«Når kjem snøen?»

Og når startar eigentleg vinteren? Det næraste vi kan komme eit svar, finn vi i statistikken.

Når det lir mot vinter får meteorologane stadig høyre spørsmålet: «når kjem den første snøen?» Svaret på dette varierer sjølvsagt stort frå år til år, om du oppheld deg nord eller sør i landet, eller om du befinn deg i låglandet eller i fjellet.

Det skriver statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid hos Yr.no.  Han fortsetter: Døgnmiddeltemperaturen blir ofte brukt til å definere når vinteren begynner. Når denne fell under 0 grader, kan vi med god grunn kalle det vinter.

Ofte heng denne temperaturen saman med når det første snøfallet kjem. Det er fordi at om det første snøfallet skal bli liggande på bakken, bør døgntemperaturen ligge under 0  grader. Det er svært sjeldan at første snøfall blir liggande over tid om dette kravet ikkje er oppfylt.