Hilde og Sunniva isolerer seg eitt år til: Tilbake til hjartet i isen

Sunniva og Hilde er klare for avreise til Bamsebu.
Sunniva og Hilde er klare for avreise til Bamsebu. Etter overvintringa 2019/2020 bestemte dei seg for å ta ein sesong til med klima-kommunikasjon frå den vesle hytta. Etter planen skal dei hentast tilbake til Longyearbyen i mai. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Etter to månader med rennande vatn, varme i golva og familie rundt seg, sender corona Hilde Fålun Strøm (53) og Sunniva Sørby (59) tilbake til hytta Bamsebu.

Det er stjerneklart, nær ti minusgrader og litt vind som bølgjer vatnet inn i småbåthamna i Longyearbyen. Billyktene til Hilde Fålun Strøm sløkker på parkeringsplassen, og bilen blir slukt av polarnatta som ligg rundt øya døgnet rundt denne tida av året.

– Ha det bra då jenta mi, seier ho i telefonen medan ho går mot båten «Farm» som skal frakte ho og Sunniva Sørby tilbake til den 20 kvadratmeter store hytta Bamsebu, 78 kilometer i luftlinje sør for Longyearbyen.

Sunniva går bort til båten og lempar det siste utstyret over rekka.

– Det vil nok sprute litt på lasta her, seier Sunniva då ho ser over det fullasta dekket.

Om ti timar skal dei vera framme ved hytta, losse båten for utstyret dei treng fram til mai og sei farvel til hjelparane frå byen og Hilde sin mann Steinar. Så skal dei vinke «Farm» adjø i polarnatta, slik dei vinka det tredje overvintringsmedlemet sitt hunden Ettra farvel tidlegare på kvelden.

Varmt og lyst

Halvannan månad tidlegare gjekk Hilde Fålun Strøm med hunden Ettra ved sida av seg i det gylne oktoberlyset. Dei gjekk ned bakken frå foten av fjellet Sukkertoppen og bort til det raude spisshuset sitt i Longyearbyen. Inne er det varmt og lyst.

Hilde Fålun
Hilde svarar på epostar og planlegg ei ny overvintring på Bamsebu. I tillegg jobbar ho og Sunniva med å få ferdig eit bokmanus. Boka skulle etter planen ut på engelsk allereie denne månaden. No er lansering flytta til januar. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Hilde svarar på epostar og planlegg ei ny overvintring på Bamsebu. I tillegg jobbar ho og Sunniva med å få ferdig eit bokmanus. Boka skulle etter planen ut på engelsk allereie denne månaden. No er lansering flytta til januar.

Kaffimaskin på kjøkkenet, fjernsyn i stova, ikkje minst rennande, varmt vatn i dusjen og mannen Steinar som snart skal kome heim frå jobb.

– Akkurat no er det vanskeleg å motivere seg. Å tenke at om 14 dagar skal eg vera borte så lenge igjen, sa Hilde.

Ho hadde teke av Ettra bandasjen på den eine poten og sett seg ned i stova. Hunden hadde knekt ei klo og måtte operere. Hilde var litt uroa. Det gjekk bra med poten men siste veka i oktober, like før avreise, vart Ettra alvorleg sjuk og måtte hasteopererast.

Avreisa vart utsett fleire gonger, heilt til det vart klart at tispa ikkje ville bli frisk fort nok. Dei måtte reise utan henne. Nok ein gong vart planane til Hilde og Sunniva snudd på hovudet.

– Det må ei endring til

Etter å ha overvintra på Bamsebu frå 2019 til 2020, hadde dei tenkt å bruke denne hausten til å reise rundt i verda, halde foredrag og fortelje folk andlet til andlet at det er alvor no. At det må ei endring til for å verne naturen, klimaet og framtidige generasjonar.

Covid-19 sette ein effektiv stoppar for det. Derfor bestemte dei seg for å ta ei overvintring til.– Me såg at det var mykje meir me kunne gjere frå Bamsebu. Undervisingsplattforma me var ein del av utvikla seg til å bli meir profesjonell, og forskings- og samarbeidspartnarar heia veldig på at me skulle dra ut att, seier Hilde.

Kreftene på Svalbard som eg tidlegare hadde vore så glad i vart plutseleg veldig skumle.
Hilde Fålun Strøm

Det byrja med at Hilde Fålun Strøm kjente klimaendringane på kroppen. Då ho kom til Longyearbyen i 1995, var det lite regn og snø, det var arktisk ørken. Etter kvart vart byen grønare, varmare, nye fiskartar sumde nordover, det vart mindre is på fjorden og meir is på tundraen.

19. desember i 2015 tok eit digert snøskred elleve av nabohusa og to personar døydde. Hilde hamna midt i redningsarbeidet, tett på ein av dei hardast råka familiane.

