Slutt for Kim Holmén på ishavsøya: Flyttar frå Svalbard

Kim Holmén på Svalbard i 2010.
Det er slik mange er vande med å sjå Holmèn: Framfor kamera, her i Kongsfjorden på Svalbard i 2010 med kronprins Haakon om bord. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Etter ti år som Norsk Polarinstitutts andlet på Svalbard, får internasjonal direktør Kim Holmén ny tittel og kontorplass i Tromsø saman med resten av leiinga.

Han har blitt eit kjent andlet både i Longyearbyen, i internasjonal forsking og som tydeleg stemme i klima- og miljøspørsmål både nasjonalt og internasjonalt. No nå flyttar Holmèn til Tromsø og får tittelen fagdirektør i Norsk Polarinsitutt. I tillegg skal han undervise i klima og miljø ved Norges arktiske universitet, noko som blir enklare når han er i same by som studentane.

Avstandsdilemma

Holmèn har vore den einaste i leiargruppa til Norsk Polarinsitutt med fast kontorplass i Longyearbyen.

Kim Holmén
Fredag var det «på slutt»-seminar for Holmèn i Forskningsparken på Svalbard. Der vart det mellom anna vist til korleis klimaet har endra seg på den tida han har vore kontorsjef på øygruppa. Sidan ti år jo er for kort tid i klimasamanheng, vart temperaturar, is og nedbør sjølvsagt òg sett inn i lengre tidsmodellar. På ti år har temperaturen auka med 1,4 grader det har blitt midre sjøis, meir intens nedbør, og kortare snøsesong. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Fredag var det «på slutt»-seminar for Holmèn i Forskningsparken på Svalbard. Der vart det mellom anna vist til korleis klimaet har endra seg på den tida han har vore kontorsjef på øygruppa. Sidan ti år jo er for kort tid i klimasamanheng, vart temperaturar, is og nedbør sjølvsagt òg sett inn i lengre tidsmodellar. På ti år har temperaturen auka med 1,4 grader det har blitt midre sjøis, meir intens nedbør, og kortare snøsesong.

– Er eg her, er eg for langt frå leiargruppa. Er eg der, er eg for langt frå Svalbard. Me er fleire med leiarposisjonar som jobbar med Svalbard-saker i Tromsø. No skal me gjera vårt beste for å skape ein balanse i det dilemmaet, seier han.

Under eit «på slutt»-seminar som vart halde for Holmén på fredag, kom det fram at han ofte blir sett på flyet.

– Det er ikkje ein spesielt god løysing korkje for meg personleg eller miljøet. I periodar var eg i Tromsø to til tre gonger i veka. Ikkje fordi eg likar å reise, men for å løyse dei dilemma ein oppdelt institusjon er, seier han.

Tre lokale forskarar

Ifølgje avdelingsdirektør Evy Jørgensen kan ikkje Norsk Polrainstitutt erstatte Holmén på Svalbard med ein person. – Me må erstatte han med fleire. Både forskarar, teknikarar og folk i Ny-Ålesund, seier ho.

Les også:

Og legg til at det må gjerast på ein ny måte, men i Holmèns ånd.

Hovudpersonen sjølv viser til at tre av instituttet sine forskarar no skal ha kontorplass i Longyearbyen, i tillegg til ein ph. d.

– Forhåpentlegvis vil det òg gjera Norsk Polarinstitutt meir synleg i byen, seier han.

Hovudpersonen sjølv seier at alle skal forlate Svalbard ein gong. No er hans tur komen, men han reknar med å vera synleg i Longyearbyen også i tida som kjem.

– Eg skal gjere mykje av det same som eg har gjort før, og det er eit tal store internasjonale formidlingsprosjekt som kanskje blir lettare å handtere frå Tromsø, seier han.

Nøkkelord