Fiskemottak på Svalbard satt på pause

Her skal det planlagte fiskemottaket i Barentsburg ligge.
Hamn i Barentsburg: Slik ser hamneområdet i Barentsburg ut i dag. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Planane om fiske- og krabbemottak i Barentsburg er stoppa. Samstundes jobbar norske forskarar med å finne ut kva som skal til for å få til lokalt fiskeri, gjerne med gourmetkrabbe.

Fiskebåtane siglar på kryss og tvers langs kysten av Svalbard, men per i dag er det ikkje nokon som går til busetnadane med fangsten. For at det skal bli lov å drive fiskeri med mottak og foredling på Svalbard, må ei komplisert floke av regelverk greiast ut.

Dyre undersøkingar

I ni år har det russiskeigde selskapet Arctic Resource Norge AS jobba for å få på plass rammene som krevst for å starte fiske- og/eller krabbemottak i den russiske busettinga Barentsburg.

No har Arctic Resource Norge likevel satt arbeidet på pause.

Dagleg leiar Irina Jakobsen i Arctic Resource Norge. Foto: Line Nagell Ylvisåker
– Myndigheitene veit ikkje kva som må gjerast for å gi oss tillating, seier dagleg leiar Irina Jakobsen i Arctic Resource Norge. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Dagleg leiar Irina Jakobsen i Arctic Resource Norge. (Foto: Privat)

– Hovudårsaka er at kostnadane for undersøkingane me må gjere er høgare enn me først budsjetterte med, seier Irina Jakobsen som er dagleg leiar i selskapet.

Stor risiko

I juli godkjente Sysselmeistaren eit program for utgreiing av konsekvensar. Arctic Resource Norway har starta på arbeidet. Norsk Maritimt Museum har sett etter kulturminner under vatn, Norsk institutt for naturforsking har vore i Barentsburg, og Muliconsult har sett på geotekniske tilhøve.

Det er likevel mykje som står att. I tillegg veit ikkje selskapet om det nokon gong vil bli lov å drive fiske- eller krabbemottak på Svalbard.

– Det er ein veldig vanskeleg situasjon for oss og dette kostar mykje pengar. Om me brukar mange millionar på konsekvensutgreiinga utan at regelverket endrar seg, har me kasta bort alle pengane, seier Jakobsen.

No skal selskapet analysere alle risikoane ved prosjektet.

– Me var veldig optimistiske i starten. No er me ikkje det lenger. Me har behov for at endringane i lovverket kjem på plass. Kanskje kjem det reguleringar med den nye regjeringa, seier Jakobsen.

Norsk krabbeprosjekt

Leiar i Svalbard Næringsforening Terje Aunevik har lenge jobba for å endre reglane slik at det kan etablerast fiskemottak på Svalbard for å tilby kortreist mat av høg kvalitet. No ventar han på kva forskingsprosjektet "Fiskeri på 78°", som er leia av Nofima, kjem fram til.

Slik ser modellen av fiskemottaket i Barentsburg ut. (Ill: LPO arktiekter)
Slik ser modellen av fiskemottaket i Barentsburg ut. (Ill: LPO arktiekter)
Slik ser modellen av fiskemottaket i Barentsburg ut. (Ill: Arctic Resource Norge)

Prosjektet ser på mogelegheitene for å gjere Longyearbyen til kulinarisk reisemål med kortreist snø- og kongekrabbe på menyen. Det vil få ei oversikt over gjeldande regelverk, utvikle ein detaljert Svalbard-plan for fangst, levandelagring og prosessering av krabbe, og i tillegg legge fram konsept for kulinariske matopplevingar.

Førebels jobbar me å få på plass empirien.
Seniorforskar Svein Vigeland Rottem, Fridtjof Nansen institutt

Førre onsdag la Nofima fram prosjektet sitt på eit opent møte i Longyearbyen i regi av Fridtjof Nansens Institutt.

