ein eksplosjon, to brannar, men ikkje verre enn at det kunne fiksast, fortel han.

Håper på nytt liv

Maskinistane skal demontere kraftverket sakte og forsiktig. Barstad håper det snart kjem kjøparar på banen. Kanskje i Longyearbyen, kanskje i Syria. Der er jo alt bomba sund, så der må det vera bruk for det.

– Men eg veit ikkje, det er andre som jobbar med slikt, seier han.

Alt i Svea skal vekk. Mykje blir kasta, noko blir selt, noko gitt bort, noko skal smeltast om. Regjeringa kallar Svea er eit av Noregs største miljøprosjekt.

– Det er mange som sit og legg planar. Eg tenkjer at om alt skal gå så fort, får ein ikkje nødvendigvis dei beste løysingane. Men så er spørsmålet kva det kostar i eit miljøperspektiv å drive dette samfunnet over lengre tid. Kor store utslepp har me på berre å vera her? Ein må jo tenkje i mange baner, seier Barstad.

Her, i den grøne maskinisthytta med vedomn og isbjørnbesøk på baderomsvindauget, budde Barstad i 15 år

Kraftstasjonen ligg like nedanfor, på den andre sida av flystripa. Den gule maskinisthytta skal flyttast og nyttast som fritidshytte for Store Norske-tilsette.

Kastar mykje

Darris har satt skapet der han meiner det skal stå, og sit med føtene på ein stol i pauserommet ved kaia. Han puttar inn ein snus og snakkar med gutane om levande grisar levert i Longyearbyen som mat og fjøsen som tidlegare var i Barentsburg.

Attmed han sit Roger Mathisen som har fått i oppdrag å sette opp master til tekniske installasjonar i ryddeleiren.

– No skal eg sette opp ei mast, og så på 1, 2, 3 så skal me rive den ned den òg, seier han.

Dei fleste av bygningane i Svea er tømt og klare for maskinene til AF Decom, berre to bygg står att. Snikkarverkstaden og den gamle idrettshallen.

– No har russarane fått lov til å hente alt dei vil. Dei skal mellom anna ha ein stor skiljevegg frå idrettshallen, seier Mathisen.

– Det er bra det kjem til nytte, seier Tommy Furulund som er maskinførar hjå Hæhre.

Ei eiga maskin skjærer av golvbelegget. Svea
Ei eiga maskin skjærer av golvbelegget. Den blir styrt av Normunds Baruss. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Ei eiga maskin skjærer av golvbelegget. Den blir styrt av Normunds Baruss.

– Så slepp me å hive det, supplerer Darris.

Han fortel at det er tre splitter nye dører i snikkarverkstaden.

Var det ikkje nokre som trengte ei dør til ei hytte? spør dei seg. Jo, men ytterdør kjem dei fram til.

– Det som er brukt igjen i byen er fire plankar til eit flytande badekar, seier Darris.

Han viser til badstua LPO Arkitekter bygde som del av eit sirkulær-økonomi-prosjekt. Dei prøvde å få til prosjekt der mest mogeleg av bygningsmassen frå Svea vart brukt i Longyearbyen.

– Om bygg skal bli brukt igjen i Longyearbyen, er det dyrare å frakte dei frå Svea, enn å bygge nytt, seier Darris.

Men det er ikkje berre bygg som skal bort frå Svea. Bygningane har også vore fylte med inventar og utstyr. Longyearbyen lokalstyre har henta seg nokre reolar. Noko verktøy skal til flyklubben i byen, og noko blir auksjonert bort på ei nasjonal auksjonsnettside.

– Mykje blir kasta. Me må ikkje tenkje på verdien av det. Me må tenke geografi. Hadde me vore på fastlandet, hadde det meste blitt selt. Her overstig fort fraktkostnaden verdien, seier Mathisen.

Darris og Tommy Furulund bryt opp frå brakkevarmen og køyrer til snikkarverkstaden og rydding, med vimpelen på bilen vaiande i fartsvinden.

Gi faen

Det blir spanande å sjå kva denne radioen melder om når Svea er riven og forlatt.

Tid er pengar

Denne dagen har mannen med tittelen prosjektleiar miljøprosjekt susa over på snøskuter frå Longyearbyen. Gudmund Løvli veit ikkje nøyaktig kor mykje avfall som vil skipast ut frå Svea, men reknar med det blir mellom 50.000 og 100.000 tonn.

