Unike klimadata frå Polhavet redda etter kamp mot klokka
For første gong på 25 år skal forskarane få heilt nye svar om temperaturen i Polhavet. Men det var så vidt dei rakk å hente opp måleutstyret frå havet før isen ville gjort det umogleg, skriver NRK.
I fjor blei det utplassert riggar med måleinstrument i havet nord for Svalbard og nord for Alaska. Riggane gjekk 4000 meter ned, heilt til botnen av Polhavet.
Den norske kystvakta har no fullført ein heilt spesiell «redningsaksjon» i Beauforthavet i ein kamp mot klokka, kulden og isen. Det blei brukt både skredsøkjar og akustisk posisjonering for å finne toppen på riggen. Til slutt ble den funnet av en dykker.
Mellom desse riggane er det i nesten eit heilt år sendt lydsignal gjennom vatnet. Lyden går fortare i varmt enn i kaldt vatn. På den måten kan lyden avsløre havtemperaturen.