Aunevik er ein av dei lokale aktørane som er involvert i Nofima-prosjektet. Han er tydeleg på at om ein skal få til sjømatnæring i Longyearbyen, må den svare til måla i norsk svalbardpolitikk både knytt til miljø, klima, og stimulering til norsk busetting.

Om det skal bli aktuelt med fiskerinæring på Svalbard, må det være for å lage førsteklasses merkevare, og ein høgteknologisk produksjon som sikrar attraktive arbeidsplassar, meiner han.

Eit slikt prosjekt kan utnytte Svalbardmiljøloven positivt og gå i bresjen for eit fiskeri som ikkje set spor, med utsleppsfrie fiskebåtar, avfall som vert nytta som ressurs og ei næring som jobbar ut frå kroner per kilo heller enn talet på tonn fisk produsert.

– Ikkje særskilte tiltak

Stortingsmeldinga om Svalbard (2015-2016) viser til at Stortinget har bedt regjeringa om å kome med forslag til korleis auka fiskeri og anna hausting av marine ressursar kan gi positive ringverknader for Svalbard. I stortingsmeldinga skriv regjeringa at dei vil koma tilbake til Stortinget om dette, men at dei vil legge til rette for sjømatnæring knytt til lokalmat og reiseliv.

Utdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet der dei konkluderer med at stortingsmeldinga er følgt opp på Svalbard.
På møtet i Longyearbyen viste juridisk rådgjevar Gerd Kristoffersen i Råfisklaget til eit utdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet der dei konkluderer med at stortingsmeldinga er følgt opp. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
På møtet i Longyearbyen viste juridisk rådgjevar Gerd Kristoffersen i Råfisklaget til eit utdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet der dei konkluderer med at stortingsmeldinga er følgt opp. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

To år etter innførte dei landings- og sluttseddelforskriften for Svalbard som mellom anna gjer at fritidsfiskarar kan levere fisk til lokale restaurantar.

På møtet i Longyearbyen viste juridisk rådgjevar Gerd Kristoffersen i Råfisklaget til eit utdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet der dei konkluderer med at stortingsmeldinga er følgt opp.

 «Behov for å innføre andre reguleringer knyttet til fiskevirksomhet vurderes etter behov og den aktiviteten som eventuelt kommer. Det legges ikke opp til å innføre særskilte tiltak for å etablere fiskerivirksomhet på Svalbard, enten det gjelder økt ressursuttak eller etablering av fiskemottak eller fiskeindustri» skriv departementet.

Forskar vidare

Initiativtakaren til onsdagens fiskerimøte var Fridtjof Nansens Institutt, som leiar forskingsprosjektet Svalfish.

Fridtjof Nansens Institutt inviterte Longyearbyens befolkning til opent møte om fiskeri.
Fridtjof Nansens Institutt inviterte Longyearbyens befolkning til opent møte om fiskeri.
Fridtjof Nansens Institutt inviterte Longyearbyens befolkning til opent møte om fiskeri førre onsdag. Mellom dei som heldt innlegg var Frode Nilssen (FNI/Handelshøgskolen Nord universitet), Sten Siikavoupio (Nofima), Gerd Kristoffersen (Råfisklaget), Trine Krystad frå Visit Svalbard, Grete Lorentzen (Nofima), Ingvild Sæbu Vatn (LPO Arkitekter), Terje Aunevik (Svalbard Næringsforening) og ordstyrar Svein Vigeland Rottem (FNI).

Dei jobbar med å få oversikt over mogelegheiter og utfordringar det er knytt til fiskeri- og oppretting av fiske- og krabbemottak på Svalbard og planlegg fleire dialogmøter i året som kjem.

– Me skal kartlegge røystene kring dette temaet og løfte problemstillingar. Førebels jobbar me å få på plass empirien. Den vil sette rammene for eit eventuelt sluttprodukt, seier seniorforskar Svein Vigeland Rottem som leia dialogmøtet.

Les også:

Nøkkelord