– Kreftene på Svalbard som eg tidlegare hadde vore så glad i vart plutseleg veldig skumle. Eg relaterte det til endringar i klima og hadde veldig lyst til å bidra på ein eller annan måte, men visste ikkje heilt korleis. Eg er jo berre éin person, seier Hilde.

Året etter møtte ho norsk-kanadiske Sunniva Sørbø på ein reiselivskonferanse. Sørby hadde gått til Sydpolen på ski, kryssa Grønland og bestege høge fjell. Kjemien stemte.

Hilde hadde lenge hatt lyst til å ta eit år på fangst på ein av fangststasjonane som Sysselmannen på Svalbard leiger ut, men no byrja ho å tenke annleis?

– Me bestemte oss for å bruke ei overvintring på Bamsebu som plattform for å bidra frå felt, hjelpe forskarar med å samle data, nå ut til folk med informasjon og skape dialog, seier Hilde.

Prosjektet fekk namnet «Hjarter i isen». Då det ikkje var mogeleg å halde foredrag når overvintringa var over, bestemte dei seg får å dra tilbake til Bambsebu og dra prosjektet eitt hakk lengre.

Forståinga dei har fått for klima og endringane i naturen gjennom det knappe året sør på Spitsbergen, gjer at dei kan vera tydelegare, meir konkrete og tøffare i dialogen no.

Fyre, hogge og tine

Nå spoler me fram til 19. november då «Farm» durar inn mørkret med dei to damene. Når dei kjem til Bamsebu, vil kvardagsrutinane ta halve dagen. Å halde hytta varm, hogge ved, tine vatn, rydde, vaske og lage mat. Resten av tida går med til forsking og kommunikasjon.

Sunniva Sørby (t.v.) og Hilde Fålun Strøm har proviantert og plassert mat og utstyr i eit lager i Sjøområdet i Longyearbyen
Sunniva Sørby (t.v.) og Hilde Fålun Strøm har proviantert og plassert mat og utstyr i eit lager i Sjøområdet i Longyearbyen. Det skal holde fram til mai. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Sunniva Sørby (t.v.) og Hilde Fålun Strøm har proviantert og plassert mat og utstyr i eit lager i Sjøområdet i Longyearbyen. Det skal holde fram til mai.

Hilde treng minst søvn, vaknar først og står opp for å fyre sånn i 7-tida. På vinteren er det oftast kuldegrader i hytta når ho vaknar, så ho har boblejakke og -bukse på. Veden er kubbar av drivtømmer, og det varierer kor tørr den er. Ofte er det ei fortvila oppgåve å få veden til å fatne, og hytta blir fylt med sur røyk.

– Av og til kjennest det som om det aldri blir varmt. Det er nesten klaustrofobisk, seier Hilde.

Så står dei opp, lagar frukost og passar på at resten av maten dei har med ikkje blir øydelagt. Egga snudde dei kvar veke, akkurat slik som fangstdamene Wanny Woldstad og Helfrid Nøis gjorde. Dei heldt seg i sju månader.

Dei har tint vatn frå snø eller is til å vaske opp med og vaska seg i. Til drikkevatn nyttar dei bre-is som driv i land ved hytta, når kannene dei hadde med frå byen er gått tomme. Først må dei hogge av dei ytste to-tre centimetrane av isen ettersom den inneheld salt. Deretter høgg dei isen i mindre bitar, fraktar den til hytta og tiner den.

Før lunsj har dei aleinetid til å skriva eller kommunisera med omverda, og gjera klart for å hente inn data for ulike forskingsinstitusjonar.

Mellom anna flaug dei drone med infraraudt kamera for å måle temperatur i tundra med og utan snø, og sjø med og utan is. Drona laga ein tredimensjonal temperaturmodell som òg kan seie noko om permafrosten i bakken.

Dei tok iskjerneprøvar, prøvar av plankton og opna daude fuglar for å sjå om dei hadde plast i magen.

Gjennom den internasjonale, digitale plattforma "Exploring by the seat of your pants", møtte dei skuleklassar rundt om i verda.

Målet er å bruke Bamsebu og overvintringa i Arktis til å vise at einskildmenneske kan bidra til endring. Hilde og Sunniva er kuriositeten i ødemarka. Med seg har dei hatt klimaforskarar, og mellom andre Geir Wing Gabrielsen om plast i havet og Jon Aars på isbjørn, men berre digitalt sjølvsagt.

– Me ynskjer å engasjere, inspirere og gi folk håp. Peikefinger og pisk det verkar ikkje. Me må appellere til kjensler og skape engasjement rundt den kjærleiken me har til Arktis og Antarktis, skape forståing for at det er viktig å ta vare på. Me må snakke om kva naturen gjer for menneske, både for fysisk og psykisk helse, at me opprettheld mangfaldet i dyrelivet, at me passar på at jorda vår er mogeleg å produserte mat på, at me er bevisste forbrukarar, seier Hilde.

