Glade for styrking av beredskapen

Luftambulansetjenesten, ambulansejetfly
I juni ba Helse- og omsorgsdepartementet dei regionale helseforetaka om å leggje til rette for eit fast stasjonert jetfly i Tromsø, og å sjå dette i samanheng med eventuell norsk bistand under EU-programmet for transport av alvorleg sjuke, smittsamme pasientar. (Foto: Luftambulansetjenesten)

Helse Nord og Universitetssykehuset Nord-Norge er nøgde med at avtalen om EU-jetfly skal styrke beredskapen i nord. Men korleis ordninga blir, er ikkje klart.

Fagdirektør i Helse Nord RHF, Geir Tollåli
Fagdirektør i Helse Nord RHF, Geir Tollåli. (Foto: Helse Nord)
Fagdirektør i Helse Nord RHF, Geir Tollåli. (Foto: Helse Nord)

– Luftambulansetenesta i Noreg vil samla sett bli styrka med dette ambulansejetflyet frå EU, og Helse Nord er nøgd med denne styrkinga. Det er Helsedirektoratet som er ansvarleg for vidare prosess, og me ventar på ein nærare plan og framdrift i saka, skriv fagdirektør i Helse Nord RHF, Geir Tollåli, til High North News.

Stortinget ba om fly

I mai 2020 ba Stortinget regjeringa syta for permanent ambulansejetfly i Tromsø. I juni ba Helse- og omsorgsdepartementet dei regionale helseforetaka om å leggje til rette for eit fast stasjonert jetfly i Tromsø, og å sjå dette i samanheng med eventuell norsk bistand under EU-programmet for transport av alvorleg sjuke, smittsamme pasientar.

6. oktober vart det klart at Noreg har inngått ein slik avtale med EU.

Bjørn Guldvog, helsedirektør. Foto: Rebecca Ravneberg/Helsedirektoratet.
Bjørn Guldvog, helsedirektør. (Foto: Rebecca Ravneberg/Helsedirektoratet).
Helsedirektør Bjørn Guldvog. (Foto: Rebecca Ravneberg).

– Me ser på korleis flyet, når det er på plass, kan supplere luftambulansetenesta i Noreg i periodar der det ikkje blir brukt til transport av høgrisikopasientar og korleis dette vil styrke vår nasjonale beredskap, sa helsedirektør Bjørn Guldvog då i ei pressemelding.

– Plassering ikkje avgjort

I dag står det eit ambulansejetfly i Oslo. EU-flyet vil koma i tillegg til dette, men vil i periodar vera butte opp til høgrisikooppdrag. High North News har spurt Helse- og omsorgsdepartementet korleis det nye EU-flyet vil sikre at Tromsø får ei permanent jetfly-ordning.

Vil flyet som i dag er stasjonert i Oslo bli flytta til Tromsø og EU-flyet få base i Oslo?

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet. Foto HOD
Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet. (Foto: HOD)
Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i HOD. (Foto: HOD).

– Det stemmer at me har bede dei regionale helseforetaka om å utgreie mogelegheita for å ha eit jetfly plassert i Tromsø, men det er for tidleg å svare på lokaliseringsspørsmålet for RescEU-flyet. Me har nyleg inngått en avtale med EU, men plasseringa er ikkje endeleg avgjort. Dette må me kome tilbake til, svarar statssekretær Anne Grethe Erlandsen.

Det er for tidleg å svare på lokaliseringsspørsmålet for RescEU-flyet.
Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet.

– Viktig for nordområda

Klinikksjef Jon Mathisen ved Universitetssykehuset Nord-Norge er tilfreds med at det er bestemt at Tromsø skal få eit permanent jetfly.

– Denne avtalen vil væra eit viktig bidrag for å styrke den norske luftambulansetenesta. Eg har tiltru til at myndigheitene jobbar for dei beste løysingane for Noreg og nordområda, seier han.

Mathisen fortel at eit permanent jetfly i Tromsø er ein lenge ynskja ressurs for å sikre helsetenestene i nordområda. Eit jetfly flyr raskare og har betre regularitet mot Svalbard enn dagens propellfly.

Propellflya er i grenseland på rekkevidde og får problem med å ha med nok drivstoff, dersom det er behov for ekstra lege, om det er motvind eller særs kaldt i høgda.

I tillegg har det betre kapasitet for å flytte personell frå Tromsø til Svalbard om det blir behov for å styrke sjukehuset der med ekstra bemanning.

Eit jetfly har også større langdistansekapasitet og kan raskare flytte pasientar frå Nord-Noreg til spesialiserte sjukehus i Sør-Noreg. Flyet vil inngå i ein nasjonal ambulansefly-flåte.

– Jetfly i Nord-Noreg har vore viktig for oss heile vegen, seier Mathisen.

Nøkkelord