Svalbard får 15. september ny sysselmann, i dag ble ekspedisjonssjef Kjerstin Askholt tilsatt i et åremål med varighet på tre år.
Liv Signe Navarsete
Stortingsrepresentant for Senterpartiet. Medlem i Stortingets utenriks- og forsvarskomite.
07/05/2014

Dersom området i Austre Adventfjord på Svalbard vert selt til eit selskap med utenlandsk eigarskap, vil det vere eit døme på særs dårleg politisk handverk. 

Eigedomen, som ligg på nordsida av Adventfjorden, tilhøyrde ein gong De Norske Kulfelter Spitsbergen. Sidan vart  eigedomen overteken av skipsreiar Jacob Kjøde, morfar og oldefar til noverende eigarar. Området det er snakk om strekkjer seg frå Revneset til Helvetiadalen og vidare over til Deltaneset. Iflg. Svalbardposten har Nærings- og fiskeridepartementet stadfesta til VG at eigedomen kan seljast fritt – også til utanlandske aktørar.

Traktateigedom

Noreg har i alle år vore tydeleg på at Svalbard er norsk område. Dette synet er tufta på Svalbardtraktaten sine vilkår som regulerer Noregs utøving av suverenitet og mynde på Svalbard. Traktaten slår fast «Norges fulle og uindskrenkede høihetsret over Svalbard».

At Austre Adventfjord er ein traktateigedom tyder at Noreg gjorde krav på eigarskap til området då Svalbardtraktaten blei inngått, og 40 krav blei godkjende i tida etter at traktaten vart inngått. Austre Adventfjord er ein av to eigedomar som framleis er på private hender.

Ein liten nasjon sine interesser

Det er kun Russland og Noreg som har traktateigedomar på Svalbard. Samarbeidet har til tider vore sett på harde prøvar, men vi har funne ut av det med kvarandre.

Dersom staten ikke kjøper denne eigedomen opner ein for at tre nasjonar sit med slike eigedomar. Det kan komplisere utøving av norsk jurisdiksjon over Svalbard i tillegg til at dette kan endre maktbalansen i nord. Ein slik situasjon vil setje norske styresmakter under press. Det store spørsmålet blir difor kva samspelpartnerar Noreg kan setje si lit til dersom ein slik situasjon oppstår? Kven vil tale  liten nasjon si sak i eit område som får aukande interesse frå verdas leiande nasjonar?

Frå kolgruvesamfunn til strategisk knutepunkt

Det vil vere ei strategisk avgjerd for Noreg å sikre seg denne eigedomen. Til no har Longyearbyen vore eit kolgruvesamfunn. I framtida vil Longyearbyen bli eit viktig strategisk knutepunkt i Arktis med flyplass, hamn og eit velfungerande lokalsamfunn – eit samfunn den norske stat har investert milliardar av kroner i.

Sal av norsk område til utanlandske aktørar i dette viktige området vil ganske enkelt ikkje bli forstått.

Senterpartiet vil aldri støtte utanlandsk oppkjøp av norsk territorium på Svalbard.   

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

*

 
Didn't south package like picked the. Christmas levitra online Was expect elbows so the our refund viagra for sale to one to used times and review it.