Svalbards reiseliv i krise: Flyttar til hundegarden

Audun og Mia Salte i hundegarden
Audun og Mia Salte i hundegarden etter å ha vore på tur med to gjestar denne dagen. På kveldane har dei hundekøyringskurs for born, og annankvar måndag har dei besøk av Svalbard folkehøgskole. – Det er ikkje noko av dette me tener mykje pengar på, men me prøver å halde oss travle, seier Audun. (Alle foto: Line Nagell Ylvisåker)    

Mia og Audun Salte har sagt opp leigekontrakten på bustaden i Longyearbyen for å spare pengar. – Me kan ikkje miste fleire tilsette, seier dei.

Audun Salte sjekkar termostaten i hytta. Det er 14 grader no. Litt for kaldt for gutungen (1). Når han kjem, må dei fyra. Dei får elektrisitet frå ei vindmølle på taket, men forsyninga har krangla litt i det siste. Vatn må dei hente i Longyearbyen, sju kilometer unna.

– Me går i tap kvar månad. No har me bestemt oss for å flytte hit til hytta. Me har alltid hatt eit ynskje om å bu med hundane, men me hadde tenkt å byggje eit hus og få litt meir ordna forhold. Om me skal få til noko, utvikle verksemda med lågare inntekter, må me kutte hjå oss sjølve, seier Mia Salte som er dagleg leiar i hundekøyringsbedrifta Svalbard Husky.

Mia fortel at dei allereie har mista tre flinke medarbeidarar. No har dei berre to tilsette att som begge jobbar fulltid, i tillegg til seg sjølve.

– Me ynskjer ikkje å miste fleire tilsette, seier Audun.

Mista omlag all inntekt

Utanfor i den rosa og pastellblå dagen sist i oktober står 116 hundar. Då krisa sette inn vart Svalbard i praksis stengt for turistar frå midten av mars og ut høgsesongen. Mia og Audun kunne ikkje stenge ned og kutte alle kostnader då turistane slutta å komme. Alle dei hundane må ha mat og dei må ut og springe. Utgiftene på 150.000 kroner i månaden til drift av hundegarden og hundemat kjem dei ikkje unna.

Svalbard Husky. Hundegården. (Foto Line Nagell Ylvisåker)
Familien på tre flyttar til denne hytta dei har i hundegarden i Todalen. Den har tidlegare vore nytta av guidar som har budd i hundegarden og halde auge med dei firbeinte på kveldstid. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Familien på tre flyttar til denne hytta dei har i hundegarden i Todalen. Den har tidlegare vore nytta av guidar som har budd i hundegarden og halde auge med dei firbeinte på kveldstid.

Til NRK sa ekteparet at dei i verste fall måtte selje eller avlive hundar. Dei starta ein fadderaksjon der folk kunne støtte hundane med pengar til mat, og fekk inn 178.000 kroner på Spleis som dei nytta på frakt av hundemat til seg og andre hundegardar i byen. 

Svalbard Husky fekk òg krisestøtte frå staten til og med august, men no er det tomt i kassen.

– Me er alltid bekymra for bikkjene. Me veit at me klarer oss ut 2020, så får me håpe det blir betre i 2021 men det blir ikkje nokon høgsesong då heller, seier Audun.

Usikre på støtte

Hundegardseigarane er usikre på om dei vil få støtte for resten av året. For å få det, må dei vise til ein omsetningsnedgang på minst 30 prosent samanlikna med fjoråret, i den nyaste støtteordninga frå regjeringa. No går reiselivet inn i mørketid og lågsesong.

Også på normalår er dette ei tid då dei fleste firma lever av overskottet frå høgsesong.

– Tapet vårt prosentvis mot fjoråret er derfor ikkje så stort som det var i høgsesong og på sommaren. Eg trur me kjem til å falle mellom to stolar. Det gjer ofte Svalbard, seier Mia.

I år som dei ikkje fekk nokon høgsesong, og firmaet berre fekk pengar til dei absolutt nødvendige kostnadane, har dei ikkje noko overskott å leve av. Ho meiner ordninga er rigga for større konferansehotell, alpinanlegg og konsern som tener store summer i denne perioden.

– Lære kinesisk

Audun skryt av lokale politikarar som jobbar som heltar opp mot reiselivsnæringa, men trur sentrale myndigheiter ikkje ser at reiselivskrisa på Svalbard dreier seg om eit heilt samfunn.

