Fishy business

Nord-Norge har alle forutsetninger for å bli landets nye vekstmotor. Foto: Linda Storholm
LESERINNLEGG: Tveteråsutvalet føreslår endringar i fiskeripolitikken, men kan me ta føreslaga deira for god fisk?

Tveteråsutvalet føreslår endringar i fiskeripolitikken, men kan me ta føreslaga deira for god fisk?

Norsk fiskeridebatt vakna for alvor til live etter Sjømatindustriutvalet (Tveteråsutvalet) leverte rapporten “Sjømatindustrien — Utredning av sjømatindustriens rammevilkår”. Forfattarane er klokkeklare: tida for lokal hausting og foredling av fisken er ute. Det er dårleg nytt for rekruttering til næringa og ei miljøvennleg forvaltning av fisken.

At ein kan styre kvardagen og arbeidet sjølv, og produsere kvalitetsmat det er stor etterspurnad etter, gjer at fiskaryrket har eit godt utgangspunkt for å vere attraktivt for mange unge. Men i dag blir det stadig færre fiskarar i Norge, og gjennomsnittsalderen går opp. Det vil seie: forgubbinga skjer på alle båtar, unntatt dei minste. I den minste kystflåten, som vil seie båtar under 11 meter, er det stor pågang av unge som etablerer seg med eigen båt.

Grunnen? Dei treng ikkje kjøpe dyr kvote som på større båtar. På dei større båtane er det nemleg tillatt å strukturere – det vil seie å kjøpe opp kvotene til andre fiskarar og slå dei saman på båten sin. Det betyr fleire kvoter per båt, men også færre fiskarar.

Dei minste båtane er altså ein kjempeviktig rekrutteringsarena for unge fiskar-spirer, men den står i fare med Tveteråsutvalets politikk. Utvalet vil ha friere omsetning av kvoter, og fjerne dagens tak på kor mange kvoter ein kan kjøpe. Det dette vil føre til er det ein har sett på dei store båtane: kvotene vil gå til dei med størst betalingsvilje. Prisen på fartøy på som har samla mange kvoter i dag er så høg at ingen unge har råd til å kjøpe dei. Dei har ikkje eigenkapitalen til å finansiere kvotekjøp, og ingen vil gjere seg sjølv til gjeldsslaver for å kome inn i næringa.

Sjømatindustriutvalet sin politikk samle fiskekvotene på dei største, mest forureinande båtane. Dei små kystbåtane er i dag dei mest klimavennlege måten å fiske på, med eit utslepp som er 4-5 gonger så lågt per fangst samanlikna med dei store havgåande trålarane. Viss store båtar kan kjøpe opp kvotene til dei mindre båtane, vil det gi oss eit meir klimafiendtleg fiske.

Fiskerinæringa står i dag for nesten like store utslepp som all innanriks flytrafikk, av dette står dei store havgåande båtane for ein stor del. Stortinget har vedtatt at norske utslepp skal kuttast med 40 % innan 2030, og at utsleppa skal ned i alle sektorar i samfunnet. Å legge om fisket til å føregå på færre, større båtar som slepp ut meir CO2 per fangst er i strid med målet om å kutte utsleppa.

Kystbåtane er også meir skånsame mot fiskebestandane. Dei bruker passive reiskapar, som juksa, line og garn, som er spesialisert på å fange gytemoden fisk i rett storleik. Havfiskeflåten bruker aktive reiskapar som trål, som til samanlikning fangar meir småfisk. Viss fisket blir lagt om til å føregå på større båtar med aktive reiskapar, vil dette gi større fangst av småfisk, og fiskebestandane vil bli mindre.

Til hausten skal Stortinget utforme ny fiskeripolitikk på bakgrunn av Tveteråsutvalets rapport. Natur og Ungdom meiner fiskeripolitikken må basere seg på rettferdigheit mellom generasjonar. Det inneber å sikre fiskebestandane så me kan hauste av eit berekraftig overskot, samt å redusere utsleppa. Me må også sikre at ungdom fortsett har gode moglegheiter for å hauste av dei rike fiskeressursane våre, og skape fornybare, klimavennlege arbeidsplassar langs heile kysten vår.

Tveteråsutvalet gir oss derimot ein politikk som fell i fisk - den vil være for dei få aktørane, med mest ressursar, og ikkje ungdom langs kysten. Stortinget må heller satse på den lokale kystflåten som er vinnaren både for ungdommen og miljøet!

 

Nøkkelord