I dag er det Stortingsvalg

I dag har over 1 600 vallokale ope over heile landet. Opningstider og informasjon om kvar ein finn dei ulike vallokala, er tilgjengeleg på www.valglokaler.no. Dei siste vallokala stengjer klokka 21.00, men mange lokale stengjer før dette, melder Valgdirektoratet.

Den første teljinga av stemmesetlar skjer i alle vallokala så snart desse stengjast på valdagen. Teljinga blir gjennomført for hand. Det blir talt kor mange stemmer kvart parti har fått. Deretter skal det skje ei andre teljing av stemmesetlane sentralt i kommunen.

Valdirektoratet rapporterer dei første resultata klokka 21.00 på www.valgresultat.no. Det vil vere dei hittil talte førehandsstemmene frå kommunane som blir publiserte kokka 21.00. Utover valkvelden blir resultata oppdaterte etter kvart som kommunane gjennomfører første teljing i vallokala. 

Etter kommunen er ferdig med si teljing, overtar valdistrikta valmateriellet. Overleveringa skjer hovudsakeleg på onsdag. Deretter skal valdistrikta kontrolltelje, noko som kan vara utover heile veka. 

Det er først når alle valdistrikta er ferdig med si kontrollteljing av alle kommunanes teljingar, at Valdirektoratet kan stadfeste fordelinga av utjamningsmandata, melder direktoratet.

LES OGSÅ: Stortingsvalget 2025: Valget hvor halve Norge ble oversett og glemt