Borar etter varmelager på Svalbard

Prosjektleiar Rasmus Bøckman og mastergradstudent Kjersti Buraas Snoen ved boreriggen nedanfor flyplassen i Longyearbyen. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Prosjektleiar Rasmus Bøckman og mastergradstudent Kjersti Buraas Snoen ved boreriggen nedanfor flyplassen i Longyearbyen. Dette er eit av to områder Longyearbyen lokalstyre vurderer for geotermosen sin. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Longyearbyen lokalstyre vil finne ut om fjellet utanfor byen kan brukast som termos for overskott frå fornybar energi.

Innan fem år skal kolkraftverket i Longyearbyen vera historie. På tundraen mellom kolkaia og flyplassen i Longyearbyen, står det ein borerigg som skal jobbe seg ned mot 200 meter ned i bakken.

Longyearbyen lokalstyre vil finne ut om fjellet kring Longyearbyen kan lagre varmeenergi, lik ein termos. Tanken er at om byen i framtida får energi frå solceller, solfangarar og vindmøller, kan overskottsenergi lagrast som varme i fjellet her.

Stort varmebehov

Ein av dei største utfordringane kring nytt energiverk i Longyearbyen, er at byen har eit stort behov for varme.

Prosjektleiar Rasmus Bøckman i Longyearbyen lokalstyre. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Prosjektleiar Rasmus Bøckman i Longyearbyen lokalstyre. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Prosjektleiar Rasmus Bøckman i Longyearbyen lokalstyre. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

– Når Gruve 7 blir lagt ned, vil 75 prosent av energibehovet i byen vera varme. Om me løyser utfordringa med nok varme, løyser me mykje av energiutfordringa. Å lagre varme er òg enklare enn å lagre straum, seier prosjektleiar Rasmus Bøckman i Longyearbyen lokalstyre.

I tillegg til brønnen ved flyplassen, er det bora ei brønn ved det gamle oppredningsverket ved byen. Begge plassane ligg like ved fjernvarmenettet i Longyearbyen, slik at ein framtidig geotermos kan koplast på infrastrukturen som finst i dag.

Longyearbyen lokalstyre har fått ein million kroner støtte frå Svalbards Miljøvernfond og samarbeider med mellom andre NTNU, Universitetssenteret på Svalbard og Asplan Viak.

Regjeringa jobbar med plan

I januar gjekk Regjeringa ut med ei pressemelding om at dei vil legge fram ein energiplan for Longyearbyen i statsbudsjettet for 2022. Longyearbyen skal få ei sikrare og meir miljøvenleg energiløysing. Avhengig av kva løysing som blir valt, kan nytt energiverk vera på plass innan to til fem år.

«En ny energiforsyning i Longyearbyen bør ta utgangspunkt i et nytt kraftvarmeverk, for eksempel basert på naturgass eller pellets, i kombinasjon med en gradvis innfasing av mer fornybar energi», skriv regjeringa i pressemeldinga.

På sikt ynskjer regjeringa ei energiforsyning med mest mogeleg fornybar energi, innanfor rammene av en forsvarlig forsyningstryggleik. Det er samtidig viktig å unngå nye, større inngrep i Svalbards sårbare natur, og løysingar som gir for høge energikostnader for Longyearbyen-samfunnet, skriv dei.

Brukar industriområder

Bøckman fortel at Longyearbyen på sikt kan bli så godt som fornybar med energi frå sol og vind, dersom bakken kan fungere som varmebatteri. I periodar der naturen bidreg til for lite energi, kan òg hydrogen fungere som reserveenergikjelde og forsyningstryggleik.

Dette vil ikkje bety inngrep i nye områder, men i områder som allereie er industrialisert.
Prosjektleiar Rasmus Bøckman i Longyearbyen lokalstyre

– Eit av ankepunkta mot hydrogen som energikjelde er at utnyttingsgraden er liten. Men om ein tek vare på restvarmen frå bruken, aukar utnyttingsgraden frå 20 til 80 prosent, seier Bøckman.

På den lyse delen av året, når byen får overskott av energi frå sol og vind, kan overskottet gjerast om til hydrogen, slik at hydrogen òg kan fungere som batteri.

