Her står Stortinget fast i grøfta i Nikel – skulle sjå på miljøproblema

Komiteens medlemer måtte alle ut og hjelpe bussen opp på vegen igjen etter å ha hamna i grøfta utanfor Nikel-verket i Russland. Komiténestleiar Nils T. Bjørke nærast kamera. Foto: Thomas Dam, Stortinget

Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité køyrde seg fast utanfor Nikel-verket i Russland på reise for å sjå miljøforureininga på nært hald. – Gjennom tverrpolitisk samarbeid kom me oss laus, seier Nils T. Bjørke frå Senterpartiet.

Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité skulle ta i augesyn det sterkt forureinande Nikel-verket få kilometer frå grensa til Noreg då det gjekk galt: Bussen komitéen sat i kom for langt ut på ein kant og køyrde seg fast.

For å kome seg opp att måtte komiteens medlemer ut og bidra i den klassiske øvinga skubb bussen.

– Dette var heilt udramatisk. Sjåføren var litt snar då han skulle snu bussen og det eine hjulet sokk nedi utfor kanten. Då me ikkje kom oss laus igjen måtte me hjelpe til med skubbing, seier Nils T. Bjørke, nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Les også: Skal markere partisanenes mørke historie. Ingen fra regjeringen kan delta

Nikel-verket i Russland, få kilometer frå grensa til Noreg, slepp ut store mengder farlege miljøgifter. Foto: Amund Trellevik

Har jobba med utsleppa i 30 år

Han understrekar at det var eit tverrpolitisk prosjekt som gjorde at bussen til slutt kom seg laus. Alle komiteens partifargar, inkludert sekretærane, måtte brette opp ermene og gjere eit godt stykke arbeid for å løyse problemet.

– Det at Stortinget køyrer seg fast utanfor Nikel-verket – er det eit godt bilete på kor vanskeleg denne saken er for norske styresmakter?

– Det kan vere det, men det kan også vere eit bilete på at det er gjennom praktisk samarbeid at me kjem vidare. Det er viktig å finne ein balanse mellom det å vere ein sterk pådrivar for endring, men også ha ei vilje til samarbeid, seier Bjørke.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen avsluttar i dag onsdag eit tredagars besøk til Sør-Varanger for å sjå nærare på det grenseoverskridande miljøsamarbeidet mellom Russland og Noreg.

Smelteverket i Nikel, få kilometer frå grensa til Noreg, har i fleire tiår vore ei vanskeleg sak for norske styresmakter. Politisk har ein tidlegare forsøkt å få på plass løysingar for å redusere utslepp av farlege miljøgifter, som svoveldioksid og tungmetall.

Men både dialog overfor russiske styresmakter og selskapet som eig smelteverket har berre delvis gitt resultat. Utsleppa av miljøgifter har gått ned dei siste åra, men framleis overskrid dei totale utsleppa frå Nikel-verket både norsk og russisk forureiningslov.

Seinast i april sa Sergej Ivanov, den russiske presidentens spesialrådgjevar på miljøspørsmål, transport og økologi at miljøproblema knytt til Nikel-verket var ikkje-eksisterande.

Ulike måtar å måle utslepp

Den norske riksrevisoren har sett nærare på det felles norsk-russiske miljøarbeidet i regionen. Noko av det som har vore tatt opp, og som kontroll- og konstitusjonskomiteen ville sjå nærare på, er dei ulike oppfatningane på norsk og russisk side om korleis ein måler utsleppa.

– Me i kontrollkomiteen har hatt denne saka oppe til handsaming. For oss er det viktig å sjå nærare på dei funna som er gjort i rapporten og måle dette opp mot korleis dette ser ut i røynda. Så langt ser det ut som at rapporten er ganske lik slik folk opplever dette lokalt, seier Bjørke, som er saksordførar i saken.

– Kva tenkjer du om det du såg av miljøforureining i Nikel?

– Det er sett i gang tiltak, men det er ein del att. Det som er viktig er at russisk side tar dette på alvor og får ned utsleppa. Samstundes verkar det som at ein har eit positivt samarbeid om miljøovervaking og i nasjonalparken, som går gjennom tre land (Russland, Finland, Noreg, red. anm.).

Bjørke opplyser at også representantar frå NorNickel-konsernet, som eig Nikel-verket, var til stades under komiteens reise til Nikel i går.

– Smelteverket held seg til det russiske regelverket. Men eg har inntrykk av at selskapet tar dette å alvor og me fekk også presentert planar om korleis utsleppa skal vidare ned. Selskapet slit i dag med å kome ned på russiske grenseverdiar for kva som er lovleg å sleppe ut.

– I 30 år har norske styresmakter forsøkt å få til ei løysing slik at utsleppa frå Nikel-verket forsvinn. Korleis vurderer du det arbeidet som er gjort og som skal gjerast i denne saken framover?

– Måten å få dette til på er gjennom samarbeid. Det er ulike syn i ei slik sak. Me må nok forvente at dette tar tid. Det er eit stort engasjement frå norsk side og det beste er å utvikle dette vidare.

– Kva tankar gjer du deg om korleis naturen ser ut rundt Nikel-verket?

– Det er ingen tvil om at naturen er tydeleg påverka av utsleppa frå verket. Dette er ei kjent utfordring som det er viktig å ta fatt i, seier Bjørke.

Byen Nikel noen kilometer fra grensen til Norge har fått navn etter de store forekomstene av nikkel. Foto: Amund Trellevik