Tromsø får ambulansejetfly

Luftambulansetjenesten, ambulansejetfly
I mai 2016 kom meldinga om at Luftambulansetjenesten skulle sette inn jetfly i Tromsø og Oslo. I Oslo står det no eit Cessna Citiation Latidude jetfly, men etter motstand frå Finnmark vart jetflyet i Tromsø kutta. (Foto: Luftambulansetjenesten HF).

Ein EU-avtale om ambulansejetfly skal styrke helseberedskapen i Nord-Norge med Svalbard.

Helse- og omsorgsdepartementet har vedtatt å stasjonere eit ambulansejetfly i Tromsø. Flyet går inn som eventuell norsk bistand under eit EU-program for transport av pasientar med alvorlege smittsamme sjukdommar.

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet. Foto HOD
Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet. (Foto: HOD)
Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet. (Foto HOD)

– En slik ressurs vil også bety en styrket beredskap i Norge, ved at dette jetflyet kan supplere luftambulansetjenesten i Norge i perioder der det ikke blir brukt til transport av høyrisikopasienter i EU, skriv statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet i ein epost til High North News.

Viktig for Svalbard

Svalbard-samfunnet har lenge kjempa for å få eit ambulansejetfly stasjonert i Tromsø.

– Om det først skjer noko her, er tida ein kritisk faktor. Me er heilt avhengige av å kunne transportere alvorleg sjuke pasientar til fastlandet. Ofte er det avgjerande at det skjer fort. Eit ambulansejetfly går raskare enn dei ordinære propellflya, og er noko me absolutt ynskjer oss, seier dagleg leiar Bente Brataas ved Longyearbyen sykehus til High North News.

Medan eit jetfly brukar rundt 1,5 time frå Tromsø til Svalbard, er tilsvarande tid for propellflya om lag t2 timar og 20 minuttar. I tillegg toler jetfly meir vêr og last enn propellflya.

– Me er så avhengige av at me kan stola på at det er eit ordentleg fly som kan koma fort når me treng det. Det er ein tryggleik for alle som bur og ferdast her, seier Brataas

Arktisk spesialressurs

Tidlegare avdelingsoverlege Mads Gilbert ved Universitetssykehuset Nord-Norge uttalte til Svalbardposten i januar at eit jetfly i Tromsø måtte bli ei permanent løysing for Nord-Norge. Eit slikt vil vera ein viktig del av den nasjonale beredskapsressursen og fungere som ein arktisk spesialressurs.

– Det vil gi nye mogelegheiter til raskt å kunne nå Svalbard og stamflyplassar i Nord-Noreg. I tillegg kan me raskt fly spesielle pasientgrupper til dei nasjonale sentra i Noreg. Nyfødde med store misdanningar til Rikshospitalet, brannskadde til Haukeland, transplantasjonspasientar eller pasientar som må til utlandet, sa klinikkoverlegen.

EU-midlar

I mai 2020 ba Stortinget regjeringa syta for permanent ambulansejetfly i Tromsø.I juni ba Helse- og omsorgsdepartementet dei regionale helseforetaka om å leggje til rette for eit jetfly i Tromsø, og å sjå dette i samanheng med eventuell norsk bistand under EU-programmet for transport av alvorleg sjuke smittsamme pasientar.

Om det først skjer noko her, er tida ein kritisk faktor.
Daglig leiar Bente Brataas ved Longyearbyen sykehus.

I ei pressemelding knytt til forslaget til statsbudsjett for 2021, som vart lagt fram førre veke, stadfestar regjeringa at dei har inngått ein avtale med EU om smittefly. Ifølgje pressemeldinga betyr ordninga at EU fullfinansierer ambulansejet-tilbodet i perioden 2021-2026. I første omgang dreier det seg om rundt fem millionar euro i år.

Dette skal dekke førebuingar, trening, utgifter til å skaffe fly og utgifter til medisinsk-teknisk utstyr. EU vil deretter dekke drift og ståande beredskap.

For heile perioden har avtalen ei samla ramme på om lag 60 millionar euro.

Bjørn Guldvog, helsedirektør. Foto: Rebecca Ravneberg/Helsedirektoratet.
Bjørn Guldvog, helsedirektør. (Foto: Rebecca Ravneberg/Helsedirektoratet).
Bjørn Guldvog, helsedirektør. (Foto: Rebecca Ravneberg/Helsedirektoratet).

– Me ser på korleis flyet, når det er på plass, kan supplere luftambulansetenesta i Noreg i periodar der det ikkje blir brukt til transport av høgrisikopasientar og korleis dette vil styrke vår nasjonale beredskap, seier helsedirektør Bjørn Guldvog i pressemeldinga.

– Forventar rask levering

High North News spør statssekretær Anne Grethe Erlandsen når flyet skal være på plass, korleis prosessen blir vidare, kven som skal drifte flyet, kor stor del av tida dei forventar at flyet er butte til EU-oppdrag og om flyet ellers skal stå i «normal» ambulanseflyberedskap.

Ho svarar at det er for tidlig å svare på en del av desse spørsmåla no:

– Generelt kan vi si at det naturlig at denne flyressursen legges til den totale luftambulansekapasiteten som ligger under Luftambulansetjenesten HF. Vi forventer at en slik ressurs blir etablert relativt raskt, og at flyet vil være en reell ressurs også i vår ordinære, nasjonale luftambulanseberedskap. Vi har et svært kompetent luftambulansemiljø i Norge, som også er gode på å håndtere smittevern. Dette har de vist senest i forbindelse med koronapandemien, skriv ho.

Har ikkje fått oppdrag

Øyvind Juell, luftambulansetjenesten
Øyvind Juell, administrerende direktør i Luftambulansetjenesten.
Øyvind Juell, administrerende direktør i Luftambulansetjenesten.

Administrerande direktør Øyvind Juell Luftambulansetjenesten fortel at han ikkje veit noko meir om saka enn det High North News har referert til.

– Me har enno ikkje fått noko oppdrag i den saka, seier han.

I tillegg til ambulansejetflyet i Tromsø, foreslår regjeringa å sette av 60 millionar kroner til eit permanent ambulansehelikopter i Kirkenes.

Dette er saken:

I mai 2016 kom meldinga om at Luftambulansetjenesten skulle sette inn jetfly i Tromsø og Oslo. I oktober same år vart det gjort heilomvending, då dei fire helseforetaka i Noreg skulle behandle saka om framtidige luftambulansefly.

Dei gjekk bort frå jetflyet i Tromsø, grunna motstand frå Finnmark. Fagmiljøet der meinte jetflyet ville bidra til ei dreiing av pasientstrømmen frå Hammerfest sjukehus til sjukehuset i Tromsø, sidan jetfly ikkje kan lande i Hammerfest. I tillegg fekk foretaka mindre pengar over statsbudsjettet enn dei hadde trudd.

Derfor vart det ikkje pengar til både dagfly Alta og jetfly i Tromsø.

I juni 2020 ba Stortinget regjeringa syta for permanent ambulansejetfly i Tromsø og ambulansehelikopter i Kirkenes.

Førre veke annonserte regjeringa at dei har inngått eit samarbeid med EU om eit ambulansejetfly som skal bistå pasientar med alvorleg smittsame sjukdommar. Når det ikkje blir nytta av EU, skal det kunne stå i beredskap.

Les også:

Nøkkelord