Mørketid for reiselivet i Longyearbyen

Svalbard hotell, Polfareren. (Foto Line Nagell Ylvisåker).
Svalbard Adventures driv to hotell i Longyearbyen. Svalbard Hotell Polfareren held opent, medan The Vault er stengt. (Alle foto: Line Nagell Ylvisåker/High North News).

– Me klamrar oss til håpet om å få ein vintersesong neste år, seier daglig leder Ronny Brunvoll i Visit Svalbard.

– Alt er så usikkert og uføreseieleg. Me klamrar oss til håpet om å få en vintersesong. Me veit at nordmenn er interesserte i å koma og bedriftene jobbar med marknadsføring og sal. Me håper på det beste, men frykter det verste, seier Ronny Brunvoll.

Destinasjonsselskapet han leiar har 69 medlemsbedrifter der mange no kjemper for å overleve pandemien. Om det kjem nye reiserestriksjonar og ei ny stenging av landet til høgsesongen frå februar til mai, vil reiselivsbedriftene gå nesten to år utan normalinntekt.

– Det går ikkje. Då hjelp det ikkje med forholdsvis puslete støtteordningar. I Longyearbyen er reiselivet så stort at det vil få store konsekvensar for samfunnet, seier reiselivssjefen.

Store tap

Svalbard Adventures er det nest største reiselivsselskapet i Longyearbyen. I dag brenn det i peisen i hotellet deira Svalbard Hotell Polfareren som ligg ved gågata vis a vis Visit Svalbard.

Hotelldirektør i Longyearbyen, John-Einar Lockert. (Foto: Line Nagell Ylvisåker/High North News)
Hotelldirektør i Longyearbyen, John-Einar Lockert. (Foto: Line Nagell Ylvisåker/High North News)
Administrerende direktør i Svalbard Adventures, John-Einar Lockert.

Det andre hotellet til selskapet held administrerande direktør John-Einar Lockert stengt. For året ut august månad hadde selskapet eit omsetningsfall på 48 millionar kroner samanlikna med 2019, noko som utgjer 51 prosent. Frå staten fekk dei 5,4 millionar kroner i krisestøtte.

– Det blir berre verre utover hausten slik prognosane ser ut. Me har permittert nesten halvparten av dei tilsette heilt eller delvis. I tillegg er det 15 personar som har sagt opp. Nokre har fått nye jobbar i Longyearbyen, men dei fleste har flytta til fastlandet, seier Lockert og legg til at krisa nok blir opplevd ganske likt for heile næringa.

Svalbard Adventures har skrudd drifta ned til eit minimum, og har kontroll på likviditeten fram til komande vinter.

– Men om det blir nye tiltak for smittevern, slik at gjestane ikkje kjem, blir det vanskeleg. Selskapet kjem til å tape mykje pengar dette året. Det vil sitte att med ein veldig mager eigenkapital, seier han.

Nye støtteordningar

21. september kom meldinga om at regjeringa løyver 1 milliard kroner til ei ny nasjonal krisepakke for reiselivsfirma som mistar minst 40 prosent av omsetninga samanlikna med same periode i fjor.

Fredag annonserte regjeringa at dei aukar støttepotten og justerer denne.

– Dei nye smitteverntiltaka som kom denne veka legg nye og betydelige avgrensingar for aktørane i reiselivsnæringa. Mange bedrifter har lite oppsparte midlar til overs. Derfor utvidar me no kompensasjonsordninga, sa næringsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.

No kan selskap som har 30 prosent omsetningsfall kan søke om støtte. I tillegg aukar støttenivået frå å dekke inntil 50 prosent av faste, uunngåelege kostnader til 60 prosent, avhengig av kor stort omsetningstapet blir.

Med ordninga som kom no, premierer regjeringa faktisk dei selskapa som stenger ned drifta og permitterer dei tilsette.
Administrerende direktør i Svalbard Adventures, John-Einar Lockert.

– Treff ikkje

Lockert meiner justeringane i kompensasjonsordninga er eit steg i riktig retning, men at dei ikkje treff som dei skal. Svalbardselskapa har størst omsetning i høgsesong frå midten av februar og ut april, med sommarsesongen som ein god nummer to.