Ho meiner det er viktig å gi born forståing og kunnskap tidleg, for kunnskap endrar åtferd.

Å formidle dette frå Bamsebu, langt frå sivilisasjonen, kjentes riktig og autentisk og.

Digital kvardag i naturen

Overvintringar har tradisjonelt blitt rekna som fangstopphald. Menneske og natur, kopla frå mas og kjas frå sivilisasjonen. Hilde og Sunniva kan ikkje jakte kring Bamsebu, ettersom området er nasjonalpark.

Hilde Fålun Strøm og Sunniva Sørby i fangsthytta Bamsebu
Hilde Fålun Strøm has spent several months at Bjørnøya and Jan Mayen, and also two months in winter at Austfjordneset, north of Longyearbyen. Norwegian-Canadian Sunniva Sørby was the first woman to ski to the South Pole and she has also crossed Greenland, ran marathons and climbed high mountains. Photo credit Hearts in the Ice 
– Me har nytta 15 liter vatn i døgeret, har tenkt nøye gjennom kva me har teke med oss av emballasje. Alt teke med ut att. Brent papir og papp og bittelittegranne plast. Alt anna av plast, glas og metall har me teke med heim. Organisk avfall har me hatt på havet, me har brent dopapir og føler at eg aldri har levd eit reinare liv. Eg har ikkje reist. Berre vore til stades, seier Hilde.

Og dei er logga på, held folk oppdaterte via digitale føredrag, som no òg blir lagt ut på Youtube, og er aktive med nyhendebrev og på sosiale media. Solceller og vindmøller gir straum til datamaskiner og anna teknisk utstyr som dei treng.

– I og med at målsetninga med dette opphaldet var å kommunisere, var det uunngåeleg å ikkje vera logga på. Det var den einaste måten me kunne ha ei stemme frå der det skjer, i felt, i krigssona. Men nettopp sidan internettdata er så dyrt, er me også mykje kopla av, seier Hilde.

Ho håper dei denne sesongen vil få meir tid til å reise på lengre turar ut frå stasjonen. Det vart det ikkje så mykje tid til førre sesong.

– Det er ikkje er noko ved denne overvintringa, bortsett frå hytta, området og isolasjonen, som kan samanliknast med dei som har overvintra på Svalbard tidlegare. Men opphaldet har gitt meg ein veldig ro og opplevinga av det å vera ein del av naturen. Eg har fått kjensla av å vera del av noko mykje større enn meg sjølv, og at eg gjennom prosjektet bidreg til noko viktig.

Hilde og Sunniva hadde med seg kvar si bok der dei kvar dag skulle skriva noko dei var takknemlege for. Det kunne vera at det kom snø, at dei gleda seg over den siste gulrota, det magiske nordlyset, isbjørnbesøket, gåsa som byrja å få kyllingar, lydane frå isen.

– Me var så utruleg til stades. Sjølv om me hadde mange oppgåver så var me flinke til å få med oss alle variasjonane i naturen, seier Hilde.

Bjørnemøter

Uvêr kan stoppe innsamling av data for forskarane, og isbjørn kan utsette alle andre gjeremål i lang tid. Førre sesong hadde Hilde og Sunniva 53 bamsebesøk.

Hytta Bamsebu ligg på Kapp Toscana ved Van Keulenfjorden på Spitsbergen, om lag 78 kilometer i luftlinje sør for Longyearbyen
Hytta Bamsebu ligg på Kapp Toscana ved Van Keulenfjorden på Spitsbergen, om lag 78 kilometer i luftlinje sør for Longyearbyen. Hilde og Sunniva brukar om lag 10 timar på båtturen frå Longyearbyen til Bamsebu.
Hytta Bamsebu ligg på Kapp Toscana ved Van Keulenfjorden på Spitsbergen, om lag 78 kilometer i luftlinje sør for Longyearbyen. Hilde og Sunniva brukar om lag 10 timar på båtturen frå Longyearbyen til Bamsebu.

– Me hadde den største isbjørnen i området på besøk to gonger. Den veg vel rundt 600 kilo, den er så svær. Men den vil eg nesten seie ikkje er farlig, for den er så sky. Den var å lukta på Ettra ein gong, var heilt innpå ho, og ho skvatt veldig og kom med eit bjeff. Då spratt bamsen unna og løp.

Då Hilde kom ut, målte ho fotsporet til å vera 62 centimeter langt.

