Skipsfarten over Nordpolen ny favoritt

Det trengs strenge reglar for skipsfarten i Arktis, skriv to forskarer i Bergen.

Fleire og fleire reiarlag vel vegen om dei sårbare nordområda i staden for den dyre Suezkanalen. Det hastar med å regulere skipsfarten for å verne det arktiske miljøet, skriv Knut Einar Skodvin og Ernst Nordtveit ved Universitetet i Bergen i ein kronikk i Bergens Tidende:

Skipsfart gjennom Arktis er særleg aktuelt etter tre ruter:

  • Over toppen-ruta. 
     
  • Nordvestpassasjen. 
     
  • Den Nordlege Sjøruta. 

Gjennom Den internasjonale maritime sjøfartsorganisasjonen (IMO) og stor norsk innsats arbeider ein no med å få på plass ei bindande polarkode. Då får vi reglar om bemanning, konstruksjon og utstyr på skip som skal nytte farvatna. Slik vil vi sikre både miljø og mannskap. Semje er enno ikkje nådd, og vi må utvikle reglane etter kvart som vi vinn ny kunnskap om Arktis og miljøutfordringane i det høge nord.

Tags