Brakkebygga som er rydda og klare for riving no, får neppe nytt liv i Longyearbyen, trur Løvli.

– Kanskje er det bra, for mykje er gamalt også. Det er ikkje siste skrik når det gjeld isolasjon. Trevirket blir truleg sendt til forbrenning, men varmen blir utnytta, seier han.

Han fortel at AF Decom har krav til å kjeldesortere 95 prosent av avfallet frå rivinga. Forbrenning der varmen blir brukt, er ein del av desse prosentane.

To hallar er flytta til Longyearbyen og ein tredje skal bli kunstnarsenter i Sjøområdet i byen, om kjøparane kjem seg gjennom byråkratimølla i byen. I tillegg skal stackeren frå Svea, eit transportband for å frakte kol ut av gruva, bli ny gangbru over Longyearelva. 

Løvli hadde trudd det ville koma fleire hyttefolk til Svea for å hente materialar og til dømes gode ytterdører, men russarane har kome og henta med seg mykje. 

Ein skulle tru denne åtvaringa var like aktuell no. Svea
Ein skulle tru denne åtvaringa var like aktuell no, men den heng framleis på veggane i Bondeheimen. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Ein skulle ikkje tru denne åtvaringa var like aktuell no, men den heng framleis på veggane i Bondeheimen.

Mykje av gruveutstyret er selt, men ikkje strossa. Kjøparar har meldt interesse, men det er ikkje så mange potensielle kundar, opplyser miljøprosjektleiaren. Det er ikkje så mange nye gruver som opnar, i tillegg kom Covid-19 og skapte stor usikkerhet i marknaden.

Av det elektriske utstyret har noko gått til Gruve 7 i Longyearbyen, men det meste har blitt sortert ut til gjenvinning.

– Er det ei utfordring at nedbygginga skal skje så raskt?

– Det er ulike avgjerdstakarar og budsjett i dette prosjektet. Om me hadde venta, ville det gitt store samfunnskostnadar. Det kostar over 100 millionar kroner i året å halde Svea varm, ha vatn, flyplass, kai og heile pakka. Det må nesten gå fort fordi kostnadane er så store, seier Løvli.

– Hadde det vore betre for miljøet om de hadde fått betre tid på dykk?

– Det er eit godt spørsmål. Eg er usikker. Det er eit kost-nytte spørsmål. Om me hadde venta to år på kloke avgjerder på område som for eksempel på gjenbruk, hadde me kanskje fått eit større avtrykk med å halde Svea varm med diesel og frakte varer til og frå med båt og fly. Eg trur det beste for miljøet er at me pakkar raskt ned her i Svea, svarar han.

Men Løvli tenkjer at det bør gjerast eit arbeid i ettertid med å rekne på miljøavtrykket med metoden som er brukt, kanskje ei masteroppgåve. 

Kanskje er ikkje svaret gitt. Korleis hadde rekneskapen sett ut om ein berre hadde brent ned alt saman på staden?

Hit køyrer Darris og Furulund gjenstandane som skal takast vare på frå snikkarverkstaden

Kajakkene og det andre i den opne conteinaren skal til Longyearbyen.

Flyplass eit år til

Slik det ser ut i dag skal flyplassen i Svea stenge i august neste år. Store Norske har ikkje avgjort korleis folk då skal pendle. Kanskje blir det helikopter, kanskje båt.

– Eg trur neste vinter blir den siste vinteren med folk i Svea slik det ser ut i dag. Det er rart, seier Løvli.

Decom riv brakkene inne i det som tidlegare var oppredningsverk. Svea
Decom riv brakkene inne i det som tidlegare var oppredningsverk. Slik hindrar dei flygesøppel. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Decom riv brakkene inne i det som tidlegare var oppredningsverk. Slik hindrar dei flygesøppel.

I løpet av året skal Store Norske velje entreprenør for siste del av tilbakeføringsprosjektet. Då skal vegar, flyplass, kaianlegget og ryddeleiren Kapp Farvel bort. I tillegg skal terrenget settast tilbake så mykje som mogeleg til det opphavelege. Innan 2024 skal dei vera ferdige. Deretter skal naturen ta over og naturlege prosessar gå sin gang.