Hendinga som sette djupast spor i henne, var ein dag i november i fjor, like før polarnatta starta. Ho køyrde snøskuter med Sunniva bakpå. Ein lyskastar på panseret lyste opp hytta då dei nærma seg. Noko stort og kvitt sto i huken mellom boden og inngangsdøra.

Ettra var ikkje å sjå nokon stad. Ho er ikkje så glad i å vera med på snøskutertur, og denne gongen var ho att utanfor hytta.

Hilde ga gass rett mot bjørnen. Den sto og såg på henne, som forsteina. Ho byrja å slakke av for å kunne vri over og ikkje køyre på bamsen, men akkurat då kasta den seg rundt og løp ned til den islagte landkallen.

Ettra var uskadd, ho sto klemt inntil eit hjørne. Ho er ikkje nokon vakthund, men byrja å varsle isbjørn då ho var vaken.

– Men då har me ofte sett bjørnen før henne, seier Hilde.

Bjørnane som har kome på besøk stort sett vore greie å hanskast med.

– Eg trur nøkkelen har vore at me har vore flinke med mat og matavfall, så det har ikkje vore så interessant for dei å koma tilbake, seier Hilde.

Det er seks til sju stasjonære isbjørnar i området der Bamsebu ligg.

– To av dei er eg litt bekymra for. Me møtte dei med mora i vinter, og no er dei heilt sikkert jaga av henne. Det er ikkje dei beste naboane å ha. Me får berre vera veldig tydelege og flinke med matavfall, seier Hilde.

Håper på is på fjorden, ikkje på land

Førre vinter var kald og fin. Isen låg på fjorden og mars månad var den første månaden på over ni år som var kaldare enn normalen. Hilde håper ikkje denne vinteren blir prega av is på tundraen.

Fangsthytta Bamsebu
Trangt og kaldt. Fangsthytta Bamsebu har vært hjemmet til Hilde Fålun Strøm og Sunniva Sørby i nesten ni måneder.
Hilde og Sunniva har solcellepaneler og vindmøller på fangshytta Bamsebu, for å produsere straum til teknisk utstyr.

Det vil gjere det vanskelegare å dra på tur, og å vera fysisk aktiv. Og sjølv om fjorden blir heilt isfri, skal det bli tøft å få tatt prøvane dei skal med båt. Det bles fort opp, og om det er landkall ved stranda, må dei hogge ei renne i den for å få opp og ned båten dei har liggjande ved stasjonen.

I tillegg er det like mørkt på dagen som om natta fram til februar. Når dei reiser ut på fjorden har dei med overlevingsdrakt, satellittelefon, nødpeilesendar, ekstra mat og varm thermos, i tillegg til utstyr dei treng for å ta prøvar til forskarane.

I år som i fjor skal dei mellom anna ta prøver for Universitetssenteret på Svalbard. Marinbiolog Janne Søreide har vore på kaia denne torsdag kvelden med utstyret damene treng til arbeidet. Kassane står på dekket av «Farm».

På veg

Hilde og Sunniva går om bord like før midnatt. Dei håpar Ettra kviknar til i løpet av månaden, og at dei kan få transportert henne ned med båt til Bamsebu til jul. Det ville ha vore den beste julegåva. Ein ekstra samtalepartnar, turvenn og eit ekstra sett med sansar.

Båteigar Stig Henningsen får lausna trossene og «Farm» bakkar ut frå kaia. Ein lyskastar sveipar over vassflata. Karlsvogna køyrer over himmelen like over båten når den glir ut fjorden.  

– Det eg gler meg til er ein fullstendig ro, å bli heilt styrt av naturen og den audmjuke kjensla berre naturen kan gi deg. Særleg der nede så langt frå folk, så prisgitt kreftene i naturen, både isbjørn, temperatur og vêr. Eg gler meg til å vera del av ein voksande plattform som verkeleg har fått ei stemme, og som skal motivere og engasjere unge til å gjøre gode val, og vaksne til å gjøre justeringar i liva sine slik at barna våre skal ha en framtid, sa Hilde før ho tok fatt på den andre vinteren i klimaets teneste.

Bamsebu:

Vart etablert i 1930 av Ingvald Svendsen som stasjon til fangst på kvitkval.

Er Svalbards einaste bevarte kvitkvalstasjon. Den består av et «bustadhus», to mindre uthus, tre båtar på stranda samt en del annet utstyr og fangstreiskapar for ikkje å gløyme alle kvitkvalbeina på stranda. 

Er automatisk freda kulturminne.

Er den einaste private hytta i Sør-Spitsbergen Nasjonalpark. Hilde Fålun Strøm og mannen Steinar har hatt bruksrett til hytta dei siste 15 åra.

Kjelder: Norsk Polarinstitutt: Cruisehåndbok for Svalbard og Hilde Fålun Strøm

Nøkkelord