Aps nordområdepolitikk: Ynskjer grøne Svalbard-ambisjonar velkomne

Olivia Ericson, Miljøpartiet de grønne Svalbard. Foto: MDG
Olivia Ericson representerer Miljøpartiet de grønne Svalbard. Ho saknar ein tekst som seier noko om korleis Ap skal nå måla sine på Svalbard. (Foto: MDG)

Nestleiar Olivia Ericson i Miljøpartiet de grønne Svalbard ynskjer ambisjonane til Ap velkomne, men saknar, ein tekst som seier noko om korleis måla skal nås.

«Grønn utvikling i et livskraftig familiesamfunn», er Arbeiderpartiets overskrift i kapittelet om Svalbard i forslaget til partiets nye nordområdesatsing.

Partiet ynskjer at Svalbard skal bli eit føregangssamfunn på sirkulærøkonomi og utviklast til å bli utsleppsfritt.

– Kan byggje opp dette saman

Nestleiar Olivia Ericson i Miljøpartiet de grønne Svalbard ynskjer ambisjonane velkomne.

– For at det skal gå framover her i verda, må alle over i den grøne båten. Det er kjennes veldig positivt at me kan ha same mål, og diskutere korleis me skal koma dit. Dette er noko me kan bygge opp saman, seier ho.

Det Ericson saknar, er ein tekst som seier noko om korleis Arbeiderpartiet skal nå måla sine. Ho tykkjer heller ikkje Svalbard-teksten er ny og innovativ.

– Alle er samde om at me vil ha et grønare energiverk innan 2038, det er sjølvsagt. Det som står om forsking og utdanning er heller ikkje nytt, og heller ikkje at samfunnet treng eit variert næringsliv, og fleire heilårs-arbeidsplasser, seier ho.

– Legg lista høgt

Terje Aunevik, leiar for Svalbard Næringsforeining, tykkjer det er flott at Arbeiderpartiet lagar ei nordområdemelding og at Svalbard har eit eige kapittel.

Terje Aunevik er leder for Svalbard næringsforum.
Terje Aunevik, leder i Svalbard Næringsforening. Foto: Pole Position Spitsbergen
– Det er lett å trekke opp ambisjonar i slike planar, men vanskeleg å vera konkret. Slik er det jo også her, sier Terje Aunevik. leiar for Svalbard Næringsforeining.

– Så er det alltid ei utfordring at det er lett å trekke opp ambisjonar i slike planar, men vanskeleg å vera konkret. Slik er det jo også her. Det som slår meg er at dei legg lista høgt, men korleis skal dei koma dit? spør han.

Han meiner meldinga gir eit klart signal i retning klima og miljø, men på områder som næringsliv, forsking og utdanning er det ikkje så mykje nytt.

– I 2015 gjekk Arbeiderpartiet breiare ut, mellom anna i retning av fiskeri. I denne meldinga er ikkje det nemnt med eit ord, seier han.

Ynskjer eiga sirkulær-stilling

Arild Olsen, som òg er lokalstyreleiar i Longyearbyen, har vore med i arbeidsgruppa for den nye nordområdestrategien. Han meiner det ikkje ville ha vore naturleg å legge fram konkrete forslag til korleis dei vil nå måla, og at det ville tatt for mykje plass.

Arild Olsen, leder i Longyearbyen lokalstyre og Ap-politiker. Foto Line Nagell Ylvisåker
Arild Olsen, leder i Longyearbyen lokalstyre og Ap-politiker. (Foto Line Nagell Ylvisåker).
Arild Olsen satt i arbeidsgruppa som jobba med å lage ny nordområdestrategi for Arbeiderpartiet. (Foto: Line Nagell Ylvisåker).

– Det blir et stort ansvar for oss politikarar å ta tak i strategien og koma med punkt som viser korleis me kan nå måla, korleis me skal bruka pengane for at dette kan realiserast, seier han.

Når det gjeld det ambisiøse målet om å gjera Svalbard til eit sirkulært nullutsleppsamfunn at det lokalt har vore fleire arbeidsmøter og delprosjekt på dette.

– Svalbard Arbeiderparti har ein tydeleg ambisjon om at Longyearbyen lokalstyre skal få ei stilling som kan jobba målretta med dette. Me fekk ikkje gjennomslag i første omgang, men eg gir meg ikkje med eit sverdslag, seier han.

Skil seg frå resten av nordområdet

Å putte Svalbard inn i den tradisjonelle Nordområdestrategien, var ikkje heilt enkelt.