Løvli jobba for Store Norske i 1991-1992 med å kartlegge Svea Nord-gruva. I 2003 til 2006 jobba han fast i Svea for Leonhard Nilsen & Sønner. I tillegg hadde han ansvaret for Leonhard Nilsen & Sønner sin Svea-aktivitet frå 2006-2009. Då med kontorplass i Longyearbyen.

– Eg har vore med frå vogge til grav. Eg var med på å halde kjettingen då gruva stengte. Det var mitt siste oppdrag i sjølve Svea-Nord-gruva, seier han.

– Korleis er det å leie arbeidet med å bygge ned det som du har bygd opp?

– Det er veldig rart, men avgjerda vart teken i 2017. Me må kunne glede oss over prosjektet, snu om hovudet. Det har eg gjort, så no gler eg meg over å sjå at det går framover, at me når måla våre. Me må berre styre etter det som er bestemt. Det høyrest sikkert rart ut, men det er veldig greitt.

Heimlengsel

Det ser ut til at ein i snikkargjengen på eit eller anna tidspunkt har hatt heimlengsel, eller kanskje ikkje sov så godt i brakkesenga.

30-sone

Medan ryddearbeidar Darris hentar ein teleskoptruck for å kunne frakte tunge gjenstandar, går Tommy Furulund inn i snikkarverkstaden. Her ligg det emne til å skjære ut koppar, plankar, kjeledressar heng på veggen og sagene står klare til tak.

– Eg tenkjer på livet som var her, det sosiale samhaldet. Dei hadde eit skikkeleg fint fritidstilbod med bowling, skyting og modellfly, seier han.

Per Martin Dokk er anleggsleiar for AF Decom. Svea
Per Martin Dokk er anleggsleiar for AF Decom. Han kom til Svea i slutten av februar. Då starta arbeidet med å rive brakkebygga i sentrum av gruvesamfunnet. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Per Martin Dokk er anleggsleiar for AF Decom. Han kom til Svea i slutten av februar. Då starta arbeidet med å rive brakkebygga i sentrum av gruvesamfunnet.

Sjølv har han berre vore her i eitt år og tykkjer det er eit spanande prosjekt å vera med på. Før var han i tunnelbransjen, men ville prøve noko nytt. Furulund løftar på treemna, kikar på benkar og i hyller.

Darris kjem inn og byrjar å sjå over alt som er inne i det raudmåla skakke bygget.

– Her er det masse skilt. Kva skal me gjera med dei? Eg veit ikkje om dette er noko nokon kan bruke? seier han, og løftar opp ein bunke med 30-soneskilt.

– Dei må jo vera godkjende om dei skal kunne brukast, med refleks og slikt, seier Furulund.

– Ja, det er dei vel, seier Darris.

På andre skilt står det «SNØDEPONI» og «STOPP: Passering bare etter tillatelse fra tårnet.»

På døra til eit av romma ved sida av er det spraymåla ein annan klar instruks i raudt:

«Kast alt her inne».

Sveas historie:

I 1917 starta svenskane gruvedrift i Sveagruva. Driften vart innstilt i 1925. Til då var det teke ut 400.000 tonn kol.

Anlegga vart kjøpt av Store Norske i 1934 for 1 million kroner.

På det meste var det 400 tilsette i Svea.

Det siste kolet kom ut av Svea Nord 8. april 2016. Då var totalt 32 millioner tonn henta ut.

I 2017 vart det klart at styresmaktene ville avvikle Svea og gruvedrifta der. Alle spor etter menneske som er satt før 1946 skal ryddast bort så godt det går. Kulturminna frå før den tid får stå. Det gjeld mellom anna fire bygg: Saloonen, vinboden, den gamle hundegarden og eit transformatortårn.

Kjelde: Sysselmannen og Store Norske

Miljøprosjektet:

Blir finansiert med til saman 2,5 milliardar kroner gjennom statsbudsjettet.

All infrastruktur og avfall skal fjernast, det vil mellom anna seie vegar, bygg, flyplass og kai. Massar skal deponerast slik at breoverflata og fjellsida ikkje ser ut til å vera påverka. Forureining i grunnen skal fjernast og sikrast.

Fase 1 av oppryddinga i Lunckefjell og over Marthabreen var ferdig hausten 2020.