– Ingen ynskjer fleire installasjonar i Svalbards natur enn nødvendig. Om me er flinke på enøk, vil det kanskje holde med tre vindmøller på Gruve 7-fjellet. Det ville ikkje vera eit spesielt stort inngrep samanlikna med andre industrielle inngrep i området, seier Bøckman.

Han fortel at ein privat aktør har gjort grove simuleringar av vindtilhøva på Gruve 7-fjellet. Dei viser at det vil vera ein veldig god stad å ha vindmøller, og blir samanlikna med ein av dei beste i Noreg.

I tillegg kan det vera aktuelt å ha solceller og solfangarar på bygningar, samt i området ved geotermosen.

– Dette vil ikkje bety inngrep i nye områder, men i områder som allereie er industrialisert, seier Bøckman.

Masterprosjekt

To mastergradstudentar er knytt til Longyearbyen lokalstyres geotermos-prosjekt. Kjersti Buraas Snoen ved NTNU fortel at når hola er bora ferdig, skal ho kople til ein rigg som skal måle varmetapet i vatn frå det går ned i holet, til det er tilbake til riggen.

I tillegg skal det monterast optiske fiberkablar som nøyaktig kan måle temperaturen på ulike punkt i boreholet.

Longyearbyen kraftverk. Foto: Line Nagell Ylvisåker
Longyearbyen kraftverk. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Innan fem år skal kolkraftverket i Longyearbyen vera historie.

Om det er veldig varmt ein stad, betyr det at berget leiar varme dårleg. Om det er veldig kaldt, kan det vera at rennande vatn i området tek med seg varmen bort.

– Så vidt eg veit er ikkje riggen brukt i områder med permafrost tidlegare, så det blir spennande, seier Snoen.

Dei første responstestane skal køyrast neste veke. Bøckman fortel at dei relativt raskt vil få dei første resultata.

I tillegg er det studentar som skal rekne på dette og sette det inn i heile energisystemet. Dei skal vera ferdige til sommaren. Ein mastergradstudent skal også studere varmeleiingsemna i fjellet i laboratoriet. Målet med prosjektet er å skaffe nok med data for å seie noko om potensialet, utfordringar og kostnad.

– Resultatet frå prosjektet skal spelast inn til Olje- og energidepartementet si energiutgreiing, seier Bøckman.

Vil teste geotermi ved studentbustader

Også Store Norske jobbar med eit varmeprosjekt for Longyearbyen, noko dei har søkt Enova om støtte til. Dei ynskjer å gjere ein konseptutgreiing for å sjå om det er mogeleg å nytte jordvarme til oppvarming. Til det vil dei bore ned mot 2000 meter ned i bakken, der det kan vera opp mot 80 grader.

Det er mykje varmare i bakken ved Longyearbyen enn på fastlandet, men permafrosten gir utfordringar.

Les også:

– Me må under ingen omstende tine permafrosten. Det kan føre til søkk i bakken, og sette leire og gass i rørsle. Derfor skal me sjå på utvikling av borerøyr der det kan gå varme på innsida, for så å vera eit lag med isolasjon og aktiv kjøling på utsida, seier geolog Malte Jochmann i Store Norske.

Studien dei ynskjer å gjere, er å levere varme til det komande folkehøgskolebygget på Sjøskrenten i Longyearbyen.

– Me ser dette som eit enkelt prosjekt som kan vera døropnar for større geotermiske prosjekt. Om ein ser det er mogeleg vil kanskje interessa for industrien auke, seier geologen.

Prosjektet er avhengig av støtte frå Enova.

Jochmann har òg vore involvert i Longyearbyen lokalstyre sitt termos-prosjekt.

– Utfordringa også der er permafrosten. Om ein klarer å få til termisk lagring på Svalbard vil det vera veldig, veldig bra. Eg tenkjer ein må sjå på alle mogelegheiter. Om Store Norske får støtte til sitt geotermiske prosjekt kan det bidra også der, seier Jochmann.

Fakta:

Longyearbyen har i dag Noregs einaste kolkraftverk. Regjeringa har avgjort at dette skal fasast ut, etter planen innan fem år. Store Norskes Gruve 7 leverer i dag kol til energiverket. Styret i selskapet vedtok i februar å sette sluttdato for gruva i 2028, ettersom dei oppfattar det slik at grunnlaget for drift forsvinn når Longyearbyen sluttar å bruke kol som energikjelde.

Nøkkelord