– Retninga til Svalbard er godt skildra i Stortingsmeldinga om Svalbard. Den tek føre seg alt frå skatte- og sosialpolitikk til at Svalbard-samfunnet ikkje har som mål vekse og at tenestenivået ikkje skal auke. Det skil Svalbard frå resten av nordområda, seier han.

Les også:

Det meste av det som står om næringsliv, forsking- og utdanning i Arbeiderpartiets Svalbard-strategi er som henta ut frå stortingsmeldinga.

– Me har ingen ambisjonar om å jobbe på tvers av meldinga, heller tvert om. Me ynskjer å bidra til måla som ligg der, seier Olsen.

Trur på tverrpolitisk samarbeid

Olsen meiner det er store mogelegheiter for å få til tverrpolitisk samarbeid for å akselerere prosessen med å få på plass eit nytt og meir klimavenleg energiverk. Det same gjeld utvikling og styrking av næringsliv, forsking og utdanning.

– Korleis vil de få til det utan at byen skal veksa?

– Det er ikkje noko mål at Longyearbyen skal veksa, men det er heller ikkje forbode. Det er eit relevant spørsmål, og me har begynt å sjå på det. Det er ikkje noko problem å finne på noko å gjera på Svalbard. Me må spørja oss kva slags næringsliv me vil ha, kor stort det skal væra og kva gir det tilbake til lokal- og storsamfunnet, seier han.Lokalstyret har mellom anna jobba med Visit Svalbard og Sysselmannen for å sjå på framtidas reiseliv. Dei har sett på forskrifter og svalbardmiljøloven og rammene som styrer. Selskapa blir hardt råka av corona-situasjonen, og Olsen trur mange reiselivsbedrifter no jobbar for ei framtid med turistar som blir lenger og betalar meir.

Me har ingen ambisjonar om å jobbe på tvers av meldinga, heller tvert om.
Arild Olsen, Svalbard Ap og leder av Longyearbyen lokalstyre

– Diskusjonane om cruise og kor stort volum me skal ha, vil nok òg koma med større kraft no. Det er fult mogeleg å få til ei bærekraftig utvikling som ikkje gir eit større fotavtrykk, meiner han.

Han legg til at i strategien deira ligg det òg at ein må jobba med å forbetre løns- og arbeidsvilkår i delar av næringslivet.

– Det bør det òg vera mogeleg å byggja tverrpolitisk semd om, seier han.

Droppar fiske

Når det gjelder fiske fortel Olsen at det er eit bevisst val at dette ikkje er nemnt i strategien.

– Det er kjent at isen smeltar og det blir meir aktivitet rundt øygruppa. Kva ressursar som skal utnyttast er ein stor debatt. Det blir feil av meg som lokalpolitikar å dra opp ein slik diskusjon. Fiskeri ville utløyse ei rekkje ulike problemstillingar som at det ikkje er ei eiga Svalbard-kvote på kvit fisk, seier han.

Olsen legg til at det er veldig bra det no er lov å lande fisk til lokalt bruk, men at han meiner eit eventuelt eksportelement ligg lenger fram i tid og ikkje høyrer heime i strategien no.

Noko anna ein kan merka seg i Arbeiderpartiets Svalbard-strategi er fråveret av ordet «norsk» når den omtalar det ynskja, livskraftige familiesamfunnet.

– I et dokument som skal famne bredt, som ein skal få landsstyrets ja til, må ein gjera det kort. Om me skulle debattere norskandelen, ville det krevje mange fleire ord. Me må prøve å komprimere det me vil ha inn. Hadde eg fått ubegrensa med plass, hadde det sett annleis ut. Me veit at dette dokumentet skal gjennom Arbeiderpartiet sentralt, og då må me dra ned bodskapsnivået litt, seier Olsen.

    Arbeiderpartiets tre hovudsatsingar for Svalbard er kort samanfatta:

    1. Kraftfull satsing på klima og miljø på Svalbard: Eit føregangssamfunn for sirkulærøkonomi, på siktutslippsfritt.
    2. Forsking og utdanning: Oppbygging av utdanningsmogelegheiter og auke den norske forskings- og innovasjonsandelen på Svalbard.
    3. Styrking av etablerte næringar og utvikling av nye: Tilby stabile og attraktive heilårlege arbeidsplassar med ordna løns- og arbeidsvilkår. Syta for ein offensiv og bærekraftig utvikling gjennom satsing på eit variert næringsliv basert på øygruppas komparative fortrinn og mogelegheiter.

    Nøkkelord