Forskar på fiskemottak på Svalbard: – Reiser mange spørsmål på ulike nivå

Andreas Østhagen og Geir Hønneland under Arctic Connections i Roma i 2019. (Foto: Trine Jonassen, High North News)
Geir Hønneland ved Nordområdesenteret (NOS) og Fridtjof Nansen institutt (FNI) leiar forskingsprosjektet "Svalfish" som tek føre seg mogelegheitene og utfordringane knytt til fiskeri og oppretting av fiskemottak på Svalbard. Med seg på laget har han seniorforsker Andreas Østhagen, også fra NOS og FNI. Her foreviget på konferansen "Arctic Connections" i Roma i 2019. (Foto: Trine Jonassen, High North News)

Ei forskargruppe vurderer mogelegheitene og utfordringane knytt til fiskemottak på Svalbard. Her spelar òg utanrikspolitikken inn.

– Dette er utruleg spennande fagleg for oss, for sjølv ein potensielt liten ting som eit fiskemottak, reiser så mange politiske spørsmål på ulike nivå, seier Geir Hønneland.

Han leiar forskingsprosjektet Svalfish som tek føre seg mogelegheitene og utfordringane knytt til fiskeri og oppretting av fiskemottak på Svalbard.

Installation place Rev 1. Barentsburg havn. Fiskemottak. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Barentsburg havn og stedet for det planlagte fiskemottaket på Svalbard. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)
Slik ser Arctic Resource Norge AS for seg at fiskemottaket i Barentsburg kan plasseres. (Ill: Arctic Resource Norge)

Tidlegare har High North News skrive at russiskeigde Arctic Resource Norge AS ynskjer å etablere fiske og/eller krabbemottak i Barentsburg. Dei jobbar no med å få endra arealplanen i den russiske busettinga, og å laga ein plan for konsekvensutgreiing.

– Planer om fiskemottak i Barentsburg er noko som har kome opp med jamne mellomrom dei siste 20-30 åra, men det har aldri blitt noko av det, seier professor Geir Hønneland ved Nordområdesenteret, Nord universitet. Han legg til at det ikkje nødvendigvis betyr at det ikkje blir noko av denne gongen.

Utanrikspolitikk

Ei av utfordringane knytt til etablering av fiskemottak på Svalbard er utanrikspolitikken. Svalbardtraktaten seier at selskap frå alle signaturmakter kan drive næringsverksemd på Svalbard på lik line.

– Offisielt vil nok norske styresmakter seie at dei ynskjer velkommen den aktiviteten som er naturleg Svalbard, men det er nok slik at Noreg helst ser at det ikkje blir etablert meir utanlandsk næringsliv enn naudsynt på øygruppa, seier Hønneland.

Professoren legg til at dette også er tema i Longyearbyen, der den prosentvise andelen utlendingar aukar.

Les også:

Leverer rett til Europa

Når det gjeld mottaket i Barentsburg peiker Hønneland òg på at ein føresetnad er at fiskebåtar og reiarlag faktisk ynskjer å levere i Barentsburg. Fiskeflåten er ikkje under instruks verken frå russiske myndigheiter eller næringslivet på Svalbard.

I dag har den russiske fiskeflåten godt innarbeidde leveringsvegar med transportskip til sjøs som leverer fisken rett til den europeiske marknaden. Trass mange insentiv frå russiske myndigheiter for at fisk skal leverast i Russland, vel dei fleste å levere i utlandet.

Kartlegg Longyearbyen

Svalfish-prosjektet starta under Fridtjof Nansen Institutt i januar i år, for å sjå på mogelegheitene for fiskemottak på Svalbard, hovudsakeleg i Longyearbyen. Prosjektet skal vare til 2022. Forskinga er tredelt.

Det første er å sjå på ressursgrunnlaget, kvar fisken er og kor mykje som eigentleg blir fiska i Svalbard-sona. På bakgrunn av det kan forskarane sjå kven som er interesserte i fiskemottak og kvifor. Det er framleis uklart om det vil vera økonomisk bærekraftig. Vidare skal forskarane sjå på regelverket, kva som skal til for å få lov til å bygge og drive eit mottak.

Det er nok slik at Noreg helst ser at det ikkje blir etablert meir utanlandsk næringsliv enn naudsynt på øygruppa.
Geir Hønneland, FNI og NOS

Komplekst bilete

Seniorforskar Andreas Østhagen frå Fridtjof Nansen Institutt og Nordområdesenteret er også med på prosjektet. Han var Longyearbyen tidlegare i haust.

– Me ser òg på kva Longyearbyen som samfunn er tent med. Kvifor ønsker ein eit mottak eller kvifor ynskjer ein det ikkje. Men me har ikkje konkludert enda, seier Østhagen.

Biletet er komplekst, og ikkje alle han har snakka med meiner mottak er vegen å gå.

– Kanskje det ikkje vil bli snakk om storskala mottak for eksport, men småskala for bruk lokalt eventuelt produksjon av spesialprodukt av det som kan seljast på turistbutikkar. Dette prøver me å kartlegge no, seier Østhagen.

Fiskeri som brekkstang

Det siste spørsmålet er kva norske styresmakter er tent med. Forskarane nyttar fiskeri som brekkstang for å sjå kva som skal vera funksjonen til Svalbard og Longyearbyen.

– Det er ikkje sikkert styresmaktene ynskjer det skal bu fleire i Longyearbyen enn i dag. Om det blir fleire, kjem det opp ei rekke spørsmål knytt til velferdstilbod, skattepolitikk og befolkningssamansetning. Alt dette heng saman med Svalbards rolle i internasjonal politikk, seier Østhagen.

Problemstillingar kring fiskevernsoner og norsk sokkel kan òg bli aktuelle.

– Svalbard er midt i smørauget i eit område som har blitt meir geopolitisk spent dei siste ti åra, og som truleg held fram med å vera det, seier seniorforskaren.

– Kva då når eit selskap i Barentsburg går i bresjen å etablere mottak?

– At Barentsburg ligg framfor Longyearbyen er kanskje med på å understreke sensitiviteten. Det står nok ikkje øvst på lista til norske myndigheiter å auke den russiske befolkninga på Svalbard. Det blir spanande å sjå om dei kjem nokon veg, svarar Østhagen.

Tags