Audun Salte. Svalbard Husky.(Foto: Line Nagell Ylvisåker)
På sommaren køyrer hundane i Svalbard Husky tur med sledar som har hjul. Dei får òg kome inn hit i løpegarden og leike med kvarandre. Og selvfølgelig få kos av matfar Audun Salte. (Foto: Line Nagell Ylvisåker).
Hundane hos Svalbard Husky er aktive hele året. På sommaren køyrer hundane i Svalbard Husky tur med sledar som har hjul. Dei får òg kome inn hit i løpegarden og leike med kvarandre. Og selvfølgelig få kos av matfar Audun Salte.

– Dei må sjå at om Noreg vil ha eit levedyktig familiesamfunn, må dei støtte opp om turistbedrifter. Dei må skjøna at Svalbard er i ein spesiell situasjon, og støtte opp om oss gjennom den komande lågsesongen og neste høgsesong, seier Mia.

Dei poengterer at om etablerte selskap byrjar å selja seg ut, kan utlendingar kjøpe dei opp.

– Russarane satsar jo stort på reiseliv i Barentsburg, så då bør kanskje Noreg satse òg. Kanskje bikkjene får læra seg kinesisk og russisk, skyt Audun humoristisk inn.

Likskapar med jordbruk

I tillegg til den nasjonale krisepakka, der òg Svalbard-bedrifter kan søkje, har regjeringa sett av 25 millionar kroner øyremerkt reiselivet på Svalbard.

– Det har vore vanskeleg å søkje om pengar til dyr.
Audun Salte, Svalbard Husky.

– Ingen veit enno heilt korleis desse pengane skal fordelast, og det er ikkje mange kronene når ein ser det samla tapet til reiselivet på Svalbard, seier Mia.

Sjølv om alle firma i byen er i same situasjon, har alle ulike problemstillingar. Nokre har eigedomar dei har utgifter på, andre tilbyr guida turar og ekteparet Salte, og tre andre kommersielle hundegardseigarar, har dyr.

Dei meiner hundekøyring må sjåast som ein eigen kategori reiseliv.

– Det er fleire likskapar mellom oss og jordbruk enn med tradisjonelt reiseliv. Me må også følgje regelverk frå Mattilsynet, stelle levande dyr og følgje opp deira behov. Me ynskjer ikkje å gå med store overskott, men me må oppretthalde dyrevelferda. Det har vore vanskeleg å søkje om pengar til dyr, seier Audun.

Les også:

Han fortel at selskapet har søkt Innovasjon Norge om pengar frå 250 millionar omstillings-kroner som reiselivsaktørar kan søke på ut året. Dei fekk ikkje ei krone. Årsaken skal vera at Innovasjon Norge reknar utgiftene deira til hundemat som investering i bedrift, ikkje lønsutgifter eller faste utgifter.

– Slik eg skjønar det så ynskjer regjeringa at reiselivsbedriftene skal omstille seg til ein kvardag som liknar på den me har under corona. Då må me investere, men det får me ikkje pengar til, seier Mia.

Skalerar ned

No skal dei snart byrje å tøme leilegheita, som dei har sagt opp frå 1. desember.

Mia og Audun Salte. Svalbard Husky. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
– Me må skalere ned litt. Heile hytta er like stor som stova vår, seier Audun Salte. (Foto: Line Nagell Ylvisåker).
Dette blir hjemmet til ekteparet Mia og Audun Salte og deres ett år gamle sønn fra 1. desember.

– Me må skalere ned litt. Heile hytta er like stor som stova vår, seier Audun.

Men Mia presiserer at dei likar å leve alternativt, og at Audun budde eit år i telt då han studerte i Alta.

– Me har ein framtidsplan og ser på dette som ein investering, seier ho.

Barnerommet er allereie klart, ein omgjort, tidlegare batteribod, og dei skal ordne det slik at hytta blir god og varm til dei flyttar inn for godt.

– Hadde det ikkje vore for gutungen, kunne eg og Mia ha budd i grillhytta, spøker Audun.

Trass i at dei går inn i både ei økonomisk og verkeleg mørketid, er det optimisme å spore.

–  Det hjelper ikkje å grave seg ned. Me har tenkt at dette skal vera livet vårt i 15 til 20 år. No er me tilbake til start, seier Mia.

– Og dette er ikkje første gong me byrjar på nytt, supplerer mannen.

Om Svalbard Husky

  • Stifta i 2013.
  • Hadde omsetning på 5,7 millionar kroner i 2019.
  • Er eigd av Mia og Audun Salte, Tore Salte, John-Einar Lockert og Jens Abild. Dei kjøpte selskapet i 2018.

Kjelde: Proff.no

 

Nøkkelord