I mørketida lever selskapa av overskottet frå sesongen.

 – Det er vanskelegare for oss å få stor nok omsetningssvikt til å kvalifisere for støtte når me går inn i absolutt lågsesong. Med ordninga som kom no, premierer regjeringa faktisk dei selskapa som stenger ned drifta og permitterer dei tilsette, seier han.

Lockert meiner det heller burde koma ein ordning som såg på omsetningstapet for heile året.

– Det vil gjelde alle reiselivsbedrifter som ynskjer heilårsdrift, seier han.

Sjølv ynskjer han ikkje å stenge ned for å få støtte. Han vil å ta vare på dei tilsette.

Svalbard hotell The Vault er stengt. (Foto Line Nagell Ylvisåker/High North News)
Svalbard hotell The Vault er stengt. (Foto Line Nagell Ylvisåker/High North News)
Svalbard hotell The Vault er stengt.

Svalbard Adventures ser for seg å opne det andre hotellet sitt, The Vault, i løpet av februar.

– Me har en del bestillingar for mars og april, og det er interessant å sjå. Så er me spent på korleis våren blir med tanke på smittevern, og eg er spent på kva som skjer til sommaren, for då har me tradisjonelt sett fleire utanlandske gjester, seier Lockert. 

Direktøren meiner regjeringa burde fjerne eigenandelen til selskapa på faste uunngåelege kostnader.

– Bedrifter som har vore råka av krisa og har stor omsetningssvikt tåler ikkje eigenandel, seier han.

– Småpengar

Ifølgje Ronny Brunvoll er den totale årlege omsetninga til reiselivsbedriftene på Svalbard kring 1 milliard kroner.

Les også:

– Om eg stikk ein finger i vêret, trur eg omsetningstapet samla sett bli på mellom 70 og 80 prosent for fleire. Så vil det vera store ulikskapar. Butikkar og restaurantar har ein lokalmarknad som er flinke til å bruke dei, så det er nok verst for dei som driv med aktivitetar og overnatting, seier Brunvoll.

I tillegg til den nasjonale krisepakka for reiselivet, har regjeringa løyva 25 millionar kroner i ei eiga Svalbard-pakke.

– 25 millionar av 1 milliard er ikkje all verda, det er småpengar Men saman med andre ordningar vil det hjelpe på, forutsatt at pengane faktisk kjem dit dei skal, seier reiselivssjefen.

Korleis fordelinga av Svalbard-midlane blir, er ikkje kjent.

No jobbar næringa med å ta smittevernet på alvor, og skal ha ein temakveld om det som kan og bør gjerast.

– Når smitta kjem, må næringa og samfunnet ha eit system for å handtere den veldig godt.

Det er mykje snakk om beredskapen på Svalbard, men det kan ikkje vera opp til reiselivet å bære heile den, seier Brunvoll.

Mellom anna tykkjer han det er rart det ikkje blir sett av nokre millionar kroner til testing av passasjerar som skal til smittefrie Svalbard.

Visit Svalbard kuttar

Også Brunvoll sit med sparekniven. Visit Svalbard får til vanleg store deler av inntekta si frå reiselivsbedriftene. Dei har estimert eit omsetningsfall på 5 millionar kroner.

I løpet av året har destinasjonsselskapet naturleg gått ned tre årsverk, frå sju til fire. Dette er stillingar det ikkje er tilsett nye personar i. Dei har seld ein bil og kvitta seg med eit kontorlokale.

Ronny Brunvoll i Visit Svalbard
Ronny Brunvoll i Visit Svalbard må òg kutte utgifter under corona-krisa. Det gjer selskapet dårlegare rusta til å jobbe med føringane frå regjeringa om framtidas reiseliv. (Foto: Line Nagell Ylvisåker/High North News)
Ronny Brunvoll i Visit Svalbard må òg kutte utgifter under corona-krisa. Det gjer selskapet dårlegare rusta til å jobbe med føringane frå regjeringa om framtidas reiseliv.

– Me kan ende med å måtte ta ned ein stilling til, men det tek me stilling til rundt nyttår. Me har snakka mykje internt, og gjer kva som helst for å beskytte de arbeidsplassane som er att. Me kan ikkje ta ned stillingane på booking og marknadsføring, for då taper me den solide posisjonen me har opparbeidd oss i den digitale verda, og som me har nytta enorme ressursar på dei siste fem åra, seier han.

