Forskar meiner Noregs deltaking i militærøving i Barentshavet var uheldig

HMS «Sutherland» og USS «Ross» utfører ein påfylling til sjøs med RFA «Tidespring» medan dei trenar saman i nordområda i september 2020. Noreg deltok i øvinga med fregatten KNM «Thor Heyerdahl». Foto: US Navy. Foto av orlogskaptein, Tor Ivar Strømmen: FHS

Eg fryktar for at det strategiske bilete og heilskapstenkinga som må ligge til grunn korkje er forstått eller noko regjeringa faktisk reflekterer djupt kring, seier orlogskaptein og PhD-stipendiat, Tor Ivar Strømmen

Det sikkerheitspolitiske landskapet i Arktis er i endring. I dei siste tiåra har Arktis vore eit område med låg spenning mellom stormaktene. Men no aukar den militære aktiviteten frå fleire hald i regionen.

For nokre veker sidan deltok Noreg saman med NATO-landa Storbritannia, USA og Danmark i ei maritim militærøving i Barentshavet.

Sjølv om øvinga gjekk føre seg i internasjonalt farvatn utanfor Fiskerhalvøya, er dette russisk eksklusiv økonomisk sone.

For Russland har dette området høg strategisk tyding då den russiske nordflåten held til rundt kystlinja til Kolahalvøya, og det russiske forsvarsdepartementet lagrar atomvåpen i regionen.

Styresmaktene valde å delta i øvinga sjølv om Generalløytnant Rune Jakobsen, sjefen for det operative hovudkvarteret til forsvaret (FOH) ikkje tilrådde det.

Orlogskaptein og PhD-stipendiat, Tor Ivar Strømmen ved Forsvarets høgskole seier til High North News at Noregs avgjerd om å delta i øvinga i Barentshavet saman med USA, Storbritannia og Danmark i september var uheldig.

Orlogskaptein Tor Ivar Strømmen ved Forsvarets Høgskole. Foto: FHS
– Eit stort press på russisk andreslagskapasitet er eit tviegga sverd seier Orlogskaptein og PhD-stipendiat Tor Ivar Strømmen. Foto: FHS

Var det klokt av styresmaktene å gå imot Sjef FOHs tilråding?

Eg fryktar for at det strategiske bilete og heilskapstenkinga som må ligge til grunn korkje er forstått eller noko regjeringa faktisk reflekterer djupt kring. Ser me kva dei seier – så blir inntrykket av manglande geostrategisk, strategisk og militærstrategisk forståing slett ikkje meir tillitsvekkande. Det kjem ingen refleksjonar kring balansegangen fram i deira forklaringar og påstandar.

Sjef FOH skal i utgangspunktet berre rådgje utifrå korleis han vurderer at Forsvaret best mogleg kan støtte opp om Noreg sine overordna mål. Det er difor ikkje noko galt eller rart med at Regjeringa har tatt ei anna avgjersle enn kva Sjef FOH rådde til. Samstundes, sjølv meiner eg regjeringa si avgjersle om å delta no i haust vår uheldig.

Vanskeleg balansegang

Noreg har historisk hatt ein dobbeltrolle i forhold til Russland. Som naboland og NATO-medlem har Noreg vore nøydde til å finna sin eigen balansegang.

Det er ein svært vanskeleg balansegang mellom å invitere og integrere NATO, og å halde NATO på avstand, mellom avskrekking og å roe ned (beroligelse). Kva ein gjer i eit slikt balanseperspektiv må vere eit resultat av våre utanrikspolitiske mål og vår vedvarande trong for halde NATO inne, og Russland roleg. Dette er altså tryggleiks- og utanrikspolitikk, ikkje ei operasjonell avgjersle i Forsvaret, og Forsvaret vil grunnleggande også mangle heilskapen i sine vurderingar.

Det kan også tenkast at operasjonen i mai var ein operasjon Noreg ynskja å distansere seg frå – noko me burde etter mitt syn
Tor Ivar Strømmen, orlogskaptein og PhD-stipendiat ved Forsvarets Høgskole

Noreg valde å ikkje delta på den britisk-amerikanske øvinga i Barentshavet i mai. Men Noreg valde altså å delta i denne øvinga. Korleis kan ein tolka denne avgjerda?

Den britiske marinen leidde øvinga i september. Den fleirnasjonale styrken møttest utanfor kysten av Lofoten og segla saman nordover mot Barentshavet. Foto: Royal Navy

At Noreg ikkje deltok i mai 2020 er ikkje heile sanninga. Noreg la sjølvsagt til rette for operasjonen gjennom t.d. etterretnings og sambandsstøtte med meir, men neppe utover kva me pliktar å gjere gjennom NATO-samarbeidet.

Noreg har svært avgrensa ressursar og må difor alltid prioritere hardt på kva me deltek i. Me hadde altså ikkje tilgjengelege ressursar.

Det kan også tenkast at operasjonen i mai var ein operasjon Noreg ynskja å distansere seg frå, noko me burde etter mitt syn. Operasjonen sitt føremål støtta ikkje utan vidare opp om våre mål om stabilitet og minst mogleg potensiale for farlege feilvurderingar i Barentsregionen, og den representerte ein type oppdrag som ikkje utan vidare er korkje mogleg i ei krigsstode, eller for den del ynskjeleg frå vår side.

Eit stort press på russisk andreslagskapasitet er eit tviegga sverd
Tor Ivar Strømmen, orlogskaptein og PhD-stipendiat ved Forsvarets Høgskole

Reaksjonar frå Russland

Korleis oppfattar Russland denne type aktivitet?

Dei, Russland, les altså aktiviteten som ei stadfesting av at NATO framleis tenker som dei gjorde for 30 år sidan, og vil truleg ikkje vere heilt misnøgd med det. Dei har trossalt hatt 30 år på å tenke på ny, medan USA ikkje har tenkt på ny.

Han trur at Russland vil tolka denne øvinga som eit ønske om å demonstrera ei offensiv evne til å nøytralisera Russlands kjernefysiske annenslagsevne i ein eventuell konflikt. I eit slikt scenario ville Russland tapt krigen og stormaktsstatusen sin.

Russlands forsvarsminister Sergej Sjojgu kommenterte til TASS for nokre veker sidan at NATOs ønske om å demonstrera styrke nær Russlands grenser forårsakar Moskva bekymring.

Eit stort press på russisk andreslagskapasitet er eit tviegga sverd. Det kan heve terskelen for når Russland vel eller ser seg nøydd til å bruke våpenmakt og kva slags våpenmakt med kva føremål, men det kan også leie til at Russland ser seg nøydd til å bruke atomvåpen i ei langt tidlegare fase av ei konflikt for ikkje å kome i ei stode kor dei de facto blir avvæpna, avsluttar Strømmen.

Les også

Nøkkelord