Visit Svalbard vil klare å halde kontoret i gang med grunnstøtta på rundt tre millionar kroner som dei får frå staten, men dei klarer ikkje å levere på det dei skal.

Like før corona-pandemien råka, varsla regjeringa fleire krav til reiselivet på Svalbard. Mellom desse var krav til sertifiserte guidar, storleik og tal på skip, samt mogeleg innføring av tungoljeforbod kring heile Svalbard.

– Kunne støtteordningar og næringa rigga seg annleis for å rusta reiselivet i Longyearbyen for framtida?

– No ligg næringa nede, og me har ikkje tid og plass til å jobbe med dette. Me ville ha vore og ein medspelar og positiv aktør i eit slikt arbeid, men akkurat no slit me. Regjeringa kunne køyrt på og brukt midlar på gode prosessar, svarar Brunvoll.

– Korleis vil reiselivet sjå ut «på den andre sida» av pandemien?

– Me stiller oss bak strengare krav til kven som skal kunne ta med turistar ut i terrenget, men også til overnatting. Signala me har fått er at regjeringa vil hjelpe dei seriøse aktørane, og dei ser mellom anna på sosiale rettar. Me var på veg til å skape noko betre før coronaen kom. No slit mange, og eg håper me ikkje mister det som var bra på vegen. I sum er vel Svalbard det best regulerte og det naturbaserte reiselivet i Noreg som fungerer best, seier Brunvoll.

Baren Svalbar i Longyerbyen. (Foto: Line Nagell Ylvisåker/High North News)
Svalbard Adventures skal selje denne puben, men det er ifølgje administrerande direktør John-Einar Lockert ikkje grunna corona-krisa. Selskapet ville konsentrere seg om kjerneverksemdene sine og restaurantane på hotella, og hadde planar om å selje drifta av puben førre haust. Då corona-krisa kom, la dei planane på is. No er puben lagt ut, og det har ifølgje Lockert vore interesserte kjøparar. (Foto: Line Nagell Ylvisåker/High North News)
Svalbard Adventures skal selje denne puben, men det er ifølgje administrerande direktør John-Einar Lockert ikkje grunna corona-krisa. Selskapet ville konsentrere seg om kjerneverksemdene sine og restaurantane på hotella, og hadde planar om å selje drifta av puben førre haust. Då corona-krisa kom, la dei planane på is. No er puben lagt ut, og det har ifølgje Lockert vore interesserte kjøparar.

– Det er verkeleg alvorleg

I Barentsburg har det statlege gruveselskapet pumpa inn pengar i reiselivsnæringa si under krisa.

– Det har vore kjempebra i Barentsburg, dei tenkjer rett og gjer rett. Det er når ein ligg nede ein må trå til. Den store skilnaden er at reiselivet der er eigd av gruveselskapet, medan Longyearbyen har privat næring. Det blir annleis, men dei tenker rett og skor seg til ei framtid, seier Brunvoll. 

Lockert fortel at reiselivet i Longyearbyen jobbar mykje inn mot sentrale myndigheiter.

– Eg håpar dei kan sette seg inn i situasjonen og hjelpe oss til å koma gjennom dette. Eg skjønar det kan høyrest ut som mykje rop og skrik, men det er ille, verkeleg alvorleg. Det som starta som heilt surrealistisk byrjar å bli normalen. Det blir ikkje noko normalår neste år, men forhåpentleg vis er me godt på veg i 2022, seier han.

Om Visit Svalbard og Svalbard Adventures:

Visit Svalbard har i dag 69 medlemsbedrifter. Det er eit destinasjonsselskap som er heileigd av Svalbard Reiselivsråd. Medlemmane driv innan overnatting, matservering, handel, transport og opplevingar.

Svalbard Adventures hadde i 2019 ei omsetning på 115 millionar kroner og 113 tilsette. Selskapet driv to hotell, pub, restaurantar, Huset Svalbard og tilbyr opplevingar som mellom anna båtturar og snøskuterturar.